Jump to content

Stihl Crazy

Members
  • Posts

    4,330
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    3

Everything posted by Stihl Crazy

  1. Etter å vært ein snarvisitt inom ein kikkert med 56 lysopning og lys, så ser eg at det er ikkje noke for meg, iverfall 56 lysopning. Blei rett og slett litt for stort, kjeme til å gå for 50. Dei fleste vil vel ha lys i retikelet men er ikkje så sikker på at eg treng det (iverfall ikkje enda) Grove medforstørande stolpa trur eg passa meg fint, enten retikel 4 eller 4a. Såg på eit Helia kahles i dag, 2,5-10x50 C modellen uten lys med retikel i første bildeplan. Det synes eg var passeligt, ikkje for stort og ikkje for tungt, heilt uten fancy mikkmakk som eg er litt allergisk mot, litt vanskelig å vita korleis det ter seg i dårlig lys da, men kunne kanskje gått for dette her.
  2. Zeiss victory diavari 3-12x56
  3. Såg såvidt på det no uten å ha målt eller noke sånt da, men trur det er så enkelt som at eg må ha high varianten . Trur Ikkje eg tar sjansen på den andre var berre ca 3 mm forskjell men er vel det som må til for å få kikkerten til å passa. Er det vanskelig å montere Ein sån montasje sjølv? Såg at den var litt annerledes enn enn den originale cz montasjen . Var jo forklart korleis det skulle gjerast da men å lese fag engelsk er Ikkje heilt lett.
  4. ok, får sjå kva eg gjere det enklaste er vel å gå til den lokale våpenforetningen her rafdal og kvale, han har peiling men det koster vel noken kr, men da gjere da og viss det eg kjøper blir feil. Baksikte har eg ikkje så mulig eg klare og måla meg fram. Takk for hjelpa!
  5. Nå er ikke spørsmålet rettet til meg - men om det så hadde vært ville jeg anbefalt Nosler AccuBond 140 grain. Den dreper hjort så den dreper elg ok takk for tipset. Har lest litt på nettet men det er mange ulike erfaringa ser eg. Rifla mi har litt kort løp ca 47 cm, det spelar vel og inn. Hadde kanskje tenkt litt på partition eg. Mangla jo boattailen til accubonda da men får det vel til likavel. Skaut ein hjort i fjor med denne kula (partition fabrikklada) på ein 60-70 m ca. Hjorten stod heldigvis heilt i ro etterpå men eg såg at den skaut litegrann rygg så kula var litt langt bak. Satte så snart eg kunne ett skudd til og da deiste den i bakken, heldigvis. Hadde det vært dårligt lys så hadde eg hatt eit problem hadde ikkje sett ein ting etter skudd nr 1. pga muningsflammen. Lærdommen får vera halda lengre framme, trur at det er lett å ubevist skyta for langt bak pga ein vanligvis skyt på blink og da skal ein sikta i midten, har lurt på om det er utslagsgivande på dyr og dersom ein ikkje er obs på det. Men tilbake til kula, i dårligt lys vil det vel vera ein fordel at dyret dett fortast mulig partiton splintra vel lett, iverfall framste delen og burde i så måte vera brukande?
  6. Er det "klo" på den der? er vel det sjølv om eg ikkje ser det. Er jo ikkje akkurat samme rifla da og sikkert ikkje samme kikkert helde men ca kor mykje klaring har du da til løpet?
  7. noken her som har tips til enklaste måten å få tak i brukande 30 mm montasje til denne rifla. Har i dag original 1 toms cz montasje sån med klo, den nye må vera 30 mm og så høg at det går i ein 56 mm kikkart, men sammtidig så lav som mulig.
  8. cz 550 american, for den har eg men da trur eg du må på bruktmarkedet. Uansett veldig bra avtrekk på denne etter at eg stilte det. Det er iverfall mitt tips ikkje nødvendigvis ei 550 men ei med lett avtrekk, ikkje uforsvarlig lett da og med så lite kryp som mulig. Eg skyte iverfall mykje bedre med bra avtrekk.
  9. Sikkert inne på noke der men da går vel annet å få fiksa til Ikkje så reint få krone kan eg tenke meg. Må vel ha grove stolpa i kikkerten for at det skal funka viss lyse går
  10. Ser Ein prikken om dagen og i halv dårlig / grått Vær da eller har Ein berre Dei tynne strekene å orientere seg etter .
  11. Ja men til dårlig lys så har eg merka meg at den 3-9x40 kikkerten min pleie å stå på ca 6-7 uansett hold
  12. jaja, eg har nå ikkje kjøpt enda....
