Jump to content

Hallvor

Members
  • Posts

    43
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Hallvor

  1. Ja. Det er uansett artig at ein såpass viktig fyr tek seg tid til å svare på spørsmåla til vanlege kundar om gamle våpen.
  2. Eg fekk svar frå Baikal i dag:
  3. Artig at du skulle nemne det, for før eg såg svaret ditt skreiv eg ein veldig høfleg e-post til fabrikken (baikalinc.ru) på engelsk, så får vi sjå. Eg skal halde tråden oppdatert viss eg høyrer noko.
  4. Ein kan vel heller ikkje vere for skråsikker på at det er same serienummersystemet på hagler og pistolar.
  5. Takk for lenka! "Separat år opphørte å gjelde i 1966, for å markere et år da vanlige bokstaver ble innført. Skiltene AB0000 Skriv den første bokstaven angir år, den andre - serien, tallene - pistolen rommet. Senere del av tegnstrengen har blitt redusert til en bokstav, som begynte å bli kryptert gang i året, og en rekke rifler. Disse brevene skiftes hvert år, og ikke bare for modellen som helhet, men for hver endring, er tilfellet for IL-27, IL-27E og IL-27E-1C samme bokstav står for helt forskjellige utgivelses år. I 1986, et nytt år og markerer tallene er innført - bokstavene forsvant, slik at bare de tallene som har sine egne prosedyrer. Av disse er de to første sifrene tilsvarer de siste tallene, "produksjonsåret og testing." Google translate-russisk er ikkje det enklaste å forstå, men det er slik at 1966 gir bokstaven A i serienummeret, og at bokstaven K skal vere 1977? Kan det stemme at 1977 er produksjonsår?
  6. Takk for svaret! Eg har lese artikkelen du lenkar til tidlegare. Eg er først og fremst ute etter omtrentleg produksjonsår og slikt på pistolen min. Det var forresten ukjent for meg at det fanst modellar med manuell sleidelås. Veit du meir om når desse vart produsert?
  7. Hei! Eg lurte på om nokon her har meir informasjon om dette våpenet. Sjå bileta for detaljar. Nokre kjenneteikn: -Serienummer K1009C. -Over serienummeret er det tre bokstavar i ein diamant, og skal vel vere GIS med latinske bokstavar. (Kva betyr dette?) -Denne pistolen har ikkje dei karakteristiske vengene som stikk ut fremst på sleiden. Eg veit ikkje om desse er kappa av, eller om det rett og slett er snakk om ei eldre utgåve. -Sleiden er merka "Made in USSR", noko som vel skal bety at produksjonsår er før 1991. -Skjeftet har eit skjold med ei pil.
  8. Eg har berre prøvd modellen utan elektronisk avtrekk. Det er ingen i klubben som har Evo.
  9. Eg veit ikkje om det er søkekunnskapane mine det er noko gale med, men eg kan ikkje finne at Børselars sel denne utgåva for 15.700,- på Finn.no. Faktisk kan eg heller ikkje finne at Børselars har denne inne i det heile. Det einaste eg ser på nettsidene deira er ein Steyr LP10E til 19.400,-.
  10. Eg tenkte å kjøpe ein Steyr LP10. Hunters House har han inne til 11.480 DKK. Krona har styrka seg litt i det siste, så det blir ikkje like svindyrt som det var før, og eg har ikkje sett prisar som er i nærleiken i Noreg. (Del gjerne løyndomen med meg viss du veit om ein stad ein kan få det til liknande pris i Noreg.)
  11. Eg tenker på å kjøpe (match-)luftpistol i Danmark. Er det nokon som har erfaring med import av luftpistolar derfrå? Eg tenker først og fremst på at våpenet hamnar langt over importgrensa, og at det ikkje fristar veldig å betale både dansk og norsk moms. Er det slik at ein kan sleppe å betale moms i eitt av landa? Beklagar at det vart mange spørsmål.
  12. Eg ordnar meg med eit anna våpen. Takk for hjelpa!
  13. OK. Takk for at du sjekka!
  14. Hei! Eg ser etter ein del til ein Margolin-pistol. Det er del nummer 24 under. Er det nokon som veit om denne delen er å oppdrive nokon stad? (Eg har søkt på nettet, men det ser dårleg ut...)
  15. Eg har same modellen sjølv, og har faktisk ikkje gjort noko med pistolen sidan eg kjøpte han for eitt og eit halvt år sidan. Så vidt eg kan hugse står det i manualen at kompresjonskammeret treng ei "high flash point oil" for å hindre damp i sylinderen og skade på seglet. I teorien skal fleire typar fungere. Manualen åtvarer elles mot oversmøring, altså ikkje meir enn 3-4 dropar. http://www.bghi.us/manuals/izh46_manual.pdf" target="_blank" target="_blank For min del er planen å kjøpe Crosman Pellgunoil. Det er absolutt ein dryg literpris, men ei flaske burde vare veldig lenge. Det betyr òg null risiko for skade på våpenet.
×
×
  • Create New...