Jump to content

H.K.

Members
  • Posts

    814
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by H.K.

  1. Napping og møting er to sider av same sak: rekylskrekk kombinert med "redsel" for å bomme.

     

    Tipset om blanda klikk- og skarpe patronar i magasinet er bra, men da må du blande slik at du ikkje veit når det smell og når det klikkar.

     

    Tørrtrening er veldig bra for å lære seg gode avtrekk. Da er du berre konsentrert om siktebilde og avtrekk, og treng ikkje vera redd for smellen eller at det skal bli høl langt ut i skiva. Ikkje minst kan du tørrtrene heime i ro og mak (pass berre på at børsa er tom...). Når du har tørrtrena nok til at du gjenkjenner eit godt avtrekk kan du bruke visualisering (tenke eit godt avtrekk). Reis på banen med nokre få skot (10-20) og kjør seriar: Eitt visualisert avtrekk, eitt tørravtrekk og eitt skarpt. Prøv å "dra med deg" den gode kjensla frå "tenkt" og "tørt" avtrekk over i det skarpe! Slutt før du er sliten! Nokre treningar på denne måten gir langt større effekt enn mengder av skot. Lykke til!

  2. Det jeg vet, av egen erfaring, er at en og samme lot med fabrikkladd .308 Barnes X gikk med fantastisk presisjon ett år og helt rævva det neste. Vi snakker godt under tommen på hundre meter første året, og såvidt innenfor svarten det neste. Byttet til konvensjonelle blykjernede kuler, og presisjonen var tilbake. Dette i ett og samme våpen, selvsagt.

    Og det vart testa meir enn ein treskot både første og andre året?

  3. "Maksladninga" for 6,5g kule er langt frå det ein vanlegvis vil kalle maks, men den maksimale kruttmengda ein kan bruke og samtidig halde seg innanfor kravet til rekruttammo i DFS. Der er kravet maksimal kulevekt 6,5g og maks fart 810m/s. Men trykket er langt unna "den raude streken".

  4. En annen oppdagelse jeg gjorde var litt spesiell: (mulig det er barnelærdom for andre)

    Jaktammoen hadde samme treffpkt som nato med demper i 40 cm 308 pipa mi. I tillegg hadde natoen likt treffpkt med og uten demper. Så greit tenkte jeg, da har jaktammoen også likt treffpkt med og uten demper. Men dengang ei...

    Det er neppe barnelærdom for så mange, men i det minste kjent stoff. Kor mykje var skilnaden?

  5. 2-3 m/s fartstap pr kappa cm er i nærleiken av det ein kan rekne med. Kanskje litt meir for patronar som brukar veldig seintbrennande krutt, og litt mindre for patronar som brukar veldig raskt krutt. Du vil òg vanlegvis tape mindre på dei første centimetrane du kappar enn på den siste. Du kan trygt bruke same ladetabell som før kapping. Lite å hente på å bruke raskare krutt - det kruttet som gir best fart i eit ukappa løp gir vanlegvis best fart etter kapping òg. Derimot kan det muligens bli mindre slitasje av demparen med eit krutt som gir lite munningsflamme.

     

    Eg skriv mykje "vanlegvis", "kanskje" og "muligens" her, og det er fordi alle børser oppfører seg ulikt - også med omsyn til kapping. Det eg derimot er sikker på er at for vanlege sentertente riflekaliber taper ein fart med kapping. Kor mykje varierar. Og 22LR går fortare med kappa løp...

  6. Takk for kjapp tilbakemelding.

    Er det da cal. 6,5x55?

    Er det vanlig å bygge om disse - vil ikke tro den egner seg til DFS skyting ihverfall.

    Det er 6,5x55, og ikkje berre 99,99999% ;-) Kan fint lufte den litt i DFS! Me er mange som starta skyttarkarriera med Krag. Du må nok rekne med at Sauer-skyttarane har eit lite forsprang på deg, men om du ikkje siktar mot toppen på lista funkar kragen gulle godt. Kjøp ei pakke rekruttammo og prøv!

  7. Kammerbrukaren Ignorant (tidlegare S&L-tilknytta) har forklart at S&L brukar eit slags "poleringsapparat" som polerar løpet innvendig. Den polerar mest frå kammeret og mindre mot munningen. Dette gjer at ein får ein viss trangboringseffekt. Så vidt eg veit har Sauer også ei viss trangboring i løpa sine, og da Walther begynte å levere DFS-løp vart det sagt at desse ikkje er trangbora (motsett av dei andre leverandørane). Eg meiner òg at KV hadde trangbora løp i skarpskyttarmauseren, men det kan sikkert Snapphane eller Mentor forklare nøyare.

  8. Å sikte på noe og gjøre alt for å treffe for så å treffe har ingenting med flaks å gjøre. Det er dyktighet.

    For det meste enig, men for å råke ein fugl på så langt hold må du i alle fall ikkje ha uflaks... Det skal ikkje rare endringa i vind til før berekninga er heilt ute av kurs.

  9. Får kjøpe me ei Sako,så treff e nokk hjorten 300 meter unna neste høst

    Remington er sikkert god nok den. Men eit par tips når du prøvar å finne ut kor godt børsa går:

     

    Skyt med skikkeleg kvalitetsammo, og prøv gjerne fleire slag.

     

    Er du det minste i tvil om at du greier å trekke av i midten kvar gong låner du bort børsa til ein som er god til å skyte små samlingar. Og sjølv om du trur du skyt tettast i bygda kan du likevel la ein annan prøve børsa di.

     

    Med rett fôr og rett sjåfør kan det hende børsa samlar på 2,5cm og ikkje 5. I så fall har du meir å hente på å trene enn på å bytte løp...

  10. Er fler og fler områder i landet som begynner å slite med stammen. Da bør og skal en selvfølgelig spare produksjonsdyr.

    Det er slett ikkje sjølvsagt. Mange områder i landet har hatt alt for høge stammer i mange år, og (vinter)beitet er kraftig redusert. Det har gjort at elgen har trekt til andre områder, og stadeigne dyr har dårleg tilvekst. Før ein bestemmer seg for å auke stamma må ein vera sikker på at det er beite til fleire dyr.

  11. Ser på mine Rem700 at de er ikke alltid like glade i lange serier.

    Mange Rem 700 har eit kontaktpunkt mellom pipe og stokk. Det steller gjerne til litt trøbbel ved varmskyting. I tillegg blir det fortare mirage (varmeflimmer) med tynne jaktpiper, og lysbryting i den varme lufta gjer at siktebildet flytter seg litt. Same effekt som gjer at ein kan sjå luftspeglingar i t.d. ein varm ørken. Det siste trur eg er noko av svaret på spørsmålet til Bo Diddley ;-)

  12. Regelmessig pussing er lurt! Om treffpunktet er forskjellig på første skotet/skota etter puss må du prøve i di børse med ditt pussemiddel. Ingen børser er like. Men for ei børse som har samlingar på 5 cm på 100 meter kan det neppe bety all verden. Hadde ho samla til 1cm, så kanskje...

  13. Tyristubben snekkerverksted i Høland (trur eg...) lagar fine stokkar til STR. Stein Erik Bredvold i Åsnes gjer det same, men han har ofte litt (mykje...) å drive med og ditto leveringstid. Skytterlinken.no leverer ein stokk som er laga av Anschütz etter modell av Bredvold, og denne trur eg du får på dagen.

×
×
  • Create New...