Jump to content

Hyttetur i Klebersdalen


Berglid

Recommended Posts

Rypejakt med base i Klebersdals hytta

Hadde to dager fri denne veka, torsdag og fredag. Det samme hadde ein kompis. Så vi fant ut att vi skulle reise til fjells på hytta og prøve oss på rypejakt med rifle desse dagane. For att vi skulle få nokk tid til og jakte bestemte vi oss for att vi skulle begynde og gå opp rett etter att eg var ferdig på jobb.

 

Kl 22.00 var vi klare til avmarsj, planen var og bli køyrt eit lite stykke opp ein traktorveg for deretter og gå over fjellet i mørket, sidan det var blitt seint. Men pågrunn av kulda, ned mot 17-18 minus grader ville ikkje traktoren starte. Vi hoppa da i bilen og blei køyrt rundt fjellet for og gå innover dalen der. Istaden for rundt en times marsj blei det no nærmare tre timar i kulda i mørket. Puddersnø var det nukk av, og den var så laus att både stavar og ski sank til vi traff bakken.

 

Vi kom fram til hytta rundt 01 på natta. No var det å begynde og fyre i peisen, de tok si tid før vi fikk skikkelig fyr i ovnen. Inne i hytta var det 13 minusgrader om eg huskar riktig. Etter nokre timar fyring måtte vi nesten legge oss. Det blei ikkje varmare enn 6 grader denne natta, altså 6 minus grader.

 

Flott hytte i Klebersdalen, open for alle.

normal_framme_me_hytta.jpg

 

Vi vokna til ei piss lunka hytte på rundt 9 minusgrader. No måtte vi hive oss rundt og komme oss på fjellet etter rypa, vatn blei kokt og real turmat blei inntatt til frukost. Vi hadde ikkje meir enn 4 timar med sol og kansje 5 timar totalt med lys denne dagen. Vi kom oss oppover fjellet. Det var mykje rypespor og sjå rundt kratta i fjellsida. Vi såg også ein god del harespor, mårspor og nokre revespor.

 

Her er det skilta litt i ulike retningar, fjellet rett oppfra skiltet er ein ganske sikker plass og jakte ryper og var der vi gjekk.

normal_skilt.jpg

 

Stort sett var det Øystein som brøyta veg, men no fekk Øystein gå bakerst i løypa.

normal_fint_veir.jpg

 

Det var ganske kaldt, og en lei vind, så ansiktsmaske var greit og ha, utover dagen la det seg is på denne og eg var fortsatt like varm eller kald i ansiktet.

normal_kaldt.jpg

 

Utsikt fra toppen av Holmøyskarsegga. Hytta ligger nedi dalen og kan ikkje sjåast.

normal_utsikt_fra_toppen.jpg

 

Øystein rett før toppen.

normal_tiltopps.jpg

 

Planen var og jakte denne fjellkjeda til ende og tilbake, her sitter det normalt mykje ryper. Men pågrunn av mørket rakk vi berre ein liten del før vi måtte gje oss.

normal_fjellrekka.jpg

 

Men denne dagen såg vi ingen ryper så vi måtte nøye oss med 15 poeng i fjelltrimmen istaden. Pågrunn av lite lys og langt og gå rakk ikkje vi og sjå over heile fjellkjeden men måtte nøye oss med eit fjell.

No var det og komme oss tilbake til hytta og fyre i ovnen. Vi hadde ikkje med temperaturmåleren oppå fjellet, men vi fikk ei melding heimafra, der dei lurte på om vi fraus, det var -20 grader heime.

 

Vi kom oss tilbake til hytta, fyrte i ovnen, laga mat, skreiv litt i hytteboka og åt sjokolade. Etter sju timar intensiv fyring enda vi på to pluss grader i hytta. Varmare ville det ikkje bli. Dårlig isolasjon og ruter gjorde nokk sitt til att det blei så kaldt.

 

normal_vedovvn.jpg

 

normal_hyttekos.jpg

 

I dag brukte vi dagen på og lokke litt etter rev, sanke ved til hytta, Fyre og slappe av. Det kom ikkje rev på plassen vi lokka, så eg skaut heller nokre istappar som hang oppi ein hammar 647 meter vekke. Tok ein sjangs og ratta opp ca 65-70 klikk på nightforcen og skaut, høgda var jaggu rett men tok ikkje med spinnavdrift eller vindavdrift så eg traff ca 20cm til høgre for der eg sikta. På dei andre skota holdt eg i siktet.

 

Tok desse bilda når vi gav oss med lokkinga

normal_lokking.jpg

 

Skistavar fungerar supert til støtte til rifla

normal_lokking1.jpg

 

Remington 700LTR .308win, Mcmillan HTG stokk, Nightforce 3.5-15x56

normal_rifla_lokk.jpg

 

Når vi var ferdig og skyte istappar drog vi bortatt til hytta og rydda og vaska etter oss, la igjen litt sjokolade og kjekspakkar til neste som kom til hytta.

 

Tok oss litt over ein time nedatt gjennom Slettene til bilvegen der vi blei plukka oppatt.

 

Alt i alt ein fin tur sjølv om vi ikkje såg noko vilt. Vurderer og gå oppatt og sette ut mårfeller i måråkveld, iallefall i Slettene der det var mest spor. Rypejakta tek vi att seinare i vinter, men då blir det nokk telt på toppen av fjellet så vi rekk og jakte med så lite lys.

 

Alle bilda er foresten tatt med mobiltelefon.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...