Jump to content

hjortejeger

Members
  • Posts

    253
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by hjortejeger

  1. Du har forstått det, Mauser. Kjøtet skal kun ligge i vatn ei lita stund så det får tid til å svelle ut litt før du har det til damping. Men prøv å gjere det med ei Rema-ribbe, så får du god erfaring med øldrikking på kort tid :lol:

  2. PS: fra jeg var liten kan jeg bare huske at julematen ble kalt "ribbe". Navnet pinnekjøtt har kommet til senere. Tror jeg skal holde litt på den tradisjonen. .

    Vi kallar det og ribbe her hjå oss. Men snakkar ein med desse "austaføringadne", så trur dei at ein då snakkar om gris.

  3. Dvs att når du lager pinnekjøtt, så sparer du litt av fettkrafta som blir igjen i kjelen etter damping, denne varmer du opp og har over fisken. Snadder :wink: Her er det lettsalta brosme med ribbefett og lettsalta flesk som er slankekosten i romjula :lol:

    Set du panna med ribbe og kraft kaldt, så stivnar ribbefettet. Det er berre å bryte i bitar, smelte på svak varme i ei panne og ause over ferdigrenska fisk og potetet. Det skal du berre prøve MrMju

  4. Eg saltar og tørker kjøtet mitt sjøl, og saltar det på min måte. Dvs passeleg :wink:

     

    Eg vatnar difor kjøtet berre 2-3 timar før eg dampar det. Kjøt som er kjøpt i butikk, anbefaler eg å vatne over natta.

     

    Framgangsmåte blir då som følger:

     

    Skjer opp pinnekjøtet

    Legg pinnekjøtet i ein stamp med vatn, og vatn det ut

    Legg bjørkepinnar eller damperist i ei stor panne. Fyll på vatn til til det dekkar pinnane, eller står oppunder rista.

    Legg kjøtet lagvis oppover i panna.

    Kok opp, og la kjøtet dampe til det nesten slepp beinet. 2 1/2 - 4 timar alt etter alder på dyret. Pass på at det ikkje kokar tørt.

     

    Eg brukar ikkje å ha det i steikeomnen, men veit at det vert gjort.

    Legg då det ferdigdampa kjøtet i ei langpanne og set det under grillen i steikeomnen til det får ei brun overflate

     

    Servér kjøtet med det du likar av tilbehør.

     

    Lukke til, og god jul

  5. På julafta vert det urøykt pinnekjøt her i gården. Heimelaga dampepølse, mandelpotet, kålrabistappe og surkål attåt.

    I glasa vert det Mack juleøl av det mørke slaget og Gammel Oppland, sjølvsagt.

     

    1. juledag er det hjortesteik med ein god skysaus og heimedyrka poteter og grønnsaker. Vin: Desderi Superiore Barbera d`Asti 2004

    Dessert vert riskrem med saus av frosne jordbær køyrd i matmølle

     

    2. juledag er det lettsalta lange med heimedyrka poteter, grønnsaker og ribbefett. Vin: Ricotier Chinon 2006

     

    Utover i jula held det fram med lutefisk, smalahove, kveite og kalkun

     

    På nyttårsafta er det på nytt pinnekjøt

     

    Så det er ei matorgie utan like :D:D

     

    God jul til alle

  6. Hm, hadde ikke blitt lei meg om denne lå under treet juleaften 8)

    s202_stutzen_neu_01.jpg

    Æsj... Heilstokk... :mrgreen:

    Det var det jeg tenkte også..... :roll:

    Skulle klart å leve med den eg, sjølv om det er Sauer.

    Nydeleg stokk.

    Etter ein rutsjetur nedover eit berg i går, så gir juleønsket mitt seg sjøl; Ei ny jaktbukse.

    Så julenissekjerring. Eg vil ha ei ny Norrøna Finnskogenbukse :lol:

  7. I dag datt det som mest sannsynleg vert det siste dyret for meg i år. Hadde meg ein tur opp i fjellsida for å kikke litt. Gjekk meg fram på ein flott spissbukk. Det kan jo vere ei flott avslutning på hjortejakta i år.

    031~0.JPG

    Har vore ein flott haust med mange store opplevingar. Drivjakt etter hjort er spennande nok det, men slik jakt som i dag der ein går og lusker i fjellsida og går seg fram på dyr som står, er toppen av all jakt.

    Eg er ydmyk og glad for at eg kan drive hobbyen min på slike premisser.

     

    Så til alle som har hatt uttelling på jakta i haust vil eg seie som guttungen på 4 sa då eg kom nedatt i dag; Weidemans heil

  8. Då eg kjøpte kverna mi hjå KBK, sa dei at ein berre skulle skrue låseringen inntil. Ikkje bruke makt i det heile. Hinner og sener har aldri vore noko problem med mi kvern i alle fall. Det einaste eg kunne tenkt meg forandra, er at fóringane er av bronse i staden for plast. Men det er nok flisespikkeri. Kverna er i alle fall utruleg god til mitt bruk

  9. Eg ville ikkje brukt fløyte i spekepølser, nei.

    Pølser som skal spekast treng ein egentlig ikkje væske i. Går berre lenger tid å få dei tørre. Men eg bruker cognac og rødvin i for smaken sin del i mine spekepølser :wink:

     

    Når det gjeld prøvesmaking av pølser og øl. så reiser eg stort sett gjennom Voss på veg sørover kvar sommar.

