Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Posts posted by joska

  1. 10 hours ago, piren16 said:

    Det er vel egentlig ikke noe problem. Jeg lar i allefall ikke våpen i 100K kronersklassen ligge framme og slenge.....

     

    No er det vel dei færraste som har våpen i denne prisklassen, men billige luftvåpen florerer det av. Eg lar det heller ikkje ligge å slenge, men min praksis med å låse døra er ikkje lenger lovleg. Fram til eg får ordna meg med skap eller låsbart stativ er eg altså lovbryter, og eg er nok ikkje åleine der...

  2. Riktig, Kongsberg-haglene er bygd på nye kasser. Desse har litt andre dimensjonar enn dei originale rifle-kassene, og både sluttstykke og hane har annaleis utforming. Hanen har også ein slags sikring, eg har minimal kjennskap til desse haglene så eg veit ikkje korleis denne fungerer. Men Rolling Block-riflene fekk eit veldig dårleg rykte tidleg på 1900-talet etter at ivrige reinjegarar tok til å lade med røyksvakt. Dette kunne få sluttstykket til å dele seg, slik at overdelen tok hanen med seg bakover på sin veg mot skytterens ansikt. Det er mulig at denne sikringa er meint å hindre hanen i å gi etter i slike tilfelle, men det er rein gjetting frå mi side.

     

    Dei Kongsberg-produserte haglene er berekna for moderne, røyksvak ammo. Men denne spesifikke hagla er altså ei ombygd rifle, og eg ville aldri tatt sjansen på å fyre av moderne ammo i denne. Kan ikkje tenke meg at det hadde gått bra særleg lenge...

  3. On 7/13/2021 at 10:33 PM, Nevian said:

    Takker. Er det noe som hever noens øyebryn, eller opptrer de i hopetall?

     

    Desse er ganske vanlege. Kongsberg produserte meir enn 50000, og mange vart konvertert til hagle etter at forsvaret begynte å selge dei til sivile rundt forrige århundreskifte.

     

    On 7/13/2021 at 11:10 PM, Lien said:

    Jeg mener de sluttet å produsere låsekasser i 1886. Den vil da være registreringsfri.

     

    Vel... Det er nok trygt å anta at denne vart konvertert til hagle etter 1890, og den er då registreringspliktig.

     

    Når det gjeld merkinga så har eg veldig lite greie på variantar her. Men den avbilda merkinga er ikkje den originale. Som allereie påpeika var produksjonen av kasser avslutta før 1890, og Kongsberg-kassene er merka med både krone, produksjonsår og serienummer på venstre side. Eg vil tru at den vart merka om ved ombygging til hagle. Er vanskeleg å sjå, men det kan sjå ut som også pipa er merka med samme nummer.

     

    Hagla er nok i kaliber 24 eller 28. Prøveskyting vert frårådd på det aller sterkaste.

     

  4. Nei, det er spesifisert at dei skal i våpenskap.

     

    § 6-6.Krav til oppbevaring av skytevåpen og ammunisjon som ikkje er løyvepliktige

    Krava til oppbevaring etter dette kapitelet gjeld også for haglevåpen som er friteke frå løyveplikt etter § 2-3 nr. 8, samt for ammunisjon til slike haglevåpen.

    Andre skytevåpen som er fritekne frå løyveplikt, eller vital del til slike skytevåpen skal oppbevarast nedlåst i skap, skuff eller annan låsbar innretning eller fastlåst til vegg. Krava til oppbevaring etter denne føresegna gjeld likevel ikkje for skytevåpen som er lovleg deaktiverte.

     

     

     

    Edit: For å presisere kva "skytevåpen som ikkje er løyvepliktige" er:

     

    § 2-3.Skytevåpen som er fritekne frå løyveplikt

    Følgjande skytevåpen er fritekne frå løyveplikt:

    1. apparat til slakting som ikkje brukar fritt prosjektil,
    2. signalpistolar og andre innretningar for signalgjeving som ikkje kan skyte patron med prosjektil,
    3. rednings- og harpungevær som ikkje kan skyte patron med prosjektil,
    4. luft-, gass- eller fjørvåpen som er laga for å kunne skyte prosjektil med diameter på 4,5 millimeter eller mindre,
    5. paintballvåpen,
    6. airsoft våpen,
    7. skytevåpen som er konstruert for berre å kunne skyte ammunisjon utan prosjektil, og som oppfyller tekniske krav fastsett av Politidirektoratet,
    8. haglevåpen med enkeltskotlading som er lovlig erverva før 1. oktober 1990,
    9. svartkrutvåpen produsert før 1890,
    10. luft- og fjørvåpen produsert før 1900, og
    11. armbrøst produsert før 1900.

