Jump to content

sachs motor

Members
  • Posts

    237
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by sachs motor

  1. Kven var kurslærar då du var på kurs i Stavanger? Då eg var der for fire år sidan, var det Petter Herud som stod for opplæringa, og det var verkeleg kjekt, og ikkje minst utruleg lærerikt.

    Eg ynskjer deg lukke til med kursa du skal halde, og håpar at fleire får augo opp for kor kjekt det er med tredreiing :D

  2. Eg kunne godt tenkt eg å melde meg inn i NOJS som eit slags "prøvemedlemskap". Det vil seie at om eg føler at eg tykkjer at NOJS er ein organisasjon som arbeider for meg og mine synspunkter, eller lar meg påvirke organisasjonsarbeidet, så vil eg betala medlemskontigenten i framida.

     

    Korleis vert det om eg melder meg inn no, vil eg kun få rekning på medlemskontigenten for 2011, eller må eg betala for 2010 og? Eg set stor pris på om nokon av dei NOJS-involverte kan oppklara dette, anten på PM eller eit innlegg til alle forumbrukarane.

  3. Canadiarane brukar faktisk namnet whisky på det makkverket dei brenn. Det er så vidt eg veit kun irane og amerikanarane som skriv whiskey. Whisky (utan E) er noko som kan lagast over heile verda, men kun skottane kan laga Scotch Whisky.

     

    Akkurat no storkosar eg meg med ein 16-års Lagavulin :D

  4. Maxim er noko tyngre, men skal dempe meir og, vera meir slitesterk då den har baflar i rustfritt stål.

    Eg er godt nøgd med min Maxim, men ta gjerne eit kjapt søk på forumet her og sjå kva erfaringar andre har med sine demparar, og ta deg ein tur til ein butikk som har demparane for å studera dei på nært hald.

  5. I fjor kjøpte eg hagle og salong i slutten av juni. Våpenkort for desse kom i slutten av oktober.

    For rifla eg kjøpte i mars i år, har eg framleis ikkje fått noko kort. Eg får nok etterlyse kortet, eller gjere som peodden og gå innom og få det ordna ei gong, for blålappen byrjar å sjå fæl ut.

  6. Er usikker på hva vril blir på norsk.

    Det ordet som er mest bruk i bøker og slikt er vel ganske enkelt knute. På min dialekt heiter det "ei knustra".

     

    Uansett var den kniven du har lagt ut bilete av svært fin. Godt handtverk! Eg har og eit Steen Nielsen-blad liggande som eg har planar om å gjere noko med etter kvart. Dette dog med ein enklare damask. Ser ut som furu.

     

    Gler meg til å sjå "vinternatt"-kniven.

  7. http://www.verktoyas.no har og eit utval av diverse japanske bryner, samt diamantbryner frå DMT. Det grovaste DMT-brynet tek svært mykje, og arbeidar deg opp til eit fint, så får du til slutt ein veldig kvass egg.

     

    Sjekk ut alle tipsa du får her, og slå til på det du anser som mest lovande for ditt behov!

  8. Som LeivVidar seier, så er det ingen grunn at du skulle få avslag, så lenge du ikkje har grums på rullebladet og er 18 år eller meir. Er du mellom 16 og 18, kan du søkje om dispensasjon frå 18-årsgrensa.

    Hjelp med våpensøknad finn du, om du treng, i denne tråden http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=8&t=32871.

     

    Eit lite tips til, angåande forumbruk. Om du unngår å skrive på dialekt, og heller brukar nynorsk eller bokmål, så vil garantert fleire lese innlegga dine.

     

    Velkommen til forumet, forresten.

  9. Om du legg ut kva merkingar som står på børsa, og gjerne eit par bilete, så er det sikkert ein del her inne som kan gje ein grei peikepinn på verdi. Slik det står no, er det ikkje mogleg å gje meir eksakte svar enn det Slemmo allereie har gjeve.

  10. Tenkte meg det måtte vera noko i den duren, ja. Det vert nok ei stund til eg får råd til noko slikt, men eg kjenner at eg har lyst på ei kjekk banehagle ei gong i framtida, når treninga viser skikkeleg resultat og eg føler at eg kan forsvara å kjøpe noko litt heftig.

  11. Eg hadde aldri høyrt om Flodman før, så eg måtte ta eit kjapt søk i google. Rett og slett råe børser. Er det nokon som veit korleis desse ligg i pris (ny)? Reknar med at dei ikkje akkurat er billege.

×
×
  • Create New...