Jump to content

hjortefot.com

Members
  • Posts

    2,620
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    30

Posts posted by hjortefot.com

  1. Var tomt i fellerunda i dag.

    Men for ei økt for lårmusklane😅

    IMG_20240121_153351_790.webp.a170ff32a7e25753e06524b1e4cbac1e.webp

    Fylte på med hjortespekk.

     

    IMG_20240121_153658_263.webp.46890804180c94e0f1943803f86cd4cb.webp

    Denne var utløst, men åtet urørt siden onsdag.

     

    IMG_20240121_153556_007.webp.70759ede84256d02acbbcf4d69f99ce3.webp

    Optimist første 20meter

     

    IMG_20240121_153642_499.webp.a434591cc700e8f151ba01175fc7b247.webp

    So innhenta snømengd og tyngdekrafta.

     

    Har fått ut eit Secacam7 viltkamera til no. So det vert spanande å fylgje med no som temperaturen snur.

     

    Satsar på at nr 4 heng snart👍🏻

     

    • Like 7
  2. Litt off topic fra mi side 

    Nja.

    Det nye vektkravet gjelder kun blyfrie kuler.

     

    Veldig få blyfrie kuler er homogene då moderne blyfrie kuler ofte har kobberlegering med fornikling og/eller plastspiss, og derfor ikkje er einsarta (homogene) lenger.

     

     

    Her har bladet Jakt ei stor del av skulda for forvirringa.

     

    On topic 

    Vektkravet for blyfrie kuler er 7,8gram  / 120grain 

     

     

     

    • Like 2
  3. Etter ei jul prega av høg feber og lungetrøbbel, samt lange arbeidsdagar etter nytt år,  var det so som so med motivasjonen for å vabbe i djupsnøen for å få spent opp mårfellene etter fredningstida.

     

    Men manna meg opp og fekk klargjort nokre av dei som står nærast skogsveg forrige søndag.

    No slo været over, og då vert det ofte høg aktivitet. 

    So i natt lot ein hannmår på 1,6kg seg friste av bivoks i syningfella. 

     

    20240114_102022.jpg.07243f9e3a35ca199cedc7cccca4c5a6.jpg

    • Like 7
  4. Då var nedspenningsrunden på fellelinja i det nye fangstområdet unnagjort. Og blir litt gira når det er heilt ferske spor under eller rett forbi samtlige feller. 

    Men julefredning er julefredning😇 Og no kan måren få meske seg i ei veke😊

    20231223_203320.jpg.56fcc5e57825d712ee42dd3d97c8c970.jpg

     

    Gleder meg til neste år 😇

     

    God jul !

    • Like 5
  5. Fann to nye spor i dag, og to feller er komt på plass. 

    20231209_131054.jpg.ebed613dcb2a01218c478522717a0676.jpg

    Her ser du mårspora på bakken. Har trua på denne plassen. Det er ei Belisle120 i kassa. 

     

    Veldig aktivitet for tida. Mykje spor av ekorn, rev, mår og hare i heile dalføret. 

    • Like 1
  6. Slike trådar er bra for å opplyse om konsekvensane ved å ikkje skru av demparen etter bruk.

    Krutgassar og fuktige omgivelsar er dårleg mix. 

    Eg gjorde sjølv same tabbe i 2007 , gløymde å skru av etter skyting i fuktig vær. 

    Fekk kjeft av børsemakar😄

    Heldigvis hadde ikkje krona på pipa tatt skade.  Og Hausken sende nytt ytterrør omgåande, sjølv om det var min feil.

     

    No er salg av dempar mitt daglige virke, og det siste kunden får forklart før han/ho forlet butikken er: Demparen skal av når rifla ikkje er i bruk. Lagrast luftig og tørt.

    Pleier å anbefale å ha litt fett på gjengene med jevne mellomrom. 

     

    Personleg brukar eg A-lock på alle rifler no. Då vert orket med å skru av, pittelitt mindre😉

     

    Håpar du får av demparen ✅

     

    • Like 1
  7. 20231202_101109.jpg.295749aa89123cfe825740f4ab06d308.jpg

     

    Ein ravn som ikkje heilt forstod alvoret før det var for seint. 

    Hadde kombien i sekken, så den følte seg nok trygg.

    Kom innpå vel 35meter. Satt meg ned i knesnåande, fiska ut børsa fra sekken og 30 gram Sweet Copper #4 gjorde jobben.

     

    Har alltid med kombien på fellelinja, for akkurat sånne jaktopplevelsar.

    • Like 6
  8. Hadde kjøpt en T1X i 22LR eller 17HMR til mengdetrening.

    Og brukt T3'n på jakt.

    6,5 Creedmoor er ein nydeleg allroundpatron med suverent utval i fabrikkpatronar.

     

    Då får du ei treningsbørse med lik stokk som jaktrifla. 22LR-ammo er nesten gratis, og 17 HMR-ammo er rundt 6-7kr smellen. 

    Og finn du ut at du i framtida vil ha en betre stokk, so vil GRS passe på begge.

     

    Lykke til.

    • Like 1
  9. 20231118_151211.jpg.9033d42db7a4e8a6da1c8acf868b6854.jpg

     

    Rakk litt testing i dag. Min BA13 ser ut til å like Norma Whitetail 150grain best. Den blir revepatron. 

    På matvilt er nok Oryx Silencer og Ecostrike eit langt betre valg 😊

     

    • Like 4
  10. Stryning skrev (3 timer siden):

    Hei, dette er ein gamal tråd så ikkje sikker du kan svare på dette no lenger, men kanskje eg har flaks og du framleis bruker kemeraet eller hugsar instillingane. Eg har fått dette kameraet (Loreda L510g) med pappa og prøver å sette det opp. Sim-kortet som står i er testa i andre kamera og skal funke, trur det er reint datasimkort. Er mobilnummeret du legg inn i appen eller instillingane nummeret på mobilen din eller på simkortet i kameraet? Må det eventuellt vere kobla til eit nummer, så eit reint data-simkort kanskje ikkje vil fungere?

