Jump to content

Lokking av elg (okse)


Linduvarri

Recommended Posts

Hei, har prøvd lokking nokre gonger, og vore heldig med å få oksar på skothald ved nokre høve.

 

Men denne veka vart det "stang ut". Kom forsiktig framover i eit hogstfelt, og høyrde brått okse som lokka vel 100 meter vekke. Eg lokka eit par gonger, og høyrde oksen reagerte spontant. Kvistar knakk, oksen kom brått og stoppa i eit tett granfelt 40-50 meter nedom meg. Eg hadde vinden rett i mot, og sette meg ned på ein stubbe og venta.

 

Kort fortalt kom ikkje oksen fram. Eetter litt lokking til, "kvisting" med busker, gav eg opp og gjekk inn i granfeltet. Oksen og eit anna dyr hadde stått rett nedfor meg, på omlag 40 meters hald. Spora stod tydeleg i nysnøen som nett hadde dekka bakken. Eg vurderte det som for "risikabelt" å gå fram, men skulle kanskje gjort det denne gongen, sjølv om sikta ver sterkt redusert.

 

Er det nokon som har råd om kva eg burde gjort annleis, for eksempel å lokka med meir aggressive grynt for å få oksen heilt fram? Eller kan det vera at den var meir forsiktig når den hadde ei ku med seg?

 

Ei morosam oppleving var det uansett :)

 

Mvh Lindu

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...