Jump to content

H.K.

Members
  • Posts

    814
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by H.K.

  1. Jeg leser denne tråden og lurer på hvor de patronene ble av som vi jakta med vi som har jakta med Krag ? Er de ute av produksjon, eller gjalt ikke bestemmelsene om anslagsenergi da som nå ?

    Det er nok ein kombinasjon av det du skriv, samt utstrekt bruk av ammo som kragen eigentleg ikkje tola...

  2. Rare greier. Jeg har hatt en lot Geco som definitivt ikke gikk hull i hull. Jeg har derimot hatt en lot cci std som samla 25mm @ 100m.

    Dei lotane eg har prøvd av både CCI std og CECO har alle hatt ganske god spredning...

  3. Som sagt, hovedsaklig. Og en 18-tagger trenger ikke å være så gammel, nabolaget skjøt en 270kg 18-tagger med sølvkrone på 3.5 år (tannsnitt) for et par år siden.

    Jepp, men det er ein viss skilnad i kronestorleik og taggtal i Nord-Trøndelag og i Numedal :wink:

  4. Til felt kan du berre prøve den som gir deg best polstring mot reima. Ulik teknikk og ulik handfasong gjer at det ikkje er sikkert du kan bruke andre sine røynsler på dette området. Det same gjeld for hanske til banebruk, men der må du òg ta omsyn til korleis du held i børsa i ståande.

     

    Eg har for det meste brukt ei fullfinger Kurt Thune-hanske til felt, og ei halvfinger Kusterman til bane.

  5. Det skal visstnok være hovedsakelig et ungdyr-fenomen. Dvs de vokser det av seg. Kvisealderen?

    Tja... Det datt ein attentakker med slike her for nokre år sidan. Her er det langt mellom stutar med over ti takkar, så denne var nok godt vaksen. Men kjøtet var godt :-)

  6. Patronspill, kanskje i kombinasjon med store hettelommer. Trykket er heller moderat samanlikna med andre ladedata, og høgt trykk ville heller ikkje gitt slike symptom. Skru dien ein runde opp og skru gradvis nedover til pressa hylse går lett i kammeret.

  7. Viss pakka på det øverste bildet er komplett kan den kanskje vera litt verdt, men neppe mange kronene. 6,5x55-patronane på den nederste bildet er rein dusinvare og har ingen verdi utover affeksjon. Om du likevel skulle finne ein kjøpar må du melde frå - da blir eg rik :D

  8. Her er det jo så mye tvetydige tilbakemeldinger at jeg hadde hatt like god nytte av å ikke lest. Får vel bare kjøpe noen pakker og teste ut selv.

    Det er vel nettopp det mange her har prøvd å si: 22-rifler (og sikkert pistolar) er individ med ulike preferansar for kva slag ammo som går best. Men generelt er bildet (i alle fall for rifle) at sjansen for god presisjon aukar med aukande pris. Du har vel ikkje lang vegen til Berg Presisjon - der skulle det vera god sjanse for at du finn noko som går i våpenet ditt, og dei har til og med CCI std til 40 øre.

    link: http://www.bergpresisjon.no/" target="_blank

  9. Det har neppe med hastighetstap å gjera i det heile. Det har same effekt når du henger ein "tung ting" i enden av ei børsepipe som når du henger ein sluk i enden av ei fiskestong: vekta drar tuppen ned - i større eller mindre grad avhengig av vekta på loddet/demparen og kor stiv pipa er. Ei tjukk og kort pipe blir vanlegvis mindre påverka enn ei lang og tynn.

  10. Kan avlesningen, men stusset på at jeg fikk 5 like... Altså dup4 i displayet. Det var liksom for godt til å være sant :winke1:

    "Ein stad må skotet sitja" skreiv Jørund Lien ein gong som forklaring på kvifor ein femskot kan samle mykje betre enn børse og ammo eigentleg er i stand til - altså ei skikkeleg flaksegruppe. Noko liknande kan jo skje med fartsmåling.

