Jump to content

Rago & Bella, to nye familiemedlemmar i hus.


magnum_mauser

Recommended Posts

Har i mange år hatt lyst på hund som kan nyttast til jakt. Men av diverse årsakar, har det ikkje blitt noko av.

Men no passa det med hund, student og mykje fritid, samt sambuaren også ønska seg hund. Så vi bestemte oss i sommar for å skaffe oss hund.

Eg var ute etter ein fleirbrukshund, som kunne brukast til både hjortejakt og revejakt.

Her er små vald og eg treng ein hund som kan sprenge hjort ut av tette granfelt, utan at den heng på i timesvis. Derfor blei valget mitt tysk jaktterrier. Ein hunderase som er hata av dei som ikkje har den sjølv og som har hunderaser som er spesialiserte opp mot ein type jakt :wink: Og det er ein hunderase som er elska av dei som har ein tjt :wink:

 

Eg kontakta ein oppdrettar ved namn Jan-Inge Skjerven, som eg kjenner frå før, og han fekk kvelpar seint på hausten, så då blei det bestemt at vi skulle kjøpe ein hannkvelp av han. Ventetida var rett og slett grusom :shock: Eg er av den typen som bestemmer meg for noko, og så skal eg helst ha det gjennomført i går :oops:

Men så fekk eg også høyre at Skjerven hadde russisk støver-kull undervegs - og då bryja tankane kverne.

Det er mykje rev i området her, her er komt gaupe. Og det hadde vert utruleg kjekt med ein hund som kunne jage rev over bakken også, samt ein kunne kanskje klare å lure ei gaupe etterkvart også.

Etter mykje grubling og diskusjonar med andre, som påsto at eg var gal som vurderte to kvelpar samtidig - velde vi å ta ein støverkvelp ''tispe'' - ingen skal seie at eg ikkje høyrer etter kva folk seier :mrgreen:

 

Vi reiste til Sogn å henta våre håpefulle, og no har vi hatt dei her i ei vekes tid. Det går egentlig veldig bra, dei har skjønt opplegget med at dei skal gå på dass ute, men av og til, rekk dei berre bort til døra, før tanken renn over og det blir ein flekk på golvet - men dei skal ha for at dei prøver å komme seg ut hvertfall :lol:

Dei et godt og søv mykje. Stort sett rolege om natta, men dei syntes ikkje noko om at vi går frå dei i bura når dei er vakne - då blir det sutring og skriking. Men dei roar seg somregel etter ca 5 - 15 minutt.

Einaste som har skapt bekymring, er når dei leikar. Spesielt russartispa, har ein tendens til å vere i overkant hardhendt under leik. Terrier'n har jo ikkje vett til å gje seg heller. Så det blir mykje - Nei!!! I periodar. Verst er det når det byrjar å nerme seg foringstid, då utagerar dei kraftig :shock:

 

Elles vil eg takke oppdrettaren for gode råd og veiledning, samt kammerfolket, som har tatt seg tid til å svare, når ein stressa ''småbarnsfar'' har spørsmål. Har hatt hund før, men to små kvelpar samtidig, er heilt klart ein utfordring, men det går veldig bra. Oppdrettaren har fortsatt igjen kvelpar, så dersom her er nokon som vil ha seg terrier eller støver, kan de gå inn på http://www.jakt.nl for meir informasjon :wink:

 

Skal oppdatere tråden etterkvart som dei veks til, legg ved nokre bilete av dei håpefulle :mrgreen:

Har de ståltips til ''småbarnsforeldre'' med born som slost mykje - er me opne for tips :)

 

Her samarbeidar dei om å drepe ei and, kjekt når dei kan banke noko anna en kvarandre :lol:

CIMG0255.jpg

 

Her ligg dei på favorittplassen sin å gneg på kvarandre :wink:

kampunderomnen.jpg

 

 

Når dei ikkje prøvar å myrde kvarandre, oppfører dei seg eksemplarisk :wink:

snilleavogtil.jpg

 

Her kosar min betre halvdel med Rago, men blikket tydar på at han har eit ørlite ønske om å komme seg ned på golvet å herje med Bella :lol:

elisabethogrago.jpg

Link to comment
Share on other sites

Se der ja er de håpefulle :) Fikk sett et lite glimt av dem på webcammen og de er nå skjønne da! Grattis så mye med "bebisene" :lol:

 

Som vi har snakket om - husk å la dem være individer - gjør ting hver for seg til tider slik at de ikke blir altfor avhengige av hverandre. Og styr leken deres slik at den ikke får ta helt overhånd (tispa som knøvler hannen you know). Du er den voksne og må si fra når nok er nok :P

 

Ellers tror jeg at buret ditt er passe stort (det tilhørte jo en akita så da er det nok stort nok til en tjt hihi).