    Erverv og innehav av deaktiverte skytevåpen etter § 12-1 er ikkje løyvepliktig, men må meldast til politiet på fastsett skjema.

     

    Etter 6-6 skal då alt dette (evt vitale delar) oppbevarast nedlåst/fastlåst.

  5. La merke til at paragraf 6-6 i den nye forskrifta seier at Andre skytevåpen som er fritekne frå løyveplikt, eller vital del til slike skytevåpen skal oppbevarast nedlåst i skap, skuff eller annan låsbar innretning eller fastlåst til vegg.

     

    Dette er vel ei innstramming, og betyr at t.d. luftvåpen og antikke våpen også må oppbevarast nedlåst/fastlåst.

  6. Som allereie påpeika er denne kula berekna for gas checks. I følge Lee skal diameteren vere .429, det kan vel fort bli litt i underkant? Har du i tillegg mykje tinn i legeringa krymper kula meir ved nedkjøling. Sjølv brukar eg ein annan variant av Lee's 240gr SWC, den er ikkje laga for gas checks og har fleire og smalare smøreriller. Oppgitt diameter .430. Sizer ikkje, smører med Lee fett. Denne held faktor med 18.5gr N110 i min Super Blackhawk.

  7. Det er kun  §4-4 som er relevant her, og denne begrensar tilgangen på slike magasin til dei som har halvautomatiske rifler til sportsskyting (det blir vel i praksis Dynamisk skyting). Så viss du har ein 10-22 eller noko slikt til jakt får du ikkje kjøpt nye magasin med kapasitet > 10 lenger.

     

    Overgangsreglane gir deg derimot muligheit til å behalde magasin du har kjøpt tidlegare: "Personar som før 1. oktober 2020 har erverva lause våpenmagasin med patronkapasitet på meir enn fem for hagler, 10 for rifler og 20 for pistolar, kan behalde desse våpenmagasina utan løyve."

  8. 3 hours ago, 8x57IRS said:

    Angående salg registrerer jeg at skittjakt og xxl ikke lengre har Gerber macheten i salg (eller noen kniv med klinge >25 cm). Tror som sagt butikkene ikke gidder eventuelt bråk rundt omsetning av denne typen varer

     

    Det kan og vere reint midlertidig, reknar med det ikkje berre er her på Kammeret at forvirringa råder akkurat no. Men du kan jo og ha rett og at det blir eit permanent "problem", såpass lange knivar har vel aldri utgjort noko særleg omsetning for sportsbutikken og er sikkert ikkje verdt for dei å krangle over. Men på min vesle handlerunde i dag kunne eg konstatere at Byggtorget framleis har Glavakniv i hylla, og på Tilbords hadde dei opptil fleire kjøkkenknivar over "lovleg" lengde.

     

    Vil tippe denne forskrifta har minimal til ingen betydning for den jamne sports/jakt/fritid/yrkesbutikk, det er vel heller sjapper som walhalla.no og andre som lever av å selge juggel til mall-ninjas som kjem til å merke det.

  9. On 6/2/2021 at 10:33 AM, 8x57IRS said:

    Vil som sagt anta at innstrammingen vil medføre at >25 cm kniver ikke lengre vil være i sortimentet til butikkene her til lands. Spent på hvordan tollen vil forholde seg til dette. Noen som tar sjansen på å bestille en machete fra utlandet nå?

     

    Loven seier at det er forbudt å *kjøpe* slike knivar, ikkje at det er forbudt å selge dei. Kan ikkje sjå nokon plass at selger har noko som helst ansvar for kva kjøper har tenkt å bruke kniven til.

  10. 57 minutes ago, Jegermeistern said:

    Den nye pipa får man jo våpenkort på. Det er den gamle som (eventuelt) er et problem.

     

    Det er ikkje slik eg les det.

     

    "Ved endring av kaliber utan løyveplikt skal den næringsdrivande sende melding til politiet med opplysingar om endringa på fastsett skjema. Slik melding skal sendast innan ei veke etter at pipa er skifta."

     

    Denne paragrafen omhandler altså endring av sjølve våpenet til å skyte eit anna kaliber enn det noverande. Dette kan då gjerast av børsemaker utan å søke, men børsemaker må sende melding om *endringa* til politiet.

