Garegaupa Posted September 1, 2013 Share Posted September 1, 2013 Hei, folkens! Eg tenkte berre eg ville tipse om eit artig prosjekt eg kom over for litt sidan, for dei som måtte vere interesserte: http://www.kickstarter.com/projects/131 ... erra-madre Eg for min del har stort sett overnatta i telt og/eller Jerven-duk når eg har vore ute i terrenget, men kunne tenkje meg å prøve hengjekøye i staden i enkelte høve. Planen min var å berre bruke ei vanleg hengjekøye pluss presenning og femmeterssnøre som sikring mot regn, men så kom eg over denne her. Eg tykte det såg såpass interessant ut at eg bestemte meg for å støtte prosjektet, og tenkte i same slengen at dette kunne vere noko som var av interesse for andre her på forumet! Ha ein fin haust! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
cipheron Posted September 1, 2013 Share Posted September 1, 2013 http://www.feltreir.no Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Garegaupa Posted September 1, 2013 Author Share Posted September 1, 2013 (edited) Sjå der, ja, den hadde eg ikkje sett før! Takk for tipset! Den såg heller ikkje dum ut! Liknar veldig på den eg la inn lenkje til, og ser ut til å vere basert på ein del av dei same ideane. No har eg ikkje kikka veldig nøye på Feltreir ut over ein kjapp kikk på nettsida, men det ser for meg ut som om der er litt meir "finessar" på den eg nemnde (integrert myggnett og haldar til ryggsekk, samt regn-tetting der snorene til hengjekøya går inn under "taket" var vel det eg la merkje til i farten). Skal uansett ta ein nærare kikk på Feltreir, artig å sjå kva slags løysingar som finst rundt ikring! REDIGERT: Eg lyt visst sjå litt nøyare før eg skriv, eg ser at ein kan få myggnett med i pakka her òg. Edited September 1, 2013 by Guest Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Apelars! Posted September 1, 2013 Share Posted September 1, 2013 Har en Hyperlight fra http://www.hennessyhammock.com/. Veldig fornøyd med den så langt, har vel hatt en 10-20 netter i den til nå Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Garegaupa Posted September 1, 2013 Author Share Posted September 1, 2013 Nok ein gong takk for tipset! Såg snerten ut den òg! Vert artig å prøve dette her etter kvart, eg har som sagt berre overnatta på bakken så langt, vert spanande å prøve hengjekøye-konseptet! Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.