Jump to content

H.K.

Members
  • Posts

    814
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by H.K.

  1. No som pilmakeren har fått opp ein eigen tråd om scoutrifler (og ein fabelaktig artikkel i tillegg!) er det vel greitt å bruke denne tråden til å debattere det trådtittelen tar opp: Kva er ei hundeførarrifle?

     

    Eg må sikkert ta på meg litt av ansvaret for at tråden spora av, og vil gjerne utdjupe kvifor eg vil ha ei hundeførarrifle som er litt tyngre enn det ein kanskje tenker på med slike børser. Børsa mi er godt og vel 4 kg på strømpelesten, og det er ikkje eit gram for lite. "Hundeføraren ber børsa meir enn han skyt" er jo eit velkjent mantra for "lettvektsfanatikarane", men eg ber børsa fordi eg skal skyte med henne, og ho må vera god å skyte med! Eg skyt eit ikkje uvesentleg antal skot årleg med børser på over 6 kg, og ei lita rifle på 3 kg føles rett og slett vinglete for meg...

  2. Det er slett ikkje alle løp og alle rifler som går verkeleg godt uansett kva ein gjer med dei, og ein Rem 700 frå -97 med originalløp treng slett ikkje vera det beste utgangspunktet for topp presisjon. Eit nytt "match grade"-løp frå ein anerkjent produsent av presisjonsløp vil neppe skade presisjonsmessig. Kor godt går ho no?

  3. Det "politisk korrekte" svaret på spørsmålet ditt er at 6,5x55 må ha relativt lang pipe for å sikre at anslagsenergien held kravet til storvilt. Det praktiske svaret er at ingen elg i verden merkar om kula går ut av Blaseren med 770 eller 800 m/s.

  4. Ser på prislisten at det finnes tre lengder, bak cm målet står det henholdsvis 19 eller 21, hva står det tallet for?

    Og hva er kompletteringssett?

    19 og 21 er diameter i millimeter i enden av løpet. 67 cm er altså lettare enn 70 og 74. Kompletteringssett kompletterar ombyggingssettet i 22LR. Har du ein 6,5-Sauer med ombyggingssett i 22LR kan du kjøpe kompletteringssett og vips har du to børser :-)

  5. Ei kort og tjukk fiskestong vil bøye seg meir enn ei lang og tynn, og akkurat det same gjeld for rifleløp

     

    Har jeg gått glipp av noe vesentlig i fysikktimene på skolen, eller mener du omvendt?

    Omvendt sjølvsagt :-) Har endra det - takk for påminninga :-)

  6. Det er ganske naturleg. Du kan samanlikne pipa med ei fiskestong. Heng eit lodd i enden av ei fiskestong og mål kor mykje stonga bøyer seg. Heng det same loddet i nest ytterste ring og mål igjen. Stonga vil bøye seg mindre og mindre jo nærare handtaket du kjem med loddet, og det same er tilfelle med eit rifleløp. Det er sjølvsagt verre å måle det på rifla (krever finjusterte måleinstrument), men prinsippet er det same. Ei kort og tjukk fiskestong vil bøye seg mindre enn ei lang og tynn, og akkurat det same gjeld for rifleløp.

     

    Endra svingningsbilde har ikkje så mykje med desse endringane å gjera, det viktige er at eit lodd (eller ein dempar) plassert ytterst på ei pipe vil dra pipa vekk (ned) frå siktelinja. Kor mykje er avhengig av tyngda på loddet (demparen), lengda på pipa og tjukkleiken på pipa (og i teorien stivleiken på materialet, men der er skilnaden minimal i riflepiper).

     

    Og for å pense tråden inn på sporet igjen: ei rifle bygd etter "scoutprinsippet" vil ha mindre treffpunktsavvik med ein liten dempar montert enn det ei langpipa rifle vil ha. Kanskje er ikkje demparen heilt uaktuell for dette føremålet lell? ;-)

  7. Svært avhengig av ammotype....

    Men, det første skuddet i skiva på 50 meter (liggende) vil vel avsløre hvor mange knepp det er snakk om? Liten sjanse for å bomme på skiven her, uansett hvor liten den er.

    I og med at det er snakk om ein som skal skyte stemne med ein Sauer 200 (og da truleg STR) er det høgst sannsynleg snakk om ei eller anna 22LR matchpatron som blir brukt til nettopp det, og da er skilnaden på kulebanen til dei forskjellige typane svært liten. 99% sikkert er produsenten Eley, Lapua/SK eller Norma/RWS, og dei har alle tilnærma like tunge kuler, i praksis lik fasong på kulene og så godt som lik utgangshastigheit. Eg blir overraska om du råkar utanfor åttarringen på internasjonal 50-meterskive.