     

    Du snakkar om systemvåpen. Då må du søke om å kjøpe pipe, så får du eige våpenkort på pipa men statusen på våpenet endrar seg ikkje. Vil du behalde den gamle pipa må ein vel gå denne vegen, altså søke om ny pipe.

  11. 30 minutes ago, Jegermeistern said:

    Ikke så sikkert. Men man må vel få slått inn våpennummeret på den gamle pipa, så det er klart den hører til våpenet.

     

    Korleis skal ein få kjøpt ammunisjon i det nye kaliberet viss du ikkje har eit oppdatert våpenkort? Du kan evt søke om ny pipe og få eige våpenkort på den (systemvåpen), men det er ikkje det denne paragrafen omhandlar.

  12. *Erverv* av pipe er regulert i 2.4:

     

    image.png.7aad722259568b1fb47757cb5994b863.png

     

    Med andre ord - du kan kjøpe deg ny pipe utan å søke så lenge pipa er i det kaliberet våpenet er registrert for. Viss du skal kjøpe laus pipe i eit anna kaliber må du søke.

     

    Teksten som er referert til over gjeld *modifisering* av skytevåpenet utført av børsemaker. Altså kan børsemaker skifte pipe til eit anna kaliber utan at du må søke på førehand. Melding blir sendt til politiet, våpenregisteret oppdatert og du får nok nytt våpenkort i posten og må levere inn det gamle.

  13. 1 hour ago, Jeffery said:

    Jeg er ikke sikker på at vi(våpeneierne) er i mindretall

     

    Det er ca 200000 registrerte motorsyklar (lett og tung) i Norge. Med tanke på at det ikkje er uvanleg å ha fleire kan vi vel anta at det finns max 150000 motorsyklistar. Ein liten brøkdel av dei er medlem i NMCU. Ser vi på medlemsantal og ressursar er dei norske skytterorganisasjonane reine gigantar samanlikna med NMCU. 

    • Like 2
  14. 2 hours ago, Lille Arne said:

    Nei, det vil de ikke være. Forbudet mot magasin med mer enn ti skudd gjelder bare halvautomatiske rifler til jakt. For repeterrifler er det bare 84/40 lengdebegrensningen som gjelder. Og du vil ikke få kjøpt løse magasiner med mer enn ti skudds kapasitet. (Hva som skjer den dagen du har bulket/bøyd magasinrøret på lever-action rifla di og trenger et nytt, tør jeg ikke svare på..)

     

    Det er berre lause magasin som er regulert her, og rørmagasinet kjem ikkje under denne definisjonen. Men *lause* magasin med > 10 skudd er forbode, også til repeterrifler.

  15. Tja, er det slik? Når det gjeld halvautomatiske rifler til jakt er magasinkapasitet regulert:

     

    image.png.f0f1c2956440621d41957e4387f6cc17.png

     

    Definisjonen på magasin:

     

    image.png.48e01c9d6103f326afe35103e62eeee8.png

     

    Så er spørsmålet om dette forbodet skal tolkast til å gjelde kun lause magasin eller magasin generelt. Slik det er formulert no vil eg påstå at teksten ikkje skiller mellom faste og lause magasin, og at halvautomatiske jaktrifler med magasinkapasitet > 10 er forbudt uansett om magasinet er laust eller fastmontert.

     

    Når det gjeld jaktrifler med manuell repetermekanisme så er det ikkje noko slik formulering, men der er magasinkapasiteten regulert slik:

     

    image.png.ba7daa50ddafd530361c1d91ce71472d.png

     

    Her står det eksplisitt "lause våpenmagasin". Kan ikkje sjå at det er noko begrensing på fastmonterte magasin på slike våpen.

     

  16. Eg merka meg denne:

     

    Quote

    § 5-4 Erverv og innehav av skytevåpen på grunnlag av arv eller minneverde

    ....

    Politiet kan gje personar som har våpenløyve for pistol eller revolver løyve for inntil tre pistolar eller revolverar, samt våpendelar til desse skytevåpena.


    Dette er vel såvidt eg forstår ei oppmjuking frå tidlegare? Slik eg les dette kan eg no pensjonere finpistolen eg arva og skaffe meg ein ny, utan å måtte øydelegge arvestykket med hærv.. plombering.

    • Like 1
×
×
  • Create New...