Jump to content

Junell

Members
  • Posts

    284
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Posts posted by Junell

  1. 13 hours ago, morpho79 said:

    Det er egentlig senterlinje for kasse og løp jeg bekymrer meg mest for for øyeblikket.

     

    Då er det absolutt greit å avvente med resten av linjene. Det heng jo sammen.

     

    13 hours ago, morpho79 said:

    15997222013172657587593862044603.jpg

     

    Eg ville justert fleire av linjene på omrisset ditt. Stramma det opp litt. For å få eit heilt standard klassisk skjefte so er det eit greit utgangspunkt at linja under forskjeftet ender midt i munningen, linja under kolben ender i rota av avtrekkeren og linja under grepsavslutninga treff hælen.

     

    Når du begynner å fjerne gods er det greit å tenke på kva hjørner som skal være skarpe og kva som må være avrunda. Grepsavslutning og overgang mellom kolbe og pistolgrep er typiske plassar der det er lett for at alt blir mjukt og avrunda, og ein ender opp med noko som minner om eit godt brukt såpestykke. Stramme og godt definerte linjer er alltid bra greier.

     

    Ellers.. Ei bua karosseri-/panserfil er heilt topp til avsponing. Har du? Om ikkje, og du tilfeldigvis held til i Trondheim-ish so har eg sikkert ei til overs. 

  2. Det er lurt å starte med å teikne opp grunnlinjene, altså senterlinje på pipe, underside av forskjeftet, kolbekam og -buk, samt lengde på kolbe. Rett og slett eit grovt omriss. Om du er trygg på plassering av linjene kan du godt skjære ut mesteparten før du tek innfellinga, men endeleg forming er det lurt å vente med til etter innfelling, både med tanke på oppspenning og justering av mål.

  3. For at beddinga skal funke optimalt - Ja. Men det finnes jo plenty våpen som går bra utan å være bedda i det heile tatt. Eg vile testa først, so gjort det om det var nødvendig. Er du uheldig vil ikkje kassa di passe i den bedda stokken, då må du jo bedde på nytt åkkesom.

    • Thanks 1
  4. På 9.8.2020 den 22.58, Henrik123 skrev:

    Kommet noe lengre?

     Njæ. Ikkje egentleg. Det slår meg at dette kanskje er eit skrekkeleg dårleg prosjekt å lage ein tråd av. Etter å ha scanna er neste punkt på lista å lage ein modell. Sidan eg ikkje er veldig dreven på det vil det truleg ta litt tid, og det blir ikkje veldig mange gode innlegg av at eg sit heime i sofaen og knotar med ei CAD-fil i nokre månader. Det hjelp heller ikkje på at det tidvis er antydningar til sol og plussgrader ute, so eg har stort sett pusla med andre ting. Dårleg fokus og lite framdrift, rett og slett.

     

    Ein ting eg var litt bekymra for var om den planlagte opprettinga/hevinga av kolben kom til å øydelegge all estetikk. Eg har ikkje PC med scann og modellar for handa akkurat no, men eg fant eit gammelt bilde der eg hadde skrudd sammen stålet med skjeftet og hekta eit sikte i ein av basane, bare for å sjå om det passa sånn omtrentleg. 

     

    117759459_1029721394149015_5511805207334053634_n.jpg.10437c05d5f7e04521682d3bb085bfa2.jpg

     

    Plana er som sagt å endre vinkelen på kolben, for å få eit skjefte som er betre egna for bruk av kikkertsikte, grovt illustrert på det første bildet nedanfor. Eg reknar med at den mest naturlege plassen å gjere endringa er rett bak pistolgrepet. Ein ting det er lurt å ha fokus på er korleis linjene i skjeftet endar seg når kolben skal rettas ut. Ein grei regel er at linja i underkant av kolben skal ende opp i avtrekkeren, eller tangere med radien i pistolgrepet. Linja som følger underkant av pistolgrepet kan godt ende i kolbehælen. Om ein (grovt) skissar opp linjene på det eksisterende skjeftet, som på det nederste bildet, so ser ein at linja under kolben ender rett over radien til pistolgrepet. Når kolben blir retta ut vil linja peike meir mot avtrekkeren, noko som truleg vil sjå heilt OK ut. Det samme gjeld linja i underkant av pistolgrepet. På originalskjeftet ender denne eit godt stykke over hælen, so når kolben blir retta opp vil linja forhåpentlegvis ende ganske nær hælen.

