Jump to content

Stihl Crazy

Members
  • Posts

    4,253
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Posts posted by Stihl Crazy

  1. BearBeer skrev (På 15.1.2024 den 22.29):

    @Stihl Crazy takk for det! Det kan hende jeg har vært for sløv med å file ned rytterene. Er det viktig at det er nogenlunde nøyaktig? Har også lurt på om jeg bør presse fila litt opp mot underkanten av tanna når jeg filer, eller skal den bare løpe i sporet? Hadde så god mestringsfølelse med rundfila en periode, men nå er den borte. Føler ikke at kjede blir skarpt lenger. Rimelig sikker på at kjede ikke er utslitt.

     

    Har en MS 170. Det blir vel omtrent det samme som 22lr i rifle. Har lurt på å kjøpe ei litt større sag, men aner ikke hvorfor. Kanskje påvirkning fra denne tråden. Finnes det små proffmodeller? 

    Bruker saga til vedarbeid og litt annet småtteri. Har hverken traktor eller atv, så den bæres ofte litt (men veden bæres ikke ut på ryggen nei;)
     

    @BearBeer eg presse ikkje fila opp, lar ho berre gå ‘’lett i sporet’’ men eg filar sittande med saga på låret, støttar saga med eine handa og filar med den andre. Når saga ikkje sit fast i skrustikka er det mykje enklare og sjekka at heile tanna er filt, berre snu ho litt og sjå. Men du har eit godt poeng, under spissen av tanna der det er viktigst er èin typisk plass som ikkje vert filt, så då må èin ta eit drag eller to til og sjekka igjen.

  2. Nei eg gjere ikkje det, som regel er det litt variert sjølv om det er mest sitka men på ask bør ein vel kanskje Vera litt forsiktig med og ta dei for lave. Ellers går det jo Ann og ta eit drag over dersom dei er for høge. Skrustikka er vel best på ryttarane men det går greit og ta dei på frihand og.

  3. Av èin eller annen grunn blir ikkje bileta skikkeleg klare, dei er skikkelige på nettbrettet mitt men når eg legg dei inn her er dei ikkje bra. Uansett må èin halda fila passeleg høgt i tanna, eg vil sei ‘’half mon’’ form etter at ho er filt. Foretrekk og bruka ryttarmal eg då. Har er mala for picco kjedet til stihl. Ha dei llitegrann høgare enn på ‘’hard’’ samt det eg skreiv om tanna, då vert det veldig bra. image.jpg.659fed0d4115654a8b011e46ce728df6.jpg

  4. Eg har både 201, 241 og 261. 201 er veldig bra ja, har ikkje brukt 241 så mykje enda men er èin god del meir krefter der føler eg då. Til desse to er det lettvektsverd og få til 261 trur eg ikkje stihl har det, må sjå på Oregon eller sugihara/tsumura vil tru dei har.

  5. Eg har berre erfaring med proffsager så det kan eg ikkje seie så mykje om, generelt sett har kjeda alt og sei. Allrounsager brukar ikkje ha det same vekt/effekt forholdet som ei proffsag og er muligeins ikkje laga for og gå like mange timar, ellers er dei vel heilt ok. Husqvarna 353G var ei bra allroundsag, den har eg brukt mykje når eg tenker meg om. Her er nokre bileter av filte tenner.

    image.jpg.054699f716542bc3b90233f2f6693bc7.jpg

    • Like 1
  6. Torf skrev (På 18.1.2024 den 7.39):

    Jeg konkurrerte i løpende viltmål mot en engelsk skytter for en del år siden. Han var forstmester på et gods og skjøt ca 1000 hjort i året med 243win. Det var tydligvis ikke nok. Nå må det skytes 750000 hjort i året for å holde bestanden i sjakk.

     

     

     

    Ikkje meininga og la det bli èin kaliberdebatt, men når han kan skyta så mange hjort i året med ei .243 så burde me kanskje kunna brukt 6 mm kaliberet litt meir her på berget og. Så mange storbukkar er det ikkje her.

  7. Veit ikkje om du har kyr, men sto på nrk om dagen kor lite melkeprisen hadde auka med dei godt og vel siste 30 åra. Ikkje rart at det har minka enorm på melkebruka. Kostnadane har jo gått rett opp. Færre og større har vel vore gjennomgangsmelodien i jordbruket omtrent sidan -50 talet.

