God kveld, Godtfolk!
Må seie at denne tråden er heilt eventyrleg bra og har vore til stor interesse. Straight up Burboun til trådstarter!
Mitt ringe innspel her, gjeng i retning bruksområde for dei større bøyleriflene, altså Big Bore. Eg har kanskje ikkje lese absolutt alle innlegg, men vil legge til at meir eller mindre akademiske testar frå Junaiten, samt meir lokale erfaringar, peikar mot ein stor fordel med dei tunge, butte, blypottene i lav hastigheit:
Dei stoppar ikkje!
Av den grunn, vert bøylerifler ofte kalla Brushguns (småskogrifler, på nyare Norsk)
Eg kjenner endåtil at hjort har vore felt på ettersøk med skot gjennom småbjørk. På ettersøk det, altså.
Her på Vestlandet har vi monge bøar med hjort på men endå fleire lier, meir eller mindre attgrodde med småskog.
Reint bortsett frå barndommen, med Winchester 94, 30-30 som det ultimate i Fars våpenskap og livslong kjærleik for det romantiske Ville Vesten, er kvalitetane i småskog avgjerande for at eg vil forsvare 45/70, 'Till the Bitter End