     

    Eg er i alle fall litt tryggare på at det kan gå å gjere endringar utan at det blir estetisk katastrofe.

     

    117759459_1029721394149015_5511805207334053634_nyy.png.2b342da59f21cff1315a2e1cc64ca681.png

     

    117759459_1029721394149015_5511805207334053634_nxx.png.8219126e47f924e6b399a68107d33431.png

     

     

     

     

    • Like 2
  5. Vallorbe er definitivt bra og dei har fortsatt veldig godt utvalg. På jobb har vi i tillegg eit lite lager av Öberg frå då det fortsatt vart produsert i Sverige. Dei er òg veldig bra.

     

    Ellers gjeld det som med alt anna, rett bruk og litt vedlikehold gjer underverker for at filene skal vare ei stund. 

  6. I praksis er det stort sett liten forskjell på eit bra skjefte og eit bra chassis. 

     

    Men: Kva skal du bruke børsa til? Jakt? Rekreasjonsskyting på 100m? PRS? Litt av alt? Eller bare eit prosjekt fordi det er gøy? 

     

    Eg har ein kort 700 i 308 som allbruksbørse. På den har eg no eit (relativt lett) laminatskjefte med alukjerne og justerbar kolbe, altså eit slags semi-chassis eller jaktchassis. Den har vore utstyrt med både fancy syntskjefte med alukjerne/beddeblokk og eit simpelt laminatskjefte tidlegare, utan at det har utgjort noko som helst på praktisk presisjon. 

  7. På 22.7.2020 den 9.56, Elgjaeger skrev:

    Boyds har ikke pre -64 listet opp som alternativ kasse.

     

    Joda. Den står som "PRE WW2". So vidt meg bekjent var det ikkje større endringar frå den kom på tredvetallet fram til -64.

     

    pre64.jpg.c571a8b85e9f327021801d732f8fb7a7.jpg

     

    Ellers vil eg gratulere med børse. Dei er jo ganske morosame. Eg slo kloa i ein pre-64 sjølv for eit par år sidan. Ein godt brukt 250-3000 Savage frå 1947. Den hadde fortsatt kikkerten børsa ble solgt med, ein Weaver K4 produsert samme år som rifla (eller året etter).   

    • Like 1
  8. Mykje av motivasjonen for å scanne og lage ein modell er at eg har lyst å bli betre på modelleringsverktøy som takler friforming av flater. Om eg har eit fint prosjekt so blir forhåpentlegvis motivasjonen til å sette av tid større. Om eg kun ville hatt eit skjefte so hadde nok gått for eit anna alternativ. Eg kunne sikkert kjøpt eit skjefte, men so vidt meg bekjent finnes det relativt få ferdigskjefter som er nokolunde klassiske.

     

    Uansett, eg fekk tatt eit kjapt scann tidlegare i dag. Scanneren eg har tilgang til er optisk, so den likar hverken veldig mørke eller veldig lyse flater. Meir opplyste folk kan heilt sikkert forklare korleis og kvifor langt betre enn meg, so eg står over å prøve.

     

    Ein ting eg ikkje hadde tenkt på er at skjeftet er, vel, mørkt. Det frste scannet vart kun støy. Minimalt av flata vart med. For å fikse det kan ein øke lukketida eller gjere overflata lysere. Det finnes middel på sprayboks som gjer overflata lys og matt, som vanlegvis funkar bra. Etter ein runde med spray og maks lukketid gjekk scannet frå null til heilt OK.(Bilde 2 og 3 under.)

     

    109924368_650426759155258_3726138005948638685_n.jpg.290f79803cfcbee0eeaf99bac6a6ede6.jpg

     

    gom1.jpg.20b8aa81a13f7c85ef6ab27b99c935da.jpg

     

    gom2.jpg.82baf33df980f2cff3c6d7a8bef76efa.jpg

     

    Scanneren har òg rundmatingsbord. Eg satte opp skjeftet med kolben sentrert i arbeidsområdet til scanneren og stilte inn på 9 eksponeringer fordelt på 360 grader. Etter å ha gjort det snudde eg kolben opp-ned, altså med tåa opp, og gjentok. Det var nesten alt som trengtes for å få ei akseptabel flate frå kolben. Eg tok 3-4 ekstra eksponeringer for å få med nokre få blindsoner og å tette eit par hull.

