Jump to content

bosnes

Members
  • Posts

    600
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by bosnes

  1. [quote

    men tilbake til det som var mitt orginale spørsmål her oppe .22 Hornet eller 30-30 hvilket av disse vil passe i forhold til rekyl trening osv?

    er det egentlig så veldig dyrt med ammo til 11kr stk? :?

     

     

    Det er veldig stor forskjell på rekylen frå .22 Hornet og 30-30. I eit handvåpen vert nok 30-30 temmelig brutalt i lengda, men kvar sin smak.. (Men revolvaren du siklar på er no veldig fin då!! Men får du kjøpt den i Norge?)

    Og kva bruksområde hadde du tenkt, jfr. våpensøknaden?

     

    Ellers er eg enig i det som "Vingemutter" skriv i tråden.

  2. Har vore på 200 meter bana og testa den i kveld. Ikkje nokon seriøs presisjonstest. Det kjem seinare. Skaut liggande med reim (jegerstroppen) og samlingane med Norma jaktmatch var rundt 10-12 cm. Det same med og utan dempar. Ser ikkje ut til å vere treffpunktendring med og utan dempar (jippi!!).

    Overraskande behageleg å skyte med trass den lette vekta. Artig munningsflamme utan dempar, reine flammekastaren!

    Skal teste presisjon og ladingar etterkvart.

     

    Så langt strålande fornøgd.

  3. No begynte eg å lure litt. Skyt folk faktisk DA i Magnum 2? Eg skyt alltid SA i M2 og ser ikkje nokon grunn til noko anna. Tidene er gode og DA er jo ingen fordel i den samanheng... Interessert i å høyre kvifor andre gjer det annleis!

     

    Det var KM i Magnum I og II for Møre og Romsdal i helga. Du ville muligens hatt litt problem med SA... Var skytetid ned i 10 sek...

  4. Ein NSF klubb er eit idrettslag som er forplikta til å følge lovnormene til NIF. (Altså klubbens vedtekter skal vere i samsvar med desse). Om ein medlem skuldar kontingent for to år skal han strykast som medlem. Ein kan ikkje verte medlem i ein annan pistolklubb (og heller ikkje i eit anna NIF lag) før ein har gjort opp sine økonomiske forpliktelsar til den gamle klubben.

     

    Så det er vel kontingent for maks 2 år ein er skuldig.

  5. Ingen problem å montere demper, men hvor lang er pipa di ? og har du vurdert å kappe den litt

    mtp at du skal montere demper, .308'en er jo et "effektivt" kaliber selv med kort løpslengde og

    kapper du pipa til f.eks 500 mm får du sikkert mulighet til å gjenge med f.eks M14x1 eller M15x1.

    I tillegg til kraftigere gjenger så kommer jo bonusen med ei kort og hendig børse ;)

     

     

    Ja, kan absolutt tenke meg å kappe løpet. Løpslengda frå fabrikk er 57 cm. Om ein kappar 7 cm kjem ein ned på flutinga. Er dette noko problem for gjenginga/monteringa av demparen?

  6. Har akkurat kjøpt meg ei Sako 85 Finnlight i .308 og er på jakt etter ein dempar, men er noko usikker.

    Vil ha ein liten og lett som passar til den lette Finnlighten. Nokon som har erfaring med ALM IMS Titan M1?

    Andre framlegg?

     

    Og sidan løpet på Finnlighten er tynt, er det noko problem med demparmonteringa?

×
×
  • Create New...