Jump to content

P99

Members
  • Posts

    171
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by P99

  1. Ein av mine revolvarar var uregistrert frå dødsbuet til ein sjømann som hadde kjøpt den i USA og tatt den med hit til landet. Ergo var den smugla hit. Det ordna seg ved at ein svært hjelpsom politimann som handterte våpensaker på det lokale kontoret skreiv ei ærklæring og fikk ordna med innregistrering av våpenet. No er dette riktignok 16 år sidan, men ville nok tru at muligheten er der for å få det registrert i dag også. Som sagt så hadde dette ikkje vore noko problem om det var amnesti.

    Mi erfaring frå ulike sakshandsamarar er at det er vedkommandes tolking og oppfatning av regelverket som blir lagt til grunn, utan at det blir vist til konkrete paragrafar eller bestemmelsar. Det har vist seg i fleire tilfeller at det sakshandsamaren seier ikkje alltid er rett. 

    Ville ha påklaga dette og spurt kva bestemmelse, paragraf etc som ligg til grunn.

  2. Frå bt.no i dag.

    Når vart våpen og leikevåpen det samme? Det står dei er pågripne med våpen, men det er jo direkte feil. Står også våpen i fronttittelen på forsida.

     

    To menn i 50-årene pågrepet i Teaterparken med våpen
    i dag kl 15:56av Linnea Skare Oskarsen

    15.15 fikk Vest politidistrikt en melding om at to personer gikk med ett våpen under jakken fra Vågsbunnen og mot Teaterparken.

    De to mennene i 50-årene skal være kjenninger av politiet og ble pågrepet i Teaterparken 15.33.

    – Mennene er tatt med til stasjonen for avhør, sier Hans-Eirik Thue, operasjonsleder i Vest politidistrikt. 

    Klokken 15.45 meldte politiet at våpenet var et lekevåpen

    Litt over klokken 18 melder politiet at de to mennene fremdeles sitter i arresten i påvente av avhør.

    – Avhøret vil avdekke om det er noe straffbart som har skjedd, om noen for eksempel har følt seg truet eller krenket, sier Hans-Eirik Thue, operasjonsleder i Vest politidistrikt. 

  3. Redaktøren i Firdaposten, som er ein svært ivrig jeger, tok opp temaet på leiarplass allereie for to år sidan når EU begynte å rasle med sablane.

     

    Går sjølv å kvernar på eit manus men må stadig korrigere meg for ikkje å bli feiltolka blant befolkninga som ikkje har eller vil ha verken kompetanse om eller interesse for enten våpen, jakt eller sportsskyting.

     

     

    • Like 1
  4. Folk som har samlingar i heimen av plomberte våpen og samtidig driv jakt eller skyting må faktisk velge hobby. Kan ikkje ha begge deler. Mens naboen som ikkje eig skarpe våpen kan fylle huset til randa av magasin om han vil. Fantastisk!

    Det er vel så viktig å få dei til å sjå galskapen i dette og kva det får av utilsikta konsekvensar som grip direkte inn i folk sine fritidsinteresser og hobbyar

  5. Det er jo slik i eksisterande lov (presisert i våpenforskrifta) at kontrollen kun skal utførast på anvist plass, altså der våpen og ammunisjon blir oppbevart. Kontrollane har ikkje dreia seg om å endevende alle rom på leit etter ulovligheiter. Er det endringar på dette punktet også som kan tolkast ullent?

     

    Enig med 32-40 at det er vesentlig om 48 timersvarselet forsvant med overlegg eller forgløymelse.

    • Like 1
  6. Spelar liten rolle i beslagsøyeblikket om kva som er ulovlig eller ikkje. Alt blir tatt, så kjem vurderingane seinare når ein har danna seg eit bilde og har oversikten. Antagelig er det gjenstandane med krav til oppbevaring eller registrering som vil vere det han kan bli dømt for. 

     

    Når det gjelder «rakettkastaren» M72’en ville det forundre meg stort om den var skarp. Det heng tusenvis av tomme M72 rør på gutterom rundt om kring. Tenk på overskriftene hvis...

×
×
  • Create New...