Jump to content

DanielV

Members
  • Posts

    83
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by DanielV

  1. Sat i ein halvtime på eit anonymt politikontor med ein kølapp i neven og ein kar på andre sida av ruta som sat og trykte på ein PC. Etter å ha sett på han i ein halvtime banka eg på ruta og spurde om eg hadde havna i ei ubetjent kø. Heilt ublu, utan å tenke på at eg hadde stirra på han ei god stund, svarte han berre kort at neida, han jobba med den køa, han hadde berre vore ute ei stund. Brått gjekk det unna i køa! Skulle gjerne tatt ein jobb på våpenkontoret, med arbeidstid 1215 til 1400 tre dagar i veka. Lurer av og til på om det er same tida dei brukar på å behandle søknader, kanskje ikkje rart det går 11 veker...

  2. 18 timer siden, bbdg skrev:

    Er det gratisutgaven du bruker og kan du legge inn på pc og bruke på tlf?

    Eg har proversjonen, fekk ein god pris grunna NJFF-medlemskap. Det er kanskje slik framleis? 

     

    17 timer siden, slemmo skrev:

    du legger ikke inn noe på pc, det er en nettside: https://www.wehuntapp.com/

     

    Jo, eg legger inn på PC. Men er det eigentleg relevant kva verktøy eg brukar?

  3. Har brukt det litt utan hund, fungerer fint for å halde oversikt over jaktlaget og finne fram til postar osv. Fint å kunne lage til terreng på PC. Skulle likt å sett eit grensesnitt på smartklokke, litt bale å måtte fram med mobilen.

  4. Hadde problem i minusgrader ein gang, då var problemet for mykje olje trur eg. No er det rimeleg tørt baki der, har ikkje hatt problem etterpå...

     

    Kan og vere for lite rekyl i baneammo, er jo mulig å bytte fjærene på inertiablokka med tilsvarandr for mindre kaliber har eg hørt.

  5. Eg kjøpte Helle Odel til madammen, syns kniv er ei flott gåve. Denne har eit ganske slankt skaft som passar til små hender, utan at den vert for spinkel for meg.

  6. 4 timer siden, strebern skrev:

    Har en T3 supervarmint 6.5x55 i KKC-stokk.

     

    Sliter tidvis med at bolten i bakerste posisjon ikke kommer langt nok bak til å få med seg ei hylse fram igjen. Det skjer ikke ofte, men leit med fikling.

     

    Noen jungeltriks folk vil dele? 

    Har same problem på min 695. Lurer på å fjerne litt materiale frå kolbekammen.

×
×
  • Create New...