  13. Har foreløpig etter ein del vingling bestemt meg for ein zeiss diatal 7x50 med lys, (veit ikkje om dei finnes uten) som er i bra stand. Kva bør vera fornuftigt å måtta gi for noke sånt ? Noken som har tips om pris eller noken som kan tenka seg å selga? ps valg av retikkel: ser at dei er levert med 3 ulike retikkel : 40, 44 og 60 kven av dei vil vera å foretrekka, viss eg har den muligheten til mitt bruksområde som er hjort i dårligt lys eller er det litt hipp som happ?
  14. prøvd å lesa meg litt opp i helga i tilegg til å sitta på post uten å sjå så mykje som ei klauva, kun ein katt Skulle sikkert ha komt med ein del av spørsmåla til å begynna med men sån blei det nå ikkje. Har skjønt det sån at dersom eg velge uten lys så bør eg ha medforstørande retikel, er det det som heiter i første bildeplan såvidt eg har forstått så blir retikkelet større når ein skrur opp forstørelsen. Dersom eg velge uten lys så bør eg ha fast forstørelse på retikkelet dvs i 2. bildeplan. Der kjem eg inn på neste dilemma om eg skal velga med eller uten lys, Er det ein stor fordel eller klarer ein seg godt uten? kan bli littegrann alterert som me seie i kampens hete så dersom eg velge med lys så får eg ein ting meir å holda styr på. Det eg tenker er at det er greit med ein liten raud prikk særligt når det er mørkt . Sammtidig så er det jo ein ting til som kompliserer det heile og som kan detta sund. Må ein sitta på post å stilla på lyset etter kvart som det mørknar? Sikkert naive spørsmål for mange men mi erfaring når ein kjøper noke uansett kva det er at ein av og til får seg ein liten aha opplevelse eller overaskning over ting som ein overhode ikkje har tenkt på, eller er det så enkelt at etter at det har begynnt å mørkna så stiller ein det berre på minimum og lar det stå der til ein går heim? Ser at det er mange ulike meiningar anngåande valg av retikkel og, victory modellane til zeiss har dei retikkelet i 2 bildeplan både gammle og nye modeller? Retikkel 44 med lys er det noke å satsa på, når kikkerten er nettopp ein victory?
  15. må ein ha papira for å sjekka serienummeret? eller er det stempla inn på kikkerten. Drive å sjekka litt i bruktmarkedet etter zeiss og da er det kjekt å vita kor gammal kikkerten egentlig er. No veit eg ikkje når det og det på desse kikkertane blei introdusert men det kan eg kanskje finna ut samt om det har noken betydning.
  16. Ja har egentlig mest lyst på max 50 lysopning men me får sjå da.
  17. Til hjort er det postering om kveld avogtil om mårånen. Ein ting som kanskje er litt dumt med fast forstørrelse er at eg jakter litt gås og. Har Ein fast prosedyre på korleis eg gjer det og for å få overblikk er det greit å ha bra synsfelt og heller skru litt opp når kandidaten er funnen i kikkerten. Går vel sikkert med fast 7 og men på kort hold på desse fuglene så nytta da Ikkje med for mykje veifting med geværet, Dei er svært skeptiske og skjære.
  18. Trur eg slår meoptaen litt frå meg, kjeme sannsynligvis berre til å kjøpa ein anna om noken år dersom eg går for den. Trur det får bli ein zeiss dersom eg ikkje kjeme øve ett eller ann bra tilbud av ett anna merka. Noken som har hatt diatal? lurt litt på 7x50, den med lys i, bør vel vera mulig å gjera ett godt kjøp der. Dei fleste vil vel ha variabel forstørelse vil eg tru.
  19. jo men når ein kjøper noke så er det alltid noke ein ikkje er klar over før ein får det i hende, derfor greit med konkrete andbefalinger fra noken som har brukt det, skal jo berast på børsa og da som er litt tung i seg selv.