    Så kanskje ein skulle legge seg inn på Fleicher ei natt om dei er ferdig med etterslokkinga

  10. Hjortejeger, ikkje værst tiltak det der, flotte bilder !! :D

     

    Og den pølsestapperen der, kunne eg godt ha tenkt meg å hatt ei helg i året, he, he... :mrgreen:

     

    Edit : Lite spørsmål, den kjøttkverna der, er det ein Italiensk Trespade ? Har lånt ei sånn av ein kompis ein del gonger, og den er fantastisk bra i grunn. Får kjøpt den for ca 3.000.- med pølsetuter og alt. Den er faktisk ok å stappe med også, blir lite luft med den.

     

    Det er ein italiensk Tre Spade, ja. Kjøpt hjå naboen til svigermor mi på Saltrød ved Arendal. Kostar ca 3800,-

    Eg brukar berre pølsekanona til å stappe pølser med. Der er det berre å fylle inn 25 kg kjøtdeig og sveive til det er slutt på tarmen.

     

    Kverna arbeider like fort som du putter opp i, og pølsestapparen er effektiv. Så om ein er ein gjeng ei helg, så kan ein lage fleire hundrede kilo pølser. Men då må du ha juleølet ferdig 8)

  11. Skal ikkje motseie deg på om den er verd pengane, og at pølsemaking er minst like godt skildra i den gamle boka til husstellærarinna.

     

    Men han spurde etter ein link til boka :wink:

     

    Vart spurd her for ein månad sidan av ein dameklubb om det var mogeleg å få eit lite kurs i pølselaging. Så då var det berre å pakke kvern og pølsekanon og møte fram.

     

    Omlag 50 kjøt vart oppmalt. Kvar dame/mann hadde med seg 3 kg hjortekjøt. Sau, svin, krydder og litt å spe med hadde eg med meg.

    M%C3%A5rp%C3%B8lsekurs_med_Tor-Erik_12_11_08__004a.jpg

     

    Alle fekk male opp det kjøtet som dei skulle nytte til pølsene, og då kunne jo eg halde litt morro med dei andre damene medan ein venta :wink:

    M%C3%A5rp%C3%B8lsekurs_med_Tor-Erik_12_11_08__008a.jpg

     

    Litt demonstrering av korleis ein brukar pølsestapparen

    M%C3%A5rp%C3%B8lsekurs_med_Tor-Erik_12_11_08__014a.jpg

     

    Dermed var ein klar til å prøve sjøl

    M%C3%A5rp%C3%B8lsekurs_med_Tor-Erik_12_11_08__018a.jpg

     

    Alle bytte på å sveive og fylle i tarmar, slik at alle fekk prøve heile prossessen med skjering av kjøt, maling, blanding av kjøt med krydder for hand og stapping av eigne pølser

    M%C3%A5rp%C3%B8lsekurs_med_Tor-Erik_12_11_08__020a.jpg

     

    Kvelden vart utruleg vellukka, og nytt pølsekurs er på trappene etter nyttår. Då skal vi lage spekepølser

  12. Kjøpte ei Schultz & Larsen Mod 97 DL i 6.5x55 til madammen for fleire år sidan. Kappa stokken 2 cm, og voila, alt vart perfekt. På den står det ein Schmidt & Bender 3-12x42, og den kombinasjonen fungerer kjempeflott til hjorten i alle fall.

     

    Som andre har skrive tidlegare, så er ikkje 6,5 eit must for at damene skal skyte godt. Eg sette inn eit 30-06 løp, og dama skyt like godt ho.

     

    Har sett damer skyte godt med 8 mm Rem.mag og 340 wby, så trening med våpenet er nok nøkkelen til sukkess.

     

    Eg bruker å ha med mange ulike våpen i ulike kaliber på skyteøkta til jegerprøven, og dei fleste finn eit våpen dei kunne trivast med.

  13. På jegerprøvekurset får man også vite en del som er rett og slett tull og tuftet på instruktørens eget syn på jakt og behandling av våpen og ammunisjon :roll:

    Har du eksempel på slike ting, slegga?

    Hadde vore litt greitt å vite meir om korleis eg skal ordlegge meg som instruktør utan å verte oppfatta som ein som snakkar tull. Har til denne dag aldri møtt ein jegerprøvekandidat som ikkje har vore interessert i å få vite meir om synet mitt på jakt, våpen og ammunisjon. Men kanskje det berre er tøv det eg fortel

  14. Blodpølser

     

    2 l. silt svineblod

    400 g ister

    1 1/4 dl rugmjøl

    2 ts pepar

    1 ts allehånde

    1 ts ingefær

    1 ts nellik

    4 ts salt

    3 dl sirup

     

    Skjer ister opp i små terningar, og bland saman blod, mjøl, sirup, ister og krydder

    Eg brukar tarm til å fylle i, men du får kjøpe pølseposar på ein butikk med litt utvalg (Mega)

    Fyll posane 3/4 fulle, og sy att

    Legg pølsene i kaldt, lettsalta vatn i ei stor panne.

    Varm opp vatnet til kokepunktet, og la pølsene trekke til dei er kokt. Tida er avhengig av storleiken på pølsene

     

    Server pølsene med H-melk og sirup/sukker

     

    Dette er haustens store høgdepunkt

     

    Lykke til om nokon vil prøve

×
×
  • Create New...