 

Gleder meg til å høre mer om dem!

Link to comment
Share on other sites

Se der ja er de håpefulle :) Fikk sett et lite glimt av dem på webcammen og de er nå skjønne da! Grattis så mye med "bebisene" :lol:

 

Som vi har snakket om - husk å la dem være individer - gjør ting hver for seg til tider slik at de ikke blir altfor avhengige av hverandre. Og styr leken deres slik at den ikke får ta helt overhånd (tispa som knøvler hannen you know). Du er den voksne og må si fra når nok er nok :P

 

Ellers tror jeg at buret ditt er passe stort (det tilhørte jo en akita så da er det nok stort nok til en tjt hihi).

 

Gleder meg til å høre mer om dem!

 

Ja, vi forsøker så godt vi kan å skilje dei - når leiken blir for hard :wink:

Det er støveren som har overtatt buret som vi fekk hjå deg, men eg trur det må vere så stort som det er, for ho veks noko kriminelt :shock:

Verre matvrak en far sjølv :oops:

Link to comment
Share on other sites

Gratulerer med to nye hunder.

Bra rasevalg også.

Bare et lite tips. Tror jeg ville satt ned foten for den lekingen inne. Jeg har i vertfall vært veldig tydelig ovenfor mine hunder på at leke det gjør vi ute, inne skjer det overhode ikke noe som helst gøy så dere kan bare ligge og sover å slappe av.

Tillater du leking nå vil du få to aktive krabater innendørs når de blir litt eldre. Og med størrelsen på russeren kan det bety mange knuste kaffe kopper :mrgreen:

Lykke til med jakthundene

Link to comment
Share on other sites

Det har fungert bra å stoppe leiken inne. Det blei mykje -Nei! eit par dagar, men no går det veldig bra. Det hender dei gløymer seg hvis dei er veldig oppgira, men det er mykje fredligare i hus.

Men eg trur dei straffar oss, er overbevist om at hundane syntes vi er nokre rasshøl, og at dei ikkje får lov til noko :lol:

Fordi i begynnelsen var hundane henngjevne og kom settande kvar gong vi ropte. No gidd dei knappast løfte hovudet eingong :shock: Syntes det var i overkant tidleg med overlegne og likgyldige hundar, når dei er 9 - 10 veker gamle :o

Link to comment
Share on other sites

Det går framover, hundane er fortsatt raptus om morningen, når dei får komme ut av buret, og om ettermiddagen, når me kjem heim frå skulen. Då er det raganrok i heimen og dei stikk av, for å få herje i fred inne :lol: Men me spring etter med mord i blikket, og neier og kjefter for harde livet :oops:

Elles har tempraturen tidvis vert litt meir sympatisk, rundt 0 grader - og då kosar hundane seg ute. Og når dei har fått ein time med sprining og herjing i skauen, er det fred i heimen resten av dagen :wink:

Link to comment
Share on other sites

  • 4 weeks later...

Har fått mange fine turar i skog og mark med kvelpane i julehelga. Støvern sporer rev og syntes det er kjempekjekt, sålenge vi ikkje kjem for nærme :lol: Dei er blitt vandt til skogen og trivast godt når vi går tur - noko som er ei klar forbetring til sutringa i starten, da her var beinkaldt.

Rago gjekk sitt andre blodspor i dag, han satte nasa rett ned i blodet umiddelbart og gjekk sporet uten problem. Kven som var mest kry når han fant skanken i enden, det skal vere usagt - men vi var ganske bratte i nakken begge to :oops:

Elles har vi trena litt aport, og han hentar kråka og kjem og legg den forran føtene på meg, glad og lykkelig. Men no ser eg at vi med fordel kan bytte ut kråka, for den er nesten heilt utan fjør :lol:

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...