Detta høyres moro ut. Men skal du bare få 1 time? Du skulle jammen fått fleire syns eg. Eg trur ikkje at det er så veldig farleg om du ikkje har med våpen, men gjer du det så går det sikkert greit for skulen. Bilder og film er supert. Kanskje du kunne laga ei lita utstilling med nokre utstappa dyr og evt. eit skinn eller noko. Har du noko skrap du har plukka med deg frå skogen? Eit reir, ein skalle, eit horn? Det likar ungane.
På vår skule har vi elgjaktprosjekt med 3. og 4. trinn anna kvart år. Då lærer dei om jakt, særleg elgjakt. Alle elvane tek skyteprøva i bomberomet, får bevis på det. Dei er på sløyden og lagar seg trebørser. Får våpenkort til denne. Dei lagar ting av elgtenner (øyredobbar, nykelringar), elglort, horn osv osv. Høgdepunktet er jaktdagen. Då er vi i skogen bak skulen på jakt. Lensmannen kjem for å kontrollere at alle har våpenkort og avlagt skyteprøve. Vi har med bikkjer og delar inn i jaktlag. Jaktradioar brukar vi sjølvsagt. Som regel finn kvart lag ein elg dei feller (pappelg). Til slutt samlast alle jaktlaga til mat rundt bålet. Her et vi nyste, og får smake litt elgkjøt. Litt meir omfattande enn ein time, men ein kjempopplevelse både for store og små.