     

    På bildet under kan ein sjå ein del små runde klistremerker på skjeftet. Dei fungerar som referansepunkt for å orientere og sy sammen eksponeringane. Normalt er det meir arbeid å fjerne dei etter scanning enn å klistre dei fast. På eit gammelt skjefte som er fult av olje, smuss og (ekstreme mengder) scannespray var det ofte vanskeleg å finne plasser der dei ville henge fast i det heile tatt. Når eg i tillegg måtte supplere med meir spray so var det lett å spraye klistremerkene i tillegg til treverket, noko som gjorde at scanneren ikkje fant dei igjen. Då måtte dei tørkes av med ein vattpinne, noko som  førte til at dei kunne ramle av.

     

    Når kolben var ferdig satte eg skjeftet på høykant og scanna del for del oppover mot pistolgrep, innfelling og fortre. Innfellinga var spesielt vanskeleg. Heldigvis er ikkje den kritisk. Etter at skjefteforma har blitt justert og retta på er det ganske grei skuring å modellere ny geometri for låsekassa. Fordelen med å ta dette for seg sjølv i etterkant er at ein kan lage eit lite bibliotek med innfellinger for forskjellige låsekasser. Når ein først legg so mykje arbeid i det er det greit å kunne bruke samme skjeftemodell til fleire våpen. Sånn i tilfelle.

     

    Det vart ein del hull i flata og eg er usikker på om scannet faktisk vart bra nok. Eg har ikkje erfaring med etterbehandling av scanna modellar, so eg er spent på om det er mogleg å få til noko med det. Eller, eg er kanskje mest spent på om eg får til noko med det.

     

    109706610_2687207711525917_5069627541572662243_n.jpg.f2e15841b53eab7776d0499729db3233.jpggom3.jpg.290bbd77a2e909129dd8ce1e8809731f.jpg

     

    gom4.jpg.70cacfda70480db696c26c32fcecf6e0.jpg

     

     

     

     

    • Like 10
  9. Eg har eit gammelt mauserskjefte liggende. Det vart kjøpt for ein neve femtilapper og var tiltenkt ein skranglemauser i 7,92. Skjeftet er lett, kort og slankt, og eg liker forma veldig godt. Plana var å lime sprekker, tilpasse løpskanal  og bruke det omtrent som det er, men som med dei fleste slike prosjekt so har det blitt liggende i bua i påvente av ledig tid. Ein av grunnane til at det ikkje blir prioritert er at kolbekammen egentleg er litt i lavaste laget, det er jo lagd for opne sikter. 

     

    Som eit alternativ har eg tenkt at eg kanskje kan låne meg ein skjeftefres/duplikator, lage ein kopi, endre vinkel på kolben og so bruke den som mal for å frese ut ein endeleg versjon. Sjølv om eg ikkje har slått heilt frå meg at det er eit godt alternativ har eg no begynt å leike med tanken på eit tredje alternativ. Scanne det eksisterende skjeftet, lage ein CAD-modell med dei endringane eg ønsker og ta resten i ein styrt fres. Eg har tilgang til det meste eg treng for å få det til, den største bøygen er å lage ein god modell frå scanninga og å få endringane på kolben til å harmonere med resten av skjeftet. Eg får til basisk CAD, men friforming av flater har eg knapt prøvd. 

     

    Er dette eit prosjekt det kan være intressant å lese om? 

     

    Her er skjeftet i si noværande form:

     

    109828361_279886726433730_7344772049284630664_n.jpg.dda5b07226ab281531966c053212582b.jpg

    110174113_304010770788570_8557290018151873977_n.jpg.5e5b88c3306a6b9d11bb6a7a46488128.jpg

    109936444_1056875104708195_3873678426589570417_n.jpg.574f575c6a69ccc3ba82baebcd960115.jpg109693430_2735384173361616_2629658302068919792_n.jpg.c70c98ad50c3d7ede59c515a08ce23d0.jpg

     

    Godt brukt. Nettskjæringa er nesten slitt bort enkelte plassar og sprekka som går frå bakre skjefteskrue stoppar ikkje før den nesten er ferdig med heile fortreet.