  11. Derimot har jeg større problemer med Lapua std på hold over 100m. Føler de gir uforholdsmessig stor spredning ift det jeg klarer på 50m, selv i ideelle forhold. Så et innlegg her hvor det ble foreslått Lapua Midas i stedet på lengre hold, kan dette ha noe for seg? Eller er det skytterfeil som bare gir store utslag på 100m+?

    Skyttarfeil kan gjera store utslag med 22LR, men spredning pga t d ujamnt rekylopptak vil gi berre doble seg frå 50 til 100. Ulik kanting/vriding av børsa vil bli forsterka på lange hold.

     

    Eg er redd prisen på skotet blir ein viktig faktor for å treffe på lange hold. Det er liten tvil om at mest mogeleg jamn utgangshastigheit er viktigare til lengre holdet blir.

  12. Midas+, EleyTEAM, SK er da merker/typer som skal testes.

    Liten grunn til å teste SK viss målet er topp presisjon på lange hold. Mykje større sjanse for at du finn ein god og stabil lot av Midas+ eller X-act av Lapua/Schönebeck-produserte patronar. Landrø er importør - sjekk med dei for lokal forhandlar. Eley blir levert av både Stenvaag og Berg Presisjon og begge dei (Harald og Vebjørn) sitt inne med enorme kunnskapar om 22-skyting. Ein mail til Vebjørn vil truleg gi deg svar på nokre av spørsmåla dine!

  13. SÅ! Hva slags ammo kan brukes til formålet?

    Tenker Fiocchi biathlon som XXL selger. Jeg vet at skiskytterne i Tromsø bruker denne, det ser jeg på som en indikasjon på lave spredninger.

    Minst like mykje som god presisjon er stabil presisjon i ulike (låge) temperaturar det skiskyttarane er ute etter. Blinken er stor, og ekstrem presisjon er ikkje det viktigaste (sjølv om det absolutt er ein fordel). Viss du skal drive langhaldsskytinga di sommarstid burde du heller sjå kva 50-meterskyttarane brukar. Skaff deg nokre pakker (gjerne ulike lottar) Eley Tenex, Lapua X-act, RWS 50/Norma 1 (evt RWS 100 som har litt høgare V0) - det skulle forundre meg mykje om ikkje ein av dei gir deg det du er ute etter - om du og børsa er i stand til det...

  14. Synes dette ble en utdypende tråd når man fikk vekk fjortisene og andre mindre utviklede personer med den idiotiske debatten om hvilke kuler som er magiske.

    Eg reknar med eg høyrer til kategorien "mindre utvikla" (fjortisalderen er godt og vel tredobla) når eg dristar meg til ein påstand om at grøvre kuler gjennomsnittleg gir kortare fluktstrekning og meir synleg (for jegeren) reaksjon. Det er svært få av oss som har anledning til å skyte dusinvis av dyr med alle tilgjengelege kaliber og alle tilgjengelege kuler, så slike trådar der ein deler av sine erfaringar er gull verdt for å kunne gjera seg opp ei meining. Om det blir for idiotisk for deg er det ingen leseplikt her.

  15. Eg er ikkje fullt ut kjent med om desse kulene har lik spiss og manteltjukkelse, og skilnaden berre er lengda, men eg brukar det som utgangspunkt.

     

    Med tilnærma lik fart på inngangssida vil kjøtøydelegginga her vera så godt som identisk. Skilnaden vil derfor bli på utgangssida.

     

    Det vil nok variere litt med kor stor hjort du snakkar om og skotplassering. Bak bøgene på ein middels stor hjort vil nok alle desse gå gjennom dyret, og skilnaden i kjøtøydelegging er knapt målbar. På ein stor bukk skoten igjennom det hardaste i bøgene vil eg tru den lettaste stoppar i bogen på "lesida", mens dei to andre går gjennom. Men uansett vil farten gjennom andre bog vera såpass liten at eg trur du vil sjå svært liten skilnad i øydelegging.

     

    Noko anna blir det sjølvsagt om alle kulene er ladd til maksfart, men det har du sikkert tenkt ut sjølv òg :-)

×
×
  • Create New...