Jump to content

"Telt" for bruk ved overnatting i hengjekøye


Garegaupa

Recommended Posts

Hei, folkens!

 

Eg tenkte berre eg ville tipse om eit artig prosjekt eg kom over for litt sidan, for dei som måtte vere interesserte:

 

http://www.kickstarter.com/projects/131 ... erra-madre

 

Eg for min del har stort sett overnatta i telt og/eller Jerven-duk når eg har vore ute i terrenget, men kunne tenkje meg å prøve hengjekøye i staden i enkelte høve. Planen min var å berre bruke ei vanleg hengjekøye pluss presenning og femmeterssnøre som sikring mot regn, men så kom eg over denne her. Eg tykte det såg såpass interessant ut at eg bestemte meg for å støtte prosjektet, og tenkte i same slengen at dette kunne vere noko som var av interesse for andre her på forumet!

 

Ha ein fin haust! :-)

Link to comment
Share on other sites

Sjå der, ja, den hadde eg ikkje sett før! Takk for tipset! :-)

 

Den såg heller ikkje dum ut! Liknar veldig på den eg la inn lenkje til, og ser ut til å vere basert på ein del av dei same ideane. No har eg ikkje kikka veldig nøye på Feltreir ut over ein kjapp kikk på nettsida, men det ser for meg ut som om der er litt meir "finessar" på den eg nemnde (integrert myggnett og haldar til ryggsekk, samt regn-tetting der snorene til hengjekøya går inn under "taket" var vel det eg la merkje til i farten).

 

Skal uansett ta ein nærare kikk på Feltreir, artig å sjå kva slags løysingar som finst rundt ikring!

 

REDIGERT: Eg lyt visst sjå litt nøyare før eg skriv, eg ser at ein kan få myggnett med i pakka her òg.

Edited by Guest
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...