     

    Forventar ikkje svar her så lenge etterpå men hadde vore artig å funne ut av kva som må til for å få kameraet til å fungere. 

     

    mvh

    Håpefull Jeger

    Hei.

    Dette er lenge sidan. Brukte kontantkort i mitt kamera , datasim fantes ikkje den gongen.. Meiner og at  dette kamera gikk på 3G,  som er utfasa. 

    Ville heller vurdert et nytt kamera. 😊

     

     

    Mvh

    Kristian

     

  11. Fekk sovidt testa nokre skot.

    Norma Ecostrike 150grain.

     

    20231112_142906.jpg.82e0a12a5373afaed3f8fa1ed4d7e6be.jpg

     

    Første skotet (klistrelappen)

    Justerte, og tok 1 skot.

    Justerte på nytt og tok 4 skot på rappen.

    Heilt ok samling. Gjekk nesten på 1 klistrelapp. Litt klatring, kan skuldast ulikt press på forskjeftet.

     

    Hadde ikkje med målebånd, og bomma litt med klikk då eg er vande med cm-klikk. 

     

    20231112_143826.jpg.35391ed99d59d16d0e3b30f3dbf9463d.jpg

     

    Gløymde jaktmatchpakka heime, so det vart med dette. Blir fort dyrt å fyre ei pakke Ecostrike.

    Skal teste meir framover når tida strekk til og om eg har dagslys.

     

    Vil og teste om ulikt press på forskjeftet kan gje avvik, har lese at nokon har opplevd dette. Og då må det testast. 

     

    Trur og at eg flyttar over ein eldre Zeiss 1,5-6x42 , for å få betre synsfelt. 

    Må rokkere litt i systemet😉

    • Like 3
  12. @Skaubjønn

    Det skal eg gjere.

    Rifla er tung i forhold til storleik ja. Hadde mest lyst på ein kipplauf, men det vart ei spansk knekkbørse i staden. 

    Oppdaga behovet for ei kort rifle då eg måtte forsere ørten vindfall og spooky ur. Dei andre riflene mine er relativt lange og har store kikkertsikter. Også litt kjekt ha ha noko som vert ein rein bruksgjenstand og smett lett ned i sekken. Mekanismen med oppspennarhane er difor også eit pluss. 

     

    Står på ein lett Zeiss Terra 3-9x40 og A-TEC Optima40 med ein modul, lett den og. Eigentleg skulle eg hatt ein Classic / Diavari V 1,5-6x42 på denne rifla. 

     

    Har jaktmatch og Ecostrike først ut.

    Men har sett div videoar av at disse spanske frøknane likar Oryx 165 og Whitetail 150grain og superlette Evostrike best. 

     

    Foretrekker monolitisk kobberkule til matvilt. Så håpar at Ecostrike leverer godt nok.

    • Like 2
  13. Bergara er solid og presis 😉👍

    Dagens innkjøp.

    Noko måtte skotpremiepengar 🦊 brukast på.

    20231111_210427.jpg.ea066dde8c1a21966254db55c16dabd3.jpg

    Garderoben mangla ei kort og presis "sekkerifle" til hjorteura. 

     

    20231111_213130.jpg.dd59d798a1c114cac9a4357034dc11d5.jpg

     

    Gledar meg til å prøve😊

    • Like 13
  14. 20231108_164247.jpg.522cd87d45ec378b8f2443f040fe716b.jpg

    Måtte berre sjekke utvalet på eigen arbeidsplass.

     

    Er absolutt ikkje meint som snikreklame, men finn det noko relevant for tråden.  

     

    Resultat:

    Greit utval i jaktpatronar , no var rett nok Norma Evostrike , Hornady V-Max, Geco Express, Lapua Naturalis, Federal Terminal  Ascent, Sako Deerhead, Sierra Tipped Gameking, RWS Speedtip Pro tomt på lager.  Men kjem nok inn att neste år.

     

    Det fins mange andre typar jaktammo, frå mellom anna Sako, Federal, Hornady, Sierra, RWS og Geco.

     

    So, ein fin jaktpatron med godt utval , utan tvil. 

     

    Norma Ecostrike 120grain er også venta inn til landet om få dagar, den gledar eg meg til å prøve. 👌

     

    Det stemmer absolutt at 6,5 Creedmoor ofte ikkje er å få kjøpt på skytebana, men det gjeld også for meir innarbeidde patronar som 223 / 243win/ 8x57IS/ 9,3x62/ 270Win 

     

     

    Nok ein gong, lukke til med valget, du vert nøgd uansett 📯👌

     

     

     

    • Like 1
  15. 20231105_142702.jpg.ae19af4c3eb779d7864d06a4688b0fd0.jpg

    Hadde ein fin tur under foten av fjellet. Uheldigvis kasta vinden forræderisk, og hjorten stoppa på trygg avstand.

    20231105_125945.jpg.544a88ac103aec7b8173b316971ecf19.jpg

    Det var her dei skulle passere, eigentleg. 

     

    20231105_130829.jpg.6759321e677888d2ef912f05a6b5c866.jpg

    Finaste årstida. 

     

    20231105_141819.jpg.b6cd44b3e9f7a3c95dceb2550834a287.jpg

     

    Ein som har bukka under for nokre år sidan, og blitt eit kunstverk.

     

     

    Satsar på ny tur og nye forsøk på søndag👌

    • Like 10
×
×
  • Create New...