    • Like 1
  8. BearBeer skrev (7 timer siden):

    @Stihl Crazy takk for det! Det kan hende jeg har vært for sløv med å file ned rytterene. Er det viktig at det er nogenlunde nøyaktig? Har også lurt på om jeg bør presse fila litt opp mot underkanten av tanna når jeg filer, eller skal den bare løpe i sporet? Hadde så god mestringsfølelse med rundfila en periode, men nå er den borte. Føler ikke at kjede blir skarpt lenger. Rimelig sikker på at kjede ikke er utslitt.

     

    Har en MS 170. Det blir vel omtrent det samme som 22lr i rifle. Har lurt på å kjøpe ei litt større sag, men aner ikke hvorfor. Kanskje påvirkning fra denne tråden. Finnes det små proffmodeller? 

    Bruker saga til vedarbeid og litt annet småtteri. Har hverken traktor eller atv, så den bæres ofte litt (men veden bæres ikke ut på ryggen nei;)
     

    Lita proffsag fins ja og er den saga eg har brukt mest dei siste 4 åra, stihl 201. Har tilgang på andre og då men brukar mest denne vesla saga.

  9. Sjølvsagt er det det. Rundfil er plenty nok meinar eg då, er vel èin grunn til at det er det vanligaste blandt dei som filar jevnlig. Men skal ikkje vera for kjepphøg her, andre har sikkert annerledes erfaring men sjølv har eg eigentleg ikkje vore borti så mange andre måtar men så er eg jo litt minimalistisk av meg då, sjølv om eg kjøpte denne saga her.

     

    Du må sjølvsagt ha ei flatfil og til og fila ryttarane, eg foretrekk faktisk ei ryttarmal for og ha kontroll der, uansett dette er det eg brukar.

    https://www.husqvarna.com/no/fileutstyr/filskaft/ 

    https://www.stihl.no/STIHL-produkter/Motorsager/Skjæreutstyr-tilbehør/Fileutstyr/22116-1553/Flatfil.aspx

    https://www.stihl.no/STIHL-produkter/Motorsager/Skjæreutstyr-tilbehør/Fileutstyr/21415-1553/Rundfil-CLASSIC-og-COMFORT-til-sagkjeder.aspx

    https://www.stihl.no/STIHL-produkter/Motorsager/Skjæreutstyr-tilbehør/Fileutstyr/267816-1553/Ryttermal.aspx.

    Eg kan komma med nokre ekstra tips dersom du er innteresert. Er nok dei som kan mykje meir men eg kan litt, pittelitt iverfall.

     

     

     

    • Like 1
  10. pondus63 skrev (5 timer siden):

    Hvis du har en av kanal leverandørene jeg listet øverst så skal du ha den, eventuelt må du gå inn på din side oss din leverandør og velge kanalen

     

     

    Eg har ikkje tv, men eg har eit nettbrett eg har fått av kommunen så då spørs det vel.

  11. Hylsebrett, eller noko liknande det må du nesten ha. Mulig du kan bruka patronboks og. Var nesten litt kjekt og dette her: kor få ting kan eg Klara meg med til lading.

    1 pressa, vanleg O pressa eller ei C pressa det går og.

    2. Diesett, Lee collet samt ei kulesetterdia. Klarar deg lenge med det.

    3. Vekt, eg lada i begynnelsen med Lee si. Gjekk heilt greit.

    4. Lee si kruttrakt. Passar dei fleste kaliber.

    5. skyvelær, trur kanskje du bør ha det.

     

    Ellers er det ikkje så mykje meir eg kjem på som er tvingande nødvendig. Punkt 1 og 2 kan erstattar med èin Lee Loader dersom det fins til kaliberet omgivelsane ikkje reagerer på litt banking og behovet er berre nokre hundre skot i året. Ladar du berre ei eller to kuler går det vel med ei kruttausa frå Lee og. Det var det, ei lita liste som viser kor lite èin kan Klara seg med. Leste èin gong at på 1800 talet åt Europas fattige befolkning nesten berre poteter. Er ikkje alltid èin treng så mykje som èin trur èin treng.

×
×
  • Create New...