Jump to content

kaffikjelen

Members
  • Posts

    14
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by kaffikjelen

  1. På nett same måte som du transporterar det til din lokale våpenforhandlar for service, til leirduebana for trening eller i bilen på veg til DFS-stevne: i futteral, bag eller koffert, vel?
  2. Eg må heilt ærleg sei at eg ikkje heilt skjønar diskusjonen her. Eg skjønar at nokre kan tykkje dommen frå Sogn og Fjordane tingrett, i alle fall ved første augekast, er litt merkeleg. Men når ein ser på kva reglar som faktisk gjeld, føler eg at dette er fullstendig cut-and-dried, for å bruke gode ny-norske ord. Bryt ikkje dette med Våpelova §20 andre del? (...) Under transport eller mellombels oppbevaring skal gjenstandane (skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon) vere pakka slik at dei ikkje er synlege eller lett tilgjengelege. Sit du på ein ATV er du korkje i ein jakt- eller treningssituasjon, og er det ikkje då rimeleg å sei at ein er i transport? Om nokon vil hevde at ein kan vere i jaktsituasjon der ein har behov for våpen tilgjengeleg og sit på/i eit motorkøyretøy utan å bryte Viltlova §21 er eg interessert i å høyre det argumentet: Det er forbudt under jakt: (...) b. å bruke luftfartøy eller motorkjøretøy til forfølging av vilt eller til avledning av viltets oppmerksomhet fra jegeren c. å bruke luftfartøy eller motorkjøretøy utenfor vei til lokalisering av vilt d. å løse skudd fra luftfartøy eller motorkjøretøy. Om ein vil, kan ein jo også trekke inn Våpenforskrifta §6-7, der det, som nokre tidlegare har påpeika, står at ein som "(...)transporterar skytevåpen på offentleg stad kan ikkje bære skytevåpenet i hylster eller liknande, som er festa til kroppen på ein slik måte at det gjev rask tilkomst til skytevåpenet." Nokre vil kanskje sei at ei rifle i skulderstropp (særleg om den er i kryss over ryggen) ikkje gjev "rask tilkomst", men eg hadde ikkje sett ei krone på at det hadde gått deira veg i retten. Men også her kan ein motsette seg ordet "transport", men då, meiner eg, må ein sei at ein er i ein jakt- eller treningssituasjon, og vi har leiken gåande att. Alt dette frå dei sju orda sitert øvst, pluss informasjonen om at jegaren sat på ein ATV. Og alt dette før ein pirkar borti bruken av motoriserte køyretøy i utmarka. Ein kan tykkje og føle so mykje ein vil, men vi må forhalde oss til lover og forskrifter som gjeld. Om jegerstanden er under sosialt press for tida, slik eg trur, er det vårt ansvar å vere ansvarlege og pliktoppfyllande jegarar og våpeneigarar. Det å jakte og eige våpen i Noreg er eit privilegium, ikkje ein rett, og denne kan verte innskrenka og avgrensa på kort varsel om vi som er i mindretal ikkje veit å oppføre oss. For vi, våpeneigarar og jegarar, er i mindretal i demokratiet vårt, og det skal ein ikkje kimse av.
  3. Eg tenkjer ikkje det er eit poeng i seg sjølv at ammunisjonen må gå so likt at kjøpeammunisjon og heimeladd går omeinannan nedi magasinet. Om ein heimeladd patron har om lag same treffpunkt som ein kjøpepatron med lik kule på same skiva utan at eg har rørt noko på tårnet -- vil ikkje det bety at båe kulene har om lag like stor fart, og dimed om lag like stor anslagsenergi? Greia er at eg veit kjøpeammoen går godt og gjer jobben i dyret -- og tanken om å få heimeladinga til å gå sånn ca likt som den fabrikkrulla, er fødd av at eg ikkje har kronograf, og leitar etter måtar å starte med heimeladinga medan eg utset kronografkjøpet til eg faktisk "treng" det.
  4. Dette er det ingen tvil om, eg ventar ikkje å skyte noko betre med eigen ammunisjon. Når eg i innlegget skreiv "hol-i-hol" var det med tanke på testing med tofot og anlegg for å vite at ammunisjonen går samanliknbart med den eg til no har trent og jakta med. Å verte ein betre skyttar, jobbar eg med på anna vis enn med kva eg puttar i børsa mi
  5. No kan det vere eg spør dumt, men kvifor? Om eg brukar ladestige og tek det roleg opp til same nivå som fabrikkladda ammunisjon -- vil eg ikkje då ha liknande utgangshastigheit og anslagsenergi? Her er det sikkert noko eg går glipp av eller ikkje forstår....
  6. Det er trening og jakt det her er snakk om, ja. Difor er eg ikkje ute etter å tyne mest mogleg ut av den heimeladda patronen (enno), men berre få brukbare resultat.
  7. Eg har aldri hatt problem med å bestille ammunisjon på nett og få det tilsendt. Det vil skje at pakkane kan verte opna, då. So seint som i dag henta eg ein pakke med tennhetter, som heilt tydeleg var opna og sjekka av Posten. Eit par tennhetter låg og slang i pappeska, men ingenting var elles skadd eller borte.
