Jump to content

Hallvor

Members
  • Posts

    43
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Hallvor

  1. Pistolen er veldig god til den prisen. Den skyter hull i hull på 10 meter. Avtrekket er veldig bra, og har flere justeringsmuligheter enn Steyr Evo. Grepet er stort, men det er laget for å files ned. Siktene er helt OK. Det fulgte med to ulike siktekorn. Ulempen er at den er tung og dårlig balansert. Er du i god form, går det helt fint, men andre kan kjenne det på slutten av en 60-serie.
  2. Frå manualen: https://www.steyr-sport.com/en/downloads/steyr-air-pistols/manuals/97-steyr-lp-50-lp-50-compact-3/file På norsk: Våpenet er normalt sett vedlikehaldsfritt og treng ikkje puss. Smør lett inn o-ringen med syrefritt silikonfeitt kvart 1000 skot for å auke levetida på denne delen. Løpet kan du reingjere ved å skyte ein tørr "filtdott" gjennom.
  3. Du trur at politirapporten og vitneprovet frå minst to politimenn vil bli sett vekk frå? Det er rett nok snart jul, men ein treng ikkje å tru på nissen. Eg trur heller på å vere ein mann og ta ansvar for eigne handlingar.
  4. Eg starta med luftpistol, og fekk veldig god effekt på .22, med unntak av alle disiplinar med låg skytetid. Eg klarte heller ikkje å treffe med 9mm sjølv om eg hadde ein pers på 540 den gongen, men det vart betre med mengdetrening.
  5. Hallvor

    Mauser mod 1908

    Er den i 7mm? Mi var ombygd til .308 Win. Eg tenkte det kunne vere ei av Aaserud-riflene du hadde der.
  6. Hallvor

    Mauser mod 1908

    Aaserud selde eit parti av desse på slutten av 90-talet med ny stokk og nytt løp til ein hyggeleg pris. Det kunne ha vore artig å vite korleis dette partiet enda opp i Noreg. Så lenge løpet ikkje er utskote, har du ei solid rifle. 1908 er av dei aller beste mausarane. Spring og kjøp!
  7. Hallvor

    Mauser mod 1908

    Ein liten kuriositet: Soldatar frå Brasil brukte slike rifler mot tyskarane i Italia under den andre verdskrigen. Gode eksemplar vart brukt som snikskyttarrifler.
  8. Hallvor

    Mauser mod 1908

    Her er lenke: https://www.milsurps.com/content.php?r=265-Brazilian-Model-1908-Mauser-Rifle-(Mfg-by-DWM) Eg har ein slik sjølv.
  9. Hallvor

