Jump to content

QOTSA

Members
  • Posts

    40
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by QOTSA

  1. Nedgangen må nok fiskeriforvaltninga ta ansvar for. Massiv overfisking over mange år får sjølvsagt konsekvensar utover fiskebestandane. Storskarven som vi jaktar på i vest hekkar frå nordtrøndelag og nordover, det er mogleg at næringstilhøva er litt betre der. Toppskarven og anna sjøfugl som hekkar på vestlandet har store problem, det burde ikkje være mykje tvil om årsaka spør du meg. Dei aller fleste verdsett ein kilo torskefilet høgare enn ein kilo levande sjøfugl. Tilstanden til sjøfuglbestandane på kysten vil nok ikkje få ein oppsving før verdien på ein kilo levande sjøfugl får seg ein oppsving. Ein kald vinter tek nok ikkje knekken på sjøfuglbestandane. Dei samme artane som vi har i vest, har dei også nordover langs kysten i betydelig større antall. Ein kald vinter på vestlandet kan kanskje samanliknast med ein mild vinter i nord-troms. Anders
  2. QOTSA

    Seljakta 2009

    Desverre så funkar ikkje den sida lengre, men ho som sto bak den sida har laga eit hefte for korleis ein skal gå fram ved garving. Det burde være mogleg å få tak i ein eller anna plass.
  3. QOTSA

    Seljakta 2009

    Garving av selskinn er tidkrevjande arbeid, men som du seier så er det artig når ein først er ferdig. Her kan du finne info om garving www.nordicseal.org Med litt ståpåvilje, og nokre gode kaffipausar så går det nok.
  4. QOTSA

    Lokking av rev.

    Vi har brukt peewee og nordic predator om ein ann og har fått lokka inn rev med begge. Trur ikkje det er så nøye kva ein brukar så lenge ein klarar å lage eit nokolunde autentisk hareskrik.
  5. QOTSA

    Lokking av rev.

    Eg og Stein-even var ein tur å lokka i svakt måneskin i går kveld. Vi fekk inn rev på to av tre postar, men var litt uheldige så vi fekk berre ein av dei. Uansett godt nøgde med å sjå at lokkinga fungere godt. Er det fleire som har fått noko i det siste?
  6. QOTSA

    Lokking av rev.

    Jeg ser ingen grunn til at det ikke skal fungere på gaupe. Hører at det skal fungere godt på islandske damer også?
  7. Takk takk. Eg ser fram til å ta den i bruk. Eg må nok gjere noko med kolbelengden. Burde sikkert legge på 4-5 cm, om den skal bli passe. Selgaren foreslo at eg skulle legge gummi mellom kolben og kolbekappa som står på. Er det nokon som veit om det er mogleg å finne kolbekapper som bygger så mykje?
  8. Takker for tilbakemeldingar! Kjøpet er no i boks, og eg må seie meg godt nøgd. I og med at den var så billeg så valgte eg å sjå vekk frå spådommar om dårleg sving og liknande, satser heller på ein særs aktiv skytestil på fluktskot. Eg var tilfeldigvis på julegåvehandel i oslo, og dumpa over denne kombien til halv pris (dvs 4450,-) på g-sport midt i sentrum. Ein pris eg sjølv ikkje har sett på brukte sabattiar. No gler eg med til å ta den med på vinterjakt i troms og finnmark.
  9. Ok. Er det på grunn av at ein får dårleg sving på hagla? eller andre årsakar? Kva er spesielt med fugl samanlikna med rev, hare og rådyr?
  10. Den problemstillinga har eg ikkje høyrd om før, men det verkar logisk. Kombien skal primært brukast til rype, hare og orrfugl, så det er absolutt eit poeng at fluktskytinga skal være god. Eg har ein liten og lett kombi frå før og med den har fluktskytinga gått greit. Med kikkertsikte så vert vel kombien rundt 3,5 kilo, så vekta er nok ikkje eit problem, men løpslengden er sjølvsagt eit poeng.
  11. Takker for tilbakemeldingar. Det stod at den var 3,1 kilo, så eg veit ikkje om det er noko lettvekts variant. Eg går nok for den, får sjå om eg ikkje klarar å få godkjent ein søknad før jul. Har høyrt om fleire som har fått polert avtrekket, med ok resultat.
  12. Eg har mulighet til å kjøpe ein sabattikombi 12/ 7x57r for ein billig penge. Den har vist stodt ei stund i butikken. Einaste eg stussa over er at løpet er 53 cm. Forøvrig så er det svart låskasse med enkelt gravyr. Ser at dei fleste sabattikombiar har 60cm løp. Er det nokon som har erfaring med med denne kort versjonen? eller har teoriar om kva dette vil ha å seie for presisjonen og liknande? Takker så mykje om nokon vil dele sin kunnskap.
×
×
  • Create New...