Jump to content

QOTSA

Members
  • Posts

    40
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by QOTSA

  1. Er det nokon som veit om denne held storviltkravet?
  2. http://www.egun.de/market/item.php?id=4880056#img Muligens litt upraktisk med hanar. Elles ein fin småviltdrilling.
  3. Litt tynt erfaringsgrunnlag, men eg har skote tre ryper med med ammoen, og dei vart fine.
  4. Å kalle ei tredobling for "litt utlsag" er no beskjedent Jenny, men kva du kallar det er ikkje så nøye for min del. Ein kan sjå på uttak av rev, kråke og ravn som ei form for manipulering av naturen, i den samanheng er nyttig å hugse på at den høge tettheten av desse artane også er eit resultat av manipulering. Manglande toppredatorar og evne til å tilpasse seg menneskets sløseri har gjort desse artane til vinnerar, noko som gir negative effektar på artane som er under dei i næringskjeden. Å skyte dyr utan å bruke dei til noko fornuftig er sjølvsagt vanskeleg å forstå, men det kan kanskje rettferdiggjerast med at vi vil forsøke å rette opp i den ubalansen som vi sjølv har skapt. At kråke og rev er intelligente og flotte dyr er eg samd i. At dei skal behandlast med den samme respekten som alt anna levande er sjølvsagt.
  5. Det var snakk om viper og predatorkontroll. Her er eit studie frå England som viser at ein reduksjon av rev (-43%) og kråke (-78%) gav i gjennomsnitt tre ganger så høg hekkesuksess på bla. vipe og rype. Samtidig auka antall hekkande par med 14%, imotsetning til kontrollområdet som hadde ein tilbakegang på 17%. http://onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1111/j.1365-2664.2010.01793.x/full Desse forskerane konkluderer med: "Controlling predators is a potentially important management tool for conserving a range of threatened species. Considerable sums of public monies are currently spent on habitat improvement for conservation and some of these public funds should be used to underpin habitat works with predator removal."
  6. Sel og andre marine pattedyr er hovudvert for kveis. dvs at det reproduktive stadiet i livssyklusen til kveis er i tarmsystemet til desse. Færre hovudvertar vil nok gje mindre kveis.
  7. Det handler nok mest om valg av kule ja. Eg kjenner mange som er fornøgd med 222 til rypejakt. Etter mi erfaring er drillingar i 222 i tyskland like uvanlege som 22 hornet. Hovudmomente for min del var å finne ein drilling i kurant småviltkaliber og sikring på kolbehalsen. For eit par helger sia skaut eg 3 ryper med 223 og 63gr kule med fint resultat. Om ein held seg til skot i sida på rypa går det meste bra. Skal bli interessant å sjå om det er noko merkbar forskjell på 22 hornet.
  8. Det er ganske langt i mellom hagledrillingar i 22 hornet, men dei dukkar opp ei gong i mellom på vdb-waffen og egun. Om ein i tillegg vil ha haglesikringa på kolbehalsen, må ein være tolmodig. Eg har fått montert ein zeiss 1.5-6 i hakemontasjer på min, så no vert det testing av ammo og rypejakt framover.
  9. Her dukka det opp ein fin småviltdrilling krieghoff trumpf 20 og 22wmr. http://www.ace-gun.com/index.php?id_product=332&controller=product&id_lang=7 Google oversetter fortel at den vart spesialbestillt i 1967.
  10. Det ligg ein liknande på egun. Er 5,6x50r det samme som 222 rem mag? http://www.egun.de/market/item.php?id=4721617
  11. Fin drilling! Ja, eg skal ta nokre testskot før eg bestemmer meg. Kva type ammo brukar du i kal 16?
  12. Takk for svar. Då trur eg at eg kjem til å borre opp til 1/4 og 3/4, slik at den vert meir eigna til fugl. Skal få børsemakaren til å sjekke trangboringa.
  13. Er det nokon som veit kva trangboring som var vanleg på krieghoff trumpf på 70 tallet? Er det forsvarleg å skyte stål i med leirdueladningar?
  14. Interessant tråd! Må sei at den skinnedrillingen freista noko voldsomt ei stund, men prisen satte ein effektiv stoppar den morroa. No har eg fått tak i ein Krieghoff trumpf i 16/70 og 22 hornet som eg trur eignar seg svært godt til småvilt. Den har ikkje kikkertsikte, men det er tillaga basar for hakemontasje, så der vil det komme ein kikkert etterkvart. Eg har ein Zeiss 1,5-6x42 som eg tenker å få tilpassa ringar til. Hadde tidlegare ein kombi med 1-4 ganger forstørring, og erfarte at det gjekk greit å skyte ryper opp til 120 meter den. I og med at 22 hornet begrenser skotavstanden til ca 150 m, så trur eg ikkje at det er nødvendig med noko meir enn 6x. Eller kva trur de? Fekk testa 2 skot med rifleløpet og opne sikter på 50m, det såg lovande ut, to tiarar! Eg er spendt på korleis presisjonen og varmespredning er på ei så lita patron. Håpar at i det minste to skot går greitt før den byrjar å klatre.
