Jump to content

coax

Members
  • Posts

    28
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by coax

  1. Har eit år i kystarteleriet, men hugsar ikkje noko slikt, det var sikkert teknikarar som tok seg av det. Det var snakk om 150 mm, 850 ms kanskje og granatane var tunge, 46kg. men tilbake til kragen, ser i boka til Hanevik at dei klarte 865 ms med ei 9 grams kula i ei 61 cm karabinpipa i 1910 med Rottveilerkrutt. innponerande, kva skal ein sei, 6,5 PRC gå og legg deg...
  2. @Per-S står Ladeboka nr.7 " trykktesta med profesjonelt transduser trykkmålingsutstyr" men korleis det stemmer oppimot alle andre måleutsyr og verdiar veit ikkje eg. Ca 1895 var det vel stukesylindrar som gjeldt...
  3. @erikraude 2800 bar, dagens arb. trykk krag - alle kassar i nokolunde stand toler dette. 3100 bar Super krag ammo - gjekk i alle kragar på -70 -80 og nittitalet. 3500 bar gamal trykkstandar frå starten. Kragen vart slarken etter lang tids bruk. Redusert ned til 3300 bar. 3500 - 3600 bar Lapua Mega. Lapua sin trykkstandar for svenskmauser. 3800 bar Cip standard for 6,5 x55 mauser og 8 x 57 IS som krag elgrifler vart kammra for,og brukt med i ti år før div. kassar var så "skranglete" at dei måtte innføra 8 x 57 IS Moderat med arb. trykk ca. 3000 bar. 3800 - 4000 bar 8 x 57 IS miterammo frå krigen, gode kassar, (Steyr, M12 karabin) utan slark, og med piper monterte av fagfolk fungerte fint med desse. 4000 bar 40 skot stresstest. 4500 bar standard trykkprøve på kongsberg. 5000 bar max trykkskyting i starten, etter ei tid fann dei ut at dette var i hardaste laget og slutta med den. Alt dette og meir til finn du i Hanevik si bok Norske militærgeværer etter 1867 og Ladeboka nr. 7 .obs i mi ladebok er det ein "trykkleif" som seier at 375 Mpa eller 3750 bar er passeleg krag trykk, det må vera feil.
  4. @høggern Neeei, for tregt, var innom GRL ein snartur, og la inn ei 123 grs .309 lapua kule i 7,5 x 54 MAS , 40grs Norma 200 er ca max 3000 bar, eller 30grs N-110
  5. @erikraude ein tanke -..sotar denne kragen din hylsena frå jaktammoen?... om det vert mykje sot, kan det virka på same måte som vaten/olje på hylsa ...i såfall har du forlite trykk i starten, bruk kjappare krutt eller dytt kulena lenger inn i hylsa....
  6. @Morten73 søk 7.62x55 Krag Jørgensen eller Krag Jørgensen 7.62 så dukkar det opp litt av kvart
  7. @erikraude no veit ikkje eg kva pipe du har i kragen din, men utgangspunktet til Krag og Jørgensen var lange, tunge Norma Alaska liknande kuler. Eg hadde prøvd 156 grs Oryx eller 160 grs Hornady RN med passeleg dose MRP bak før eg gav opp ladeprosjektet. Dersom Kragen din er i god stand, så TRUR eg rimeleg sikkkert at den toler eitpar 5 skot seriar med fabrikkladd Lapua Mega. Finnane kjenne til svake Krag og Svenskmauser kassar og ladar desse deretter. Styr unna Norma diamond line felt. I boka til Hanevik står det at dei "stresstesta" nokon kragkassar ( 1%) med 40 skot med 400 Mpa, dette er godt over Lapua Mega. Ellers så er @Per-S inne på dette med slitasje på låsklakkar, det kan påvirka presisjon.
  8. @erikraude har du prøvd Oryx kuler med MRP bak ?
  9. Hei! Sikkert Tante Blå som har trykka "trykkleif" her, men eg har sett bilde av ei utanlandsk reklameblekke, mogelegvis innpå her, der det vart lagt ut børsemaker oppbyggd jaktkrag i 308 Win for salg. Usikker på kva slag kasse som var brukt...
  10. Ja, der var 8,1 mm`en ja, har ein slik og ein 20 pk, Norma eg og. Hadde eg kunna, skulle eg lagt ut eit bilde. Sende du ein PM med telf.nr så skal du få sjå. Om nokon har bruk for/intresse av slikt, kan me gjera ein liten handel, ellers går det til Lensmannen
  11. Står det 8x57 J eller 8x57 IS på hylsebotnen?
  12. ....hm, om det er orginalinnhald i den pakken kan det vera 8x57 J ?
  13. Hmmmm, mine to cent på at det er snakk om gjennbruk her, den pipa til Jeger59 har truleg stått i Krag M/12 karabin med serienummer 14356, opprinneleg produsert i 6,5 i 1916. Utlevert til Dragonregiment 2, kor dei heldt til veit ikkje eg. TT2 veit eg ikