Jump to content

hjortejeger

Members
  • Posts

    253
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by hjortejeger

  1. Du kan vel gå fleire vegar, men turen via Reinheim gjennom Leirpullskardet tek vel ca 5 timar. Nord for Snøhetta kan du gå på ca 4 timar og sør for Snøhetta gjennom Storstyggsvånadalen går det 6 timar. Så då er det alt etter vindretning og reinsplassering. Lykke til der inne

  2. Så vart det reinsjakt på meg i år likevel. Simle og kalv på Kongsvoll/Drivstua vest. Kunne ikkje klaffa betre det sidan madammen fekk simle og kalv på Oppdal bygdealmenning. Så her er det berre å forberede seg på tunge bører. :D

  3. Til rev og sel er den vel grei nok, men til hjorten trur eg Flo´en har betre patroner. Mi erfaring med Elite, både gammal og ny, er at den øydelegg litt for mykje kjøt. Kula splintar litt mykje etter mi meining

  4. Sjølv om ein på filmen ser at dyret blør friskt, så er eg enig med dei som meiner at det bør setjast eit nakkeskot i elgen. Mulig det er flisespikkeri blandt andre jegerar her på forumet, men eg lærer alle mine jegerprøveelevar at ein skal gå inn og avlive dyret bakfra. Ein treng ikkje stresse dyret unødig ved å stå rett framføre dei

  5. jeg prøvde også 350 grains Swift for noen år siden men den stoppet i skinnet på to elger så jeg gikk opp igjen til 400 grains hornady og woodleigh.

     

    woodleighen ekspanderer til ca 24-25 mm. det lager et pent hull igjennom maskin rommet kan man vel si.

    Har du målt diameteren på dei to A-Framekulene? Eg har skote 6 hjort med den kula i mi .416Taylor, men med gjennomskyting på alle.

    Kan trygt bifalle det med kjøttødeleggelse med A-Frame og. Kaliber og kule kan trygt anbefalast på hjortejakt :mrgreen:

  6. Snakka med ei dame på Inatur. Manuelt behandla betyr, i følge henne, at ein står så langt nede på ventelista at det ikkje er sjanse for å få tildelt noko.

     

    Så der forsvann sjansen for fleire av dei eg jaktar saman med for i år.

  7. Venteliste over heile fjøla for meg og. Men jakt vert det uansett sidan madammen fekk jakt på Oppdal, og han som var sherpa for meg i fjor fekk i Dalsida aust.

     

    Gratulerer alle som hadde flaks i år.... :D

  8. For dei som har søkt på Oppdal bygdealmenning (Dovrefjell), var trekninga 4 juni. Tildelinga ligg under "nyheter". Ikkje mange utanbygse der nei....:( Var med en kamerat der i fjor som hadde fått tildelt simle og kalv som "grunneiger" gjennom Oppdal bygdealmenning. Et fantastisk terreng!!!

    Vert tur dit i år. Madammen fekk simle og kalv der. Jakta sjøl i Knutshø i fjor, og gleder med til å vere sherpa for henne i Snøhetta i år. Men ein må jo håpe at det vert eit kort på meg sjøl på statsallmenningne. Vart berre venteliste på statsskog

  9. Såg ut som ei god oppskrift, men da hadde vore kjekt med litt mål på saker og ting.....

    Eller går det på kokkevis -"ei klype av det og ein dært av det" :)

     

    Går nok på kokkevis det her :wink: Bruk 2 pakkar fløte du, resten etter kor godt du likar smaken av urter.

     

    Lykke til

  10. Til alle dyktige rypejegerar på forumet.

     

     

    Skogssopp-suppe med rypebryst

     

    Oppskrift til 4 personar

     

    2 ryper

    fersk skogssopp etter smak (Eg bruker kantarell)

    fløyte

    vatn

     

    Lag ein kvast av persille, løpestikke og stangselleri

    Ein kopp blåbær

    margarin til steiking

    salt & pepar

     

    Skjer ut brystfilétane. Legg rypeskroga i ei panne og slå på vatn til dei vert dekka. Legg i urtekvasten, og kok opp. La det så trekke i ca. ein time.

     

    Ta ut skroga. Sil krafta. Tilsett fløte, og kok til suppa vert så tjukk som du ønsker.

     

    Brun rypebrysta i ei panne, og pakk dei inn i alu.folie så dei held seg lune. Fres soppen i samme panna, og ha den opp i suppa.

    Skjer filétane i passe store stykker og legg dei i suppa.

    Tilsett blåbæra til slutt, og varm opp.

     

    Salt og pepper etter smak.

     

    Server med rista brød og godt smør

  11. Her er ein alternativ bruk av ein hjortesadel, eller anna vilt for den saks skuld

     

     

    HJORTESADEL

    (6 pers)

     

    Hjortesadel på ca. 3 kg

    Salt

    Pepper

    5 dl. Seterrømme

     

    Saus:

     

    3 ss smør

    4 ss mjøl

    6 dl. melk

    3 dl. fløte

    4-5 skiver geitost

    salt og pepper

    sky frå steikinga

     

    Tilbehør:

     

    500 g. selskapsgulrøtter

    2 pk. dypfryste erter

    1 glas sølvløk

    1 boks heile asparges

    500 g fersk champgnion

    1 boks hermetiske pærer

    1 glas rognebær- eller ripsgele

     

    Salt og pepper gnis godt inn langs begge sider av sadelen. Smør seterrømmen på begge sider av midtbeinet i ca. 1 cm tykkelse .

    Ta eit stykke alu.folie – så stort at heile sadelen kan pakkast inn, og pakk folien godt saman så ingenting renn ut under steikinga. Forvarm ovnen til 200` C, set inn kjøtet, og la det stå i ovnen i 1-1,5 time. (Kjøtet vert då rosa ved beinet)

     

    Smelt smøret i ein kjele ved middels varme, ha i mjøl og spe med melk. La det koke i 5 min.

    Tilset fløte, geitost og steikesky og rør rundt.

    Smak til med salt og pepper.

     

    La kjøtet kvile 15 min. før du skjer filetane laus frå beinet.

     

    Legg kjøtet tilbake på beinet, og pynt serveringsfatet med gulrøtter og pærer.

     

    Serverast med nypoteter og resten av tilbehøret.

  12. Brukar mi .260 til både rein og hjort, og ser ingen skilnad på dyra som vert skote med den kontra 55 ´en.

    Rifla er ein mod. seven, den er lett å bere, og det er derfor den er med på jakt.

    Er godt fornøgd med både 6.5x55 og .260 til rein og hjort

×
×
  • Create New...