  15. Då fekk eg montert stokken. Det er ikkje spesiellt vanskelig, berre ein har nok forlengera til umbrakoen i stokken. Ein børsemakar på jakt og friluft anbefalte bedding, slik at belastninga frå rekylen kjem der den skal. Det vert nok bedding neste gong eg er i nærleiken av ein børsemakar. Elles verkar stokken å passe meg godt, blir artig å prøve. Takk for tips.
  16. Takk for tips. Då må det nesten være den som sit lengst inne? Kassa er svart ja. Skal legge ut nokre bilder, når eg har funne ein umbrako som er 40 cm lang. Her er den einaste beskrivelsen eg fann på nett. litt mangelfull etter min smak. http://blogg.vapenmekaniska.se/#post54
  17. Den som sit bak i kolben verkar å være heilt rund, utan spor til skrujern eller anna. Håper på ei oppklaring
  18. Er i gang med å montere KKC stokk på ein R93, men har problem med å få ut "låskassa" frå den gamle prof stokken. Har fjerna dei tre torxskruane som er synleg, men finn ikkje ut kva eg skal bruke for å løsne den som sit bak i kolben?? Det er vel nokon som veit korleis ein får denne ut??
  19. Eg brukar S&B heilmantel på rypejakt, det fungerer svært bra, god presisjon og lite kjøtøydelegging. Ei rype som eg skaut midt i skroget fekk for hard medfart, utan om den har eg berre positiv erfaring.
  20. Rieber avvikla desverre garveriet for nokre år sia, og gode alternativ i Noreg finst ikkje såvidt eg veit.
  21. Det er ein svensk kompis som leverer dei for meg, så eg må høyre med han neste gong eg prater med han. Garveriet ligg i kemi, så det er godt mogleg at det er det her. http://www.keminnahkatarvike.fi/sve/index.htm Dei fire skinna eg fekk tilbake no ser veldig bra ut, så det lover godt for dei siste tolv. Om eg hadde vist korleis ein legg ut bilder her, så kunne eg lagt ved bilde av resultatet.
  22. Har samme erfaring som dei fleste her. Gule skinn som manglar luffehol og som har vore dårleg utstrekt. Sendte skinn til Rieber tidlegare med mykje dårlegare utgangspunkt, dei vart bra. Granberg kan ikkje det handtverket der, det er heilt sikkert. Eg garver skinna mine i Finland no. Der vert resultatet bra om forarbeidet er godt.
  23. I følge diett studier på storskarv, så består dietten hovudsakeleg av torsk og sei (http://www.bioone.org/doi/abs/10.1675/1 ... ookieSet=1" target="_blank). Desse artane er minst like utsett for overfiske som sild, makrell og tobis.
  24. Hmm... men meinar fortsatt at overfiske er årsaken til nedgangen hjå alle sjøfuglar som et fisk? Det er sjøfuglen og ikkje grågåsa eg er bekymra for. Det er klart at det er fleire faktorar som har betydning for sjøfuglbestandane, og at det nok ikkje er overfisket aleine som forårsaker nedgangen. Menneskelig forstyrring, habitatøydelegging, mink og kråke++ tar sin del av sjøfuglkaka, men den jamne negative trenden ein har sett dei siste 10-15 åra trur eg at i stor grad kan tilskrivast overfiske. For at ein skarv skal kunne hekke lyt den ha godt med opplagsnæring, har den ikkje det, ventar den på betre tider. Etter det eg har lest i rapporten så er det ein heil del skarv tilstades på hekkeplassane, men den hekkar ikkje. Har saksa litt frå fylkesmannen si heimeside. Sjølv med enkelte teikn til betring i sommar, er det med andre ord langt igjen før hekkebestandane av sjøfugl i Sogn og Fjordane er tilbake på nivået frå førre tiår. Årsakane kan vere fleire, men næringsmangel er den altoverskuggande forklaringa på problema. Problema har vore dei same over fleire år også i nabofylka, og berre næringsmangel kan forklare så omfattande tilbakegang over så store område. Tal frå sjøfuglteljingane viser elles høg grad av samsvar med tal frå industrifiske i Nordsjøen: Når det er tatt mye fisk, er hekkebestandane små, mens dei har auka i periodar med fiskestopp. Sjølv om sjøfuglane våre ikkje flyg heilt ut på bankane i Nordsjøen for å fiske, får samanbrot i viktige fiskebestandar ringverknader gjennom fleire ledd i økosystemet og over store område, heilt til sjøfuglane på toppen av næringskjeda.
×
×
  • Create New...