Jump to content

Hjortesadel


hjortejeger

Recommended Posts

Her er ein alternativ bruk av ein hjortesadel, eller anna vilt for den saks skuld

 

 

HJORTESADEL

(6 pers)

 

Hjortesadel på ca. 3 kg

Salt

Pepper

5 dl. Seterrømme

 

Saus:

 

3 ss smør

4 ss mjøl

6 dl. melk

3 dl. fløte

4-5 skiver geitost

salt og pepper

sky frå steikinga

 

Tilbehør:

 

500 g. selskapsgulrøtter

2 pk. dypfryste erter

1 glas sølvløk

1 boks heile asparges

500 g fersk champgnion

1 boks hermetiske pærer

1 glas rognebær- eller ripsgele

 

Salt og pepper gnis godt inn langs begge sider av sadelen. Smør seterrømmen på begge sider av midtbeinet i ca. 1 cm tykkelse .

Ta eit stykke alu.folie – så stort at heile sadelen kan pakkast inn, og pakk folien godt saman så ingenting renn ut under steikinga. Forvarm ovnen til 200` C, set inn kjøtet, og la det stå i ovnen i 1-1,5 time. (Kjøtet vert då rosa ved beinet)

 

Smelt smøret i ein kjele ved middels varme, ha i mjøl og spe med melk. La det koke i 5 min.

Tilset fløte, geitost og steikesky og rør rundt.

Smak til med salt og pepper.

 

La kjøtet kvile 15 min. før du skjer filetane laus frå beinet.

 

Legg kjøtet tilbake på beinet, og pynt serveringsfatet med gulrøtter og pærer.

 

Serverast med nypoteter og resten av tilbehøret.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...