13 kilo det var lite.... Veit om kommunar som har lagt "skrapevekt-grense" på kalv på 20 kilo. Sjølv skaut eg kolle og kalv onsdags-kveld. Var på bøen kl 1930 og det vart ein "jobb" for å komme innpå 100m. Kalven som eg skaut var 18 kilo, kolla 62. Smyg-jakt er forresten ein framifrå spanande jaktform. Sjekke vinden, finne ut rute, komme seg innpå dyra, og faktisk greie å skyte begge to... Det er ei oppleving som set i kroppen ei stund. Iallefall til det neste dyret ligg
Eg har til no hatt eit framifrå jakt-liv. Starta opp som jeger i 2000, og kolla som eg skaut sist vart nr. 56 ! Personlig er eg veldig happy med det resultatet. Har notert ned alle dyra som eg har skutt i eit .xls dok. klokkeslett, plass, skytestilling, vekt, skot-plassering, hald, veiret, ant. dyr, m.m. Faktisk litt kjekt å sjå tilbake på dette, for det er slik at jegerhistoriene forandrar seg med åra. Noterar også ned dyra som dei andre jegerane i feltet mitt skyt. På denne måten så kan "fakta" halde forma litt lenger....