    Mauser mod 1908

    Riflene vart produsert av Deutsche Waffen und Munitionsfabriken frå 1908-1914. Nokre er visst også produsert av Mauser Oberndorf.
  10. Svaret på 3, er ja. Då blir vel 1 og 2 ikkje ditt problem.
  11. Eg har ein Margolin, men han er ikkje til sals.
  12. Kjøp eit så bra og brukt matchvåpen som du har råd til frå t.d. Pardini, Feinwerkbau, Benelli, Morini eller Walther. Då har du eit godt våpen som treff der du siktar, og du kan sikkert selje våpenet unna eit par år seinare til nesten same pris om du skulle gå lei. Er dette sporten for deg, har du allereie eit bra matchvåpen, og så slepp du bryet med å selje unna eit halvbra våpen for å kjøpe eit nytt.
  13. Har du justert skuret? Punkt 5.3 i manualen. http://www.steyr-sport.com/en/downloads/steyr-air-pistols/manuals/100-steyr-evo-10-e-1/file
  14. Eg har denne typen: https://www.magasinet.no/peltor-bulls-eye-iii-horselvern Ikkje veldig kul, men den reduserer lyden med 35 dB! God plass på innsida gjer at ein ikkje blir så varm/sveitt. Denne typen er vel litt meir hipp, viss slikt betyr noko for deg: https://www.beverensport.no/products/beretta-standard-bl-hrselvern
  15. Det aller beste er vel uansett å bruke både øyeproppar og hørselvern, så får du i alle fall ikkje problem med hørselen. Når det er sagt, har eg skote ein god del utan hørselvern med mi lyddempa salongrifle, utan at eg tilrår det. Lyddemparen har vel heller gjort at eg har droppa hørselvern, når eg burde ha brukt det, t.d. ved bruk av overlydsammunisjon. Med rett type ammunisjon og få veggar/andre ting som kan reflektere lyd, høyrer ein ikkje særleg meir enn eit høgt klikk. Lyddempar er sikkert fint for å unngå å sjenere naboar, men ut over dette har eg ikkje funne nokon særleg nytte med den. Edit: Eg fann litt konkrete data på nettet for lyddempa .22: https://blog.silencershop.com/22-suppressor-test-results/ Generelt viser testen ein reduksjon på mellom 21 og 39 desibel med dempar. Dette høyrest ikkje mykje ut, men hugs at skalaen er logaritmisk. Det betyr i praksis at 20 desibel er ti gongar så høgt som 10 desibel. Ein reduksjon på 30 desibel vil seie at smellet blir redusert til ein tusendel. https://sml.snl.no/desibel https://no.wikipedia.org/wiki/Desibel Gode hørselvern reduserer lyden med om lag det same. Det vanlege er i alle fall ein reduksjon i tal på desibel (SNR) på kring 30. Dersom ein skal lite på testen, blir øyrene utsett for 115-118 desibel med dempar, noko som ikkje er veldig langt unna å svare til lyden av ei motorsag, ambulansesirene, eller ein hamar som slår ein spikar. http://www.metrogun.com/db_list.html http://www.plugin-turnon.com/om-desibel/ Det klart beste er altså å bruke hørselvern når ein skyt med dempar, og å bruke både øyreproppar og hørselvern når ein skyt utan.
  16. 3000 for ei splitter ny O/U-hagle er latterleg billeg, så du må rekne med å få det du betalar for, og då reknar eg med at finishen kan variere frå OK til dårleg. Men så er det heller ikkje finishen som har gjort russiske våpen berømde, men god metallurgi og pålitelege mekanismar til ein hyggeleg pris. Eg kjøpte sjølv hagla mi i Ålesund på 1990-talet, men etter inflasjonskalkulatoren svarer dette beløpet til kring 6500,- i dag. For dobbel pris får ein også betre finish. Også mi Baikal-hagle var litt tung å knekke i starten, men det gjekk seg til etter kvart. Sjå også desse: http://www.shootinguk.co.uk/guns/buy-gun-guide/closer-look-baikal-shotguns-39831 http://www.gunmart.net/gun_review/baikal_model_27/
  17. Eg er eigentleg litt overraska over å lese dette, for alle Baikal-haglene av litt eldre årgang eg har vore borti, har ikkje hatt nokon av problema du nemner. Mi eiga hagle er frå midten av 1990-talet. Då kosta den vel rett i overkant av 4000 ny. Veldig mykje for pengane, og sjølvsagt null problem i ettertid. Viss dømet ditt over er representativt for dei nye haglene dei produserer, er det mogeleg at kvalitetskontrollen ikkje er som den var.
  18. Etter mi meining gjer pumpehagler seg best på film. Skal du i skogen på jakt, ville eg mykje heller hatt ei sideliggar eller o/u med ulik trangboring. Dette er optimalt når du møter på vilt på ulike hald. Noko meir driftssikkert enn ei knekkhagle er det vel også vanskeleg å finne. 2000-3000 er ikkje all verda til budsjett, men personleg hadde eg sett etter ei brukt Star Baikal. Dei er ikkje spesielt vakre, men såpass solide at barnebarna dine kan arve den.
  19. Eg sluttar meg til dette: Dette er eit veldig godt kjøp til den prisen. Avtrekket er veldig bra. Eg har skote 540 med ein slik på trening, men den går mykje betre enn eg kan skyte. Pistolen fyller fem skot i same holet på 10 meter, nett som alle andre matchpistolar.
  20. Du veit at du må skru "opp" dersom du skyt høgt?
  21. Det er ikkje meininga å kapre tråden, men om det skulle gå slik er eg interessert i reservedelar...
  22. Kva med ein Margolin? Du kan få dei svært billeg, dei går godt, er svært solide, klikkar nesten aldri, og er veldig enkle å vedlikehalde. (Ikkje at du treng det ofte, for løpet står fast i ramma, og det er store toleransar rundt sleiden. Dette gjer at skitt ikkje bygger seg opp så lett. Du kan difor skyte vanvittig mykje utan puss.)
×
×
  • Create New...