Jump to content

bosnes

Members
  • Posts

    600
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by bosnes

  1. Har ein 10/22 som eg har fått montert heildempar på (kompetent børsemakar). Resultat: Heilt ubrukeleg presisjon (10 cm på 15 meter) med slengarar i aust og vest. Børsemakaren har sett over børsa på ny og m.a. kruna løpet på nytt. Ingen forbetring.

    Lurer på å kaste heile skiten og kjøpe nytt løp (UTEN heildemping). Nokon som har tips?

  2. Har inne bestilling på 10 mm hylser på fleire plassar. (Alvestad, Midway bl.a.). Ingen har vore i stand å levere på mange månader, og truleg går det fleire veker enno.

     

    Der ser heller ikkje ut til å vere nokon som har 10 mm ammunisjon på lager. Om nokon veit om nokon som har, så gi meg eit vink.

     

    Brukar 10 mm auto på Mag I, men har litt for få hylser..

  3. Ta kontakt med forbundskontoret. Der får klubben også instruktørveiledning for dette kurset (både på papir og CD). Samt hefte til deltakarane. Ikkje vits å finne opp kruttet på nytt når NSF har gjort alt dette arbeidet frå før...

  4. Har ein R&S perkusjonsrevolver replika frå Feinwerkbau. Kunne godt tenkt meg ein konverteringssylinder i 45 Colt til denne. Ser at R&D lagar ein slik. Nokon som veit om det er norsk importør? Eventuelt om det er andre som lagar slike. Og er ein slik sylinder registreringsplktig?

    (Har posta same innlegget på forumet til svartkrutt.net)

  5. Det er en artikkel i Våpensjournalen på 5 sider,veldig grei å ha om du skal lade til denne.

     

    I kva for eit nummer av Våpenjournalen står denne artikkelen?

    Har fått meg ein fin Nagant (sveitsisk). Så no må eg lære meg litt om denne.

  6. Du har forstått det rett. Men dersom du absolutt vil fort opp i klasse, kan du berre unnlate å vise startkort. Då skal du nemmeleg plasserast i klasse A! Men det er klart dette vert litt for dumt..

    Kanskje du kan ta kontakt med klubben din og be om at du vert klasseført i den klassa du synes du høyrer heime i frå 1.1.2010? Dette burde vel vere greit så lenge det er ei høgare klasse.

  7. Hei!

    Eg har både 9 mm og 10 mm.

    Du må i alle fall ikkje kjøpe 10 mm om du ikkje ladar sjølv!

     

    Fabrikkammo i 10 mm er svært vanskeleg å få tak i og dessutan veldig dyrt!

     

    Hylser har det også vore vanskeleg å få tak i i år. Har hatt "restordre" i fleire månader no.

  8. Eg har i dag fått i posten ein Colt Cowboy i 45 LC på utlån frå Børselars (topp service hos Petter!). Kjærleik ved første blikk! Og eg har i grunnen tenkt å kjøpe den. Vil berre vere heilt sikker på at den er lovleg innan NSU. Den ser heilt ut som ein Colt SAA og ja, den har bladfjøyr. Det einaste (trur eg) som er skilnaden er at den ikkje har slagstiften på hanen.

    Nokon som veit? Vil ikkje ha trøbbel i våpenkontrollen. (Har lest reglementet, men det er vel igrunnen noko uklart. Men eg er altså ny i dette gamet.).

     

    Hadde vore fint med raske svar, kan vel ikkje låne den i lange tider..

     

    (Har posta det same innlegget på forumet i svartkrutt.net)

  9. Her er adressa til ein klubb som er medlem av det spanske skyttarforbundet (som det norske NSF). Har ikkje hatt kontakt med klubben, men den finst i alle fall!:

     

    CLUB DE TIRO DEPORTIVO DE "GRAN CANARIA"

    C/ Ana Benítez, 5 LAS PALMAS DE GRAN CANARIA

    LAS PALMAS

    35014 España

  10. Det kan du, så nå er bare ansvaret opp til deg for å arrangere stevne!

     

     

    Ja, kanskje det. Må delta på nokre stemner sjølv først så eg ser korleis det skal gjerast. Er medlem av NVSSL, og kanskje kan eg påvirke til at vi arrangerer stemner i Sivilpistol neste år.

     

    Til Hassel som også er svartkruttskyttar: eg har i alle fall sørga for at det vert arrangert svartkruttstemne (25 M) i Volda 2.mai 2010. Elles er eg med å arrangerer 4-5 pistolstemner kvart år, så vi burde vel få til noko på sivilpistol også etterkvart.

  11. Hm.. omgikk muligens reglane eg då. Sende berre ein heilt vanleg norsk våpentillatelse i posten til Sverige eg. Fikk revolvaren tilbake i posten med oppkrav på momsbeløpet. Tillatelsen var ikkje merka import frå Sverige eller noko slikt.

×
×
  • Create New...