Jump to content

sachs motor

Members
  • Posts

    237
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by sachs motor

  1. Har høyrt noko snakk om at bruk av porta piper i ein del konkurransegreiner ikkje er tillatt med mindre portinga er utført av produsenten. Viktig å sjekka ut dette nøyare før ein eventuelt får utført portinga.

  2. Eg har planar om å gå til innkjøp av eit multiverktøy av typen Leatherman eller liknande. Eg har eigentleg falt ned på Leatherman Charge TTI, men før eg handlar vil eg forhøyra meg litt her på forumet.

    Har denne TTIen nokon ulemper som er verdt å trekkja fram?

    Er det andre modellar frå Leatherman som er å rekna som eit betre val?

    Er det verktøy frå andre produsentar som er verdt å vurdera? (Har sett på til dømes Gerber, men ikkje fått veldig tru på deira saker då det virkar som om dei stort sett fokuserar på å trykkje BG-logo på allslags mikkmakk)

  3. 18,3 mm er borringa på løpa før trangborringa byrjar.

    Om ikkje det er andre merkingar som indikerer kva trangborring løpa har, til dømes stjerner, strekar eller liknande, så kan du måla diameteren på munningen. Full trangborring vil vera omlag ein millimeter mindre enn løpsborringa, halv trangborring 0,5 mm osv.

  4. Eg har googla litt og kome fram til at det må dreia seg om ei hagle frå det belgiske firmaet Georges Laloux (G. Laloux). Det var ikkje mykje å finna fram til, men eg kom over dette:

    http://forums.nitroexpress.com/showflat.php?Cat=&Board=birdhunting&Number=153900&Searchpage=1&Main=153900&Words=+Gollum&topic=&Search=true

    GEORGES LALOUX, rue des Urbanistes 3, Liege, Belgium, active under this name from 1910 to 1950. In 1908 Georges took over the company DRESSE-LALOUX & Cie. After 1950 the company was renamed COMPTOIR EUROPEEN SPLR. Closed down 1972.

     

    Det gjev i det minste ein peikepinn på alder.

  5. Sandnes Arms har CCI standard til 37 øre ved kjøp av 10000 eller meir. Kanskje litt i overkant for ein person, men det går jo an å gå saman fleire om innkjøp.

  6. Det må sjølvsagt vera takhøgde for alle lovlege hagler på leirduebanen. På konkurranser ser eg gjerne at eventuelle sidemenn med halvauto har ein strikk eller tilsvarande på børsa, men på trening ser eg ingen grunn til å bry meg med slikt.

    Opphavet til denne tråden var vel at trådstartar ville la ein heilt fersk skyttar prøva seg med halvauto pga. mindre rekyl og slikt. Om dette vert dårleg motteke på banen så er det på tide at dei som driv banen revurderar praksisen. Eg trudde rekruttering var noko me ville ha.

    Eg ser og at enkelte her i tråden ynskjer forbod mot halvauto på bane. Det er vel ikkje anna å gjere enn å riste på hovudet.

     

    No skal eg på leirduebanen vår. Der er alle hagler velkomne :D

  7. Tenk så mye enklere verden hadde vært om alle som kom med bastante meninger ble nødt til å henvise til skriftlige kilder!
    Bruksanvisningar frå verdas leiande haglefabrikantar er vel skriftlege kjelder. Når grunnen til det heile i tillegg er forklart i eit innlegg av mannen bak shotguns.se, så burde det vera enkelt og greitt.

     

    Dessverre er det ein utbredt vrangførestilling at ein skal halda attende toppleveren når ein lukkar våpenet. Sjølv enkelte våpenforhandlarar greier å lire av seg dette, så det er ikkje rart at folk er usikre.

  8. Ja. Det går om det er nok gods igjen. Ing. Ragnar Hansen og Vågsland Våpen (og sannsynlegvis fleire) gjer dette. Om Det er verdt å koste på såpass mykje på ei så billeg børse er derimot ein annan sak.

×
×
  • Create New...