Jump to content

Ærleg frå Papi: Glock OEM minus-connector


Papi

Recommended Posts

Kva er kjøpt? Glock OEM minus-connector, 4,5 lbs (5 lbs i G17 gen. 4)

 

Link til konkret produkt: http://eu.glock.com/english/index_options.htm

 

Kva fulgte med? Connector.

 

Kjøpt hos, og pris? Kjøpt hos PVAS, for 190 kroner.

 

Montering?

 

Ta av sliden, slik at du kun har ramma att. Med pistolen (gen. 4) fulgte det med eit verkty for å fjerne pinnen som held både triggerhousinga og evt. ekstra grep på plass. Har ikkje du dette verktyet, bruk noko anna som er smått, og litt spisst. Fjern pinnen.

 

20140129_220153_zpsd1f63191.jpg

 

20140129_220215_zpsce0f3738.jpg

 

Når denne er vekke, løftar du opp triggerhousinga, so du får sjå connectoren, på pistolen sin høgre side. No er det berre å tviste, og vri FORSIKTIG, så du får eksponert connectoren på ein slik måte at du kan lirke den ut, bruk eit tynt flatt skrujarn til dette, gjerne eit elektrikar-jarn. Monter den nye connectoren, pass på at du ikkje bøyer noko, lirk ting på plass att, og det var det. Easy-peasy.

 

20140129_220242_zps06f41e17.jpg

 

20140129_220330_zps4de9f160.jpg

 

20140129_220336_zps13dfb785.jpg

 

20140129_220444_zpse042a867.jpg

(lirk forsiktig ut, trengst ikkje makt, men du får ikkje grep med fingrane/neglene)

 

20140129_220521_zps9736e498.jpg

(sjekk oppe til høgre på connectoren, minus er ny, "rein" er den "gamle")

 

20140129_220652_zpsbe6199ed.jpg

(montert påatt)

 

20140129_220722_zps6e393bc2.jpg

(done)

 

Bruk?

 

Merkbar forskjell frå den originale 5,5 lbs-connectoren. Med 5,5-connectoren, har du også ein veldig "skarp overgong" i det du trekk av. Tungt, og skarp overgong. Med denne minus-connectoren, kjem du rett over 2kg, som er målet for Production i mitt tilfelle med denne spesifikke pistolen. Avtrekket blir merkbart betre ved at du ikkje "vrir" pistolen i høgda/sidlengs, som ein ofte gjer med den originale connectoren. På den andre sida, blir avtrekket litt meir "ubestemmelig", og"ubestemmelig", i tillegg også litt "crunchy", men dette er kun vanesak. Verkleg verdt dei få kronene ein brukar på noko slikt, og det går fort å skifte denne ut også.

 

Siste kommentar?

 

Her er ein link til ein annan tråd på forumet, som angår dei forskjellige connectorane til Glock. Verdt å lese seg opp på om ein ikkje er så kjent med dette.

 

http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=15&t=81019

 

Og igjen, for guds skuld, ikkje bøy noko når du har triggerhousinga eksponert. Just sayin'.

Link to comment
Share on other sites

Godt forklart, bra bilder. Var vel slik jeg gikk fram og ved connectorskifte.

Takk, kjekt å høyre!

 

Flott demonstrasjon, byttet du kun conectoren? Selv gjort det samme på min 19 gen4, samt polerte den med autosol var vel vært pengene

Bytta kun connectoren ja. Eg polerte riktignok ikkje min, men trur eg skal gjere dette også. Eg "slit" framleis litt med avtrekket med Glocken, men det har kome seg mykje sidan eg fekk denne spesifikke i hendene fyrste gongen. Verkleg verdt pengane, DET er det ingen tvil om!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...