Jump to content

DanielV

Members
  • Posts

    83
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by DanielV

  1. Kan det vere du har ein eldre modell?

    Kjøpte Hogna akkurat pga over snittet lufting. Syns den er brukbar, fornøgd med lommer og lufting. Meget fornøgd med stramming mot sko, sit som faen. Men har ikkje brukt den nok til å gi ein fullstendig rapport.

  2. Jaktar på ei lita øy der vi har hatt hytte sidan tidleg nittital. Det som for oss i slekta gir meining, er for gjestar ein del verre: Larsgarden, bøen til Jon, huset til Leif osv, alle namn på folk som har tatt på tredressen for lenge sidan. I tillegg har vi omdefinert kompasset for å passe terrenget, så nordaust = nord, sjølvsagt gløymer vi å nevne dette til nye gjestar. 

  3. Har ein Sabatti i 20/76 og 7x57R, veldig nøgd med den etter to helger. To avtrekk med hagle på fremste, syns det er greiast med tanke på raske fluktskudd. Har brukt den til rådyr og rype så langt, trur den skal få ein god del bruk!

    • Like 1
  4. Opplevde at oppskytinga samla lavt til høgre, til tross for at rifla var nyinnskutt i senter. Forhørte meg litt, og fekk fleire forslag. Alt frå dårleg sittestilling til for billig kikert. 

     

    Veka etter kom eg i snakk med ein kar som hadde skutt på papp etter å ha skutt inn elektronisk på same bane. Han hadde ganske stort avvik, og meinte dette kunne forklare oppskytinga mi.

     

    Oppskytinga var innafor, så den er ikkje så relevant lengre. Men kva med presisjonen til alle som skyter inn på bana? Er det vanleg med store avvik på elektroniske skiver, eller er det feil på bana? Eller er det feil av meg å gå ut frå at eg kan ta ei elektronisk innskyting for god fisk?

×
×
  • Create New...