     

     

     

     

    • Like 9
  10. På 27.5.2020 den 15.09, Bäke skrev:

    Hvis jeg skal ha 2 spesialpistoler må jeg først ha en mengde stevner.

     

    Kanskje eit fint argument til å arrangere stevner? No har ikkje eg skutt aktivt på  mange år, men uapproberte stevner funkar vel fortsatt som ein del av ervervsgrunnlaget? Dra med folk og kjør stevne på klubbtreningane. Ein kan fint lage feltløype på fem standplassar innendørs midtvinters.

  11. Eg har ein gammel Winchester Model 70 i 250-3000 Savage med 1:14-stigning. Eg kunne tenkt meg å prøve den på rype, men finn få egna kuler som den greier å stabilisere.

     

    Veit nokon om produsentar som lager heilmantel (eller gode konvensjonelle jaktkuler) som er maks 85gr, helst lettere?

     

    Speer Hot-cor finnes i 87gr og Barnes TTSX i 80gr. Eg har ikkje testa dei, men eg vil tru at begge blir akkurat for tunge/lange til at eg får stabilisert dei godt i moderate småviltladninger.

  12. 5 minutter siden, Resuam skrev:

    [...] og når jeg hekter rifla over piggen som stikker opp (ramma), kjente jeg ikke vekten av den en gang.

     

    Dette er jo ein av bonusane med powerframe. Veldig greit å kunne henge på ei ekstra børse på tur heim, eller ein sekk om kompisen må trive børsa og springe for å nå tak i dyr. 

    • Like 1
  13. Men er det like morsomt?

     

    Det beste er nok å lage ein villkatt. Då slepp ein fornuftige løsninger som kven som helst kan få til og ein får kose seg med å bruke mykje tid å pengar på å få til ei perfekt løsning på det som egentleg ikkje er eit problem. Sant?

     

    9,3x48?

     

    308-9,3x58.jpg

    • Haha 1
  14. På 31.3.2020 den 9.25, Torf skrev:

    Hva er det du ønsker å oppnå?

     

    Det var kun nysgjerrigheit, ikkje noko reelt behov. Eg begynte å sjå litt etter patroner med større kulediameter som kunne passa rett i rifla mi med kun løpsbytte. Eg har ein heilt vanleg kort 700 i 308 med AICS-magasin. Då er det 308-lengde, og helst tilsvarende støtbunn som gjeld. 

     

    Har tidlegare vurdert eit ekstra løp i 358 win, so eg begynte å tenke på kva andre tilsvarende alternativ som kunne vore aktuelle. 358 win improved er jo veldig tilsvarende, 338 Federal og 375 Raptor er jo òg i samme gate. So då var det naturleg å sjå om det fantes ei 9,3-patron bygd på samme lest.

     

    At ein 9,3x57 går om ein forlengar magasinet var nytt for meg. Det kan jo være eit fint alternativ. Grunntanken er jo å få à la 9,3x57-ytelse i ei 308-lengde patron. Slik sett er det jo vanskeleg å avfeie det heilt. Samtidig ha det vore kjekt å kunne bruke eksisterende skjefte og magasin.

     

    So spørsmålet om ein kort 9,3 står fortsatt.

  15. For min del ville det blitt ein kort 700, so då blir det vel ei maks patronlengde på 73-74mm, helst litt kortare. Det er ikkje ei aktuell problemstilling riktig enda altså, kun ein fornøyeleg tanke.

     

     

  16. Problemet med muffe er jo, som du sikkert veit, at det blir knot med utdrageren. Men tanken om ei fallblokk med utskiftbare løp er jo besnærende. Eg meinar eg såg ein artikkel om eit takedown-bygg på ein No.1 i Vapentidningen ein gong i tida. Var det Spuhr som bygde? Når ein først har gjort det ein må for å kunne ta inn og ut løpet av kassa for hand so er det jo ikkje allverden å ha fleire løp. Men det er jo ein del arbeid. So det kokar vel ned til om ein er villig til å ta kostnaden. 

  17. Finnes det 9,3-er som går i 308-lengde kasser? Har søkt litt men finn ikkje noko. Rart om ingen har tenkt tanken. Det finnes då greit utvalg av kuler som ekspanderer fint i modrat hastigheit. Eg skjønnar jo at det blir liten forskjell på ein 9,3-08 og ein vanleg 358 win, men tanken er jo morsom.

×
×
  • Create New...