  8. Så kan du ta en evaluering for deg selv, var det behagelig og kontrollert å bære rifla i neven? Kom du raskere til skudd med rifla i neven, enn hengende over skuldra i reim? Var det raskere og føltes det mer naturlig å montere rifla med eller uten demper?

     

    Det er definitivt meir behageleg å bera rifla i reim, i alle fall over tid. Det er opplagt raskare å få avgarde skotet med børsa i handa enn i reim, og det er raskare å montere ei børse utan dempar enn ei med. Kva som føles naturleg handlar i stor grad om vane, og kva som er mest treffsikkert er òg veldig avhengig av kva ein er vant til. Men kor fort ein greier å montere børsa er etter mitt syn lite relevant for eit hundeførarvåpen. Ein hundeførar har langt betre tid på seg enn ein postjeger.

  9. "Hundeførerrifle" er i alle fall delvis eit oppkonstruert behov. For meg er det viktigaste at børsa er god å skyte med og lett å råke med. Om vekta er 3, 3,5 eller 4 kg er mindre viktig. Børsa mi er 4,2 kg og 115 cm inkl dempar, men eg tenker sjeldan over at ho er i vegen. Ein viktig faktor i så måte er reima. Eg brukar ei brei Niggeloh neoprenreim, og eg trur nok børsa ville vore verre å ha hengande på skuldra med ei smal nylonreim.

  10. Er nysgjerrig på folks erfaring med denne patronen. Jeg skal begynne å skyte på 100 meters bane og trenger en rimlig patron med grei presisjon. Kom gjerne med andre ammo-alternativer :)

    Har Cz 455 varmint

    Har ikkje prøvd den aktuelle børsa, men eg har ganske solid erfaring med Sauer og Anschütz banerifler på 100 meter. Og viss TopShot er meir eller mindre lik CCI Std ville eg styrt unna. Du vil nok få hovudtyngda innanfor tiarsamling, men eit og anna skotet sleng avgarde og gjerne ut i åttaren. Legg du på litt på prisen får du langt betre presisjon. For ca 60-70 øre (avhengig av mengde) får du t.d. Eley Sport og SK Std+. Og kostar du på ammo til litt under krona får du t.d. Norma 2 og Eley Practice 100. Blant dei kan du finne lottar som går like godt som det Ole Kristian Bryhn & co brukar i store mesterskap.

     

    Viss målet er topp presisjon må du prøve alle ammotypar du får tak i, og helst fleire ulike lottar(produksjonsseriar) av kvar. To ulike lottar av same merke kan gå veldig forskjellig. Lott A kan gå godt i rifle X og dårleg i rifle Y, mens i rifle B kan det vera stikk motsett. Men generelt kan ein seia at sjansen for å finne ein ammolott som går godt blir betre til dyrare ammo ein kjøper.

  11. Det er fleire gode å få tak i. Dei eg kjenner best er Anschütz, Centra og Gehmann (trur minst to av desse blir produsert på same fabrikk...). Kjøper du ein med 5 eller 6 fargefilter er du godt dekka for dei fleste lysforhold, både ute og inne. Sjekk nettbutikkane til dagfinrud.no, skytterlinken.no og engbomatch.no.

  12. At tradisjonen er opprettholdt på en del våpen hvor remfeste like godt kunne vært på stokken, blir en detalj som noen liker, andre ikke.

    Det var det eg tenkte på med "mote" :-) Er fullstendig klar over bakgrunnen til denne moten, og er heilt einig i at børsa heng fint på skuldra med fremre reimfeste langt fram. Eg har forresten ein modifisert M67-stokk til jaktmauseren min, og der har eg skrudd reimfestet inn langsetter stokken lengst fram. Kjempefin å bera.

  13. Eg har ingen erfaring med denne kula i dette kaliberet, og kjem nok heller aldri til å få det. Til mitt bruk vil det vera meir aktuelt med same kula i 250grs, eller ei mjukare kule i tung utgave. Men reint generelt kan eg seie at du bør setja kula til krymperilla viss du skal krympe, og viss ikkje gjer du som du vil - så lenge du har nok friflukt. Trykket blir jo litt høgare viss du set kula veldig djupt, men med denne krut/kule-kombinasjonen er det neppe særleg fare for overtrykk om kula kjem for djupt.

×
×
  • Create New...