  20. Eg har hat 550 xp, no har eg 261 den nye versjonen. Det er fordeler og ulemper med begge. stihlen er utrulig lettstarta, den mest lettstart saga eg noken sinne har vært borti, den er like kjapp som 550 eller kanskje litegrann kjappere og like eller litegrann sterkare. Kjedestramminga er litegrann bedre på stihlen, lika og stramma skikkelig opp før eg file kjedet. begge drar lite skit inn i saga. Stihl bruker torx skruer på startapparat, mykje bedre enn HVA si løysing med umbrako/flatjarn. Litegrann mindre motstand i gasshendelen på stihl viss du har lett for å få senebetenelse. Husqvarna er smalare noke som gjere saga hendigare HVA har jo klutchen ytterst stihl har drevet. Eg lika best stihl si løysing, slepp stempelstoppar ved skifte av drev, enklare viss du vil prøva ei anna deling enn .325. Sthil er lettare eg har veid begge fulltanka med 13 toms sverd og kjede husker ikkje heilt men meiner det skilte ett par hg. Egentlig lika greit å vega sagene sån pga det er jo den vekta du skal bera på. Begge har fellemerke på sagkroppen. Begge er litt glad i bensin. Skrur alltid av barkstøtta på sånne "småsager" så kven som er best der veit eg ikkje. Til slutt vil eg sei noke om det eg synes er viktigst, nemlig skjæreutstyret. Eg synes at oregon har bedre kjeder enn stihl. Den kjede eg har brukt på begge to er oregon 95 vpx som på Husqvarnaspråk heiter H 30. Dette er akkurat samme kjeda. No har Husqvarna laga sin eigen fabrikk for å produsera kjeder. Den første dei kom ut med er SP 33G. Dette er ei pixel kjede akkurat som 95vpx/H30. Du kan bruka samme sverd som før. Oregon har slutta og laga 95 vpx no heiter ho 95 txl. No for tida held eg på å prøver ut kven eg liker best av oregon si 95 txl kjede eller Husqvarna si SP 33G kjede ( for enkelthetskyld oregon speedcut og husqvarna x cut) Ville valgt ei av desse kjedene dersom eg var deg enten du velge HVA eller stihl, eg ville valgt sistnevnte av sagmerka når det gjeld akkurat av desse 2 alternativa 261/550. Når det gjeld sverd så ville eg ha prøvd å få tak i oregon sitt speedcut sverd dersom du velge stihl saga, eg har vært fornøyd sålangt. Stihl lagar såvidt eg veit ikkje 13" .325 sverd med 1,3 mm spor så du er uansett nødt til å få tak i fra ein anna plass dersom du vil ha dette. Iggesund ha og men oregon sin variant er ca 200 gram lettare. Ein ting som talar imot stihl er dette med kjeder og sverd pga at stihl bruka ofte ulike antall drivlenker i forhold til HVA/ oregon men for .325 deling og 13 toms så bruka begge 56 dl så dersom du tar sikte på å bruka ett såpass kort sverd (personlig så brukar eg alltid så kort sverd som mulig, iverfall til kvisting) så er det ikkje noke problem. Uansett så trur eg du blir fornøyd samma kva sag du velg, sjå litt på avstand og korleis forhandlar er og, men det har du sikkert tenkt på, lykke til. ps dersom du velge stihlen så gå for basisversjonen den med varme blir for tung for meg iverfall må veia meir enn det dei oppgir, med varme og det tunge skjæreutstyret som originalt følge med saga så er ho ein klamp. Eg ville valgt stihl 261 basisversjon med 13 oregon spedcutsverd og sålangt 56 dl Husqvarna x cut kjede. (SP 33G kjede)
  21. Viss noken av dåke som har peiling på kikkertsikte "skulle begynnt på nytt" kva ville de valgt da når formålet er ein lysterk kikkert til hjortajakt. Har 1 toms montasje men kan muligens byta til 30 mm rør. Vill helst ikkje ha ein gigantisk men det er vel dei fleste. Har aldri vært borti noke sånt så har ikkje så mange preferansa. Ser det ligg ett par victory på finn, ein til 9 og ein til 10 tusen, har og tenkt litt på meopta sin fast 7x50 den kjeme jo med 1 toms rør. Viss eg kunne ha valgt så ville eg helst hat ein som flytta siktepunktet 1 cm pr klikk på 100 m, men ikkje livsviktig det da. Retikkel medforstørande eller ikkje har eg heller ikkje sat meg inn i. Nevner til slutt at no har eg ein fontaine 3-9x40.
  22. I 6.5x55 kva kule vil du anbefale der, lader selv. Er til hjort, veit Ikkje om du vil anbefale samme til elg og.
  23. eg som tjene rett øve 400 iverfall i grunnlønn, nærme meg kanskje 440 med litt overtid (arbeidsgiver har ikkje meir overtid å tilby) får holda meg til fontaine
  24. Stihl Crazy

    Sauer 100

    var innom xxl i dag å såg på denne rifla var xt utgaven i 6,5x55. Likte det eg såg, bra avtrekk passe vekt på rifla mjuk kolbekappe.
  25. Men din kikkert har vel Ikkje lys, eller tar eg feil? Men enten den har det eller Ikkje så går det vel fint uten, var nå ingen som hadde det før.
×
×
  • Create New...