  8. Først av alt - beklager om tråden finst ein stad, eg har ikkje greidd å søkje eller google meg fram til den. Eg er heilt fersk til heimelading, og har endeleg funne tak i tennhetter - alt er på stell for å ta til med ladinga. Spørsmålet eg sit med, er om eg verkeleg har behov for kronograf? Hylsene eg vil bruke er eingangsskotne i mi eiga børse. Tennhetter og krut er neppe like, men kulene er like som den fabrikkrulla ammunisjonen eg har nett dei hylsene frå. Planen min i denne omgang, er å lade eigen ammunisjon so likt den fabrikkrulla som mogleg. Dette både for å få ammunisjon som eg veit går godt, men kanskje mest av alt for å gjere det enkelt for meg sjølv i byrjinga. Planen min er å lade i ein stige: to-tre skott med lik krutmengd og gjere so stigande frå minstemålet som er skilda i ladeboka (mi er frå 2006). Eg ynskjer slikleis å gradvis jobbe meg opp til kulene går hol-i-hol med den fabrikkrulla (og sjølvsagt vere på vakt for teikn til overtrykk). Tenkjer eg heilt feil, eller vil eg her klare meg utan kronograf? Går min sjølvlada ammunisjon i same holet som den fabrikkladda med same kuler, kan eg vel vente at utgangshastigheit -- og anslagsenergi -- er den same?
  9. Eg har ei Leupold VX-R 4-12x50 på storbørsa, og har vore veldig nøgd med den. So Leupold er på ingen måte dumt. Eg har aldri sjølv sett nokon med scout-stil på kikarten, langt mindre testa slikt sjølv. Er det eit problem å vere so langt unna glaset, mtp at sjansen for å få ulikt siktebilete frå gong til gong er større (ser eg føre meg), og at lys og sol kan vere eit større problem når ein ikkje skuggar for okularet? Desse børsene skal vere gjenga oppe på låsekassa for montasjar, so når moglegheita er der for eit "tradisjonelt" glas -- kva er fordelane ved slike scout-sikter? Ja, om nokre veker skulle Våpen-Søilen få inn nokre av dei, og eg ba dei i fjor om å halde av då dei kom.
  10. Snart kjem den første ny-nye rifla i hus, ei Marlin 336 Classic. Eg er ung og håpefull og vil sjølvsagt fare til skogs med opne sikter og jakte i skikkeleg cowboystil. Eg planlegg likevel å ein dag innsjå realitetane og finne at eit kikartsikte er veeldig praktisk. Estetikken vil likevel vere grådig viktig på slik ei rifle (som sikkert vil sjå meir tørrtrening enn reell jakt, i alle fall med det første). Marlinrifla har utkastar på sida, so kikarten vil kunne ligge klistra nedpå låskassa. 30-30 er ikkje naudsyntvis noko langhaldskaliber, so stor forstørring er lite praktisk. Raudpunktsikte er sikkert flott det, men uaktuelt for meg, då eit sikte må stå i stil med resten av riggen. Optikken her ligg fram i tid å skaffe, men det er jo ikkje dumt å sanke forslag allereie, skulle folk ha det. Å ordne eit Finnvarsel er ikkje dumt å gjere tidleg. Oppsummert er eg på leit etter optikk som er slankt, har låg forstørring, lite kompleksitet (fleire tårn osb) og vil gjere seg bra på ei børse av mørkt stål og treverk. Brukt er sjølvsagt å føretrekke.
  11. Dette er som å spørje ein molteplukkar etter favorittmyra hans, men eg freistar lukka likevel. Eg vil allereie no ordne meg fri ei langhelg eller lita veke for rypejakt til hausten. Eg er altetande, so skogsfugl og hare er også spanande. Har ikkje hund, so det er snakk om støkkjakt. Held til i Ålesundsområdet, so det som måtte vere innan rimeleg avstand med bil (~3-4t) er aktuelt. Eg har ikkje behov for terreng med hytte, sjansen for fangst er viktigast. Ein veit jo ikkje korleis bestandane vert til neste år, menmen…
  12. Talk for raske svar! Då satsar eg på å teste halspressing no i starten og føl med på lengda til hylsene.
  13. Heilt fersk til heimeladinga (har enno ikkje gått til innkjøp av krut og kuler eingong) og har møtt mitt første problem allereie. Føl ladeboka (frå 2006) sine instruksjonar for innstilling av die for heilpressing. Problemet eg møter er ikkje omtalt i boka: børsa mi et alt uansett kvar dia står – sjølv dei aller fleste upressa, eingongsskotne hylsene et og spyttar den fint ut att, utan merkbar motstand i hevarmen. Nokre skotne hylser vil den ikkje mate frå magasinet, då halsen treff noko øvst i kammeret(?), men den kamrar den fint med ein hjelpande finger og slengjer den ut att i ein fin boge. Det er her snakk om ein M98 i 30-06, hylsene er eingongsskotne (i den aktuelle børsa) frå Norma, og pressa er ei O-presse frå Lee. Har eg eit unormalt romsleg kammer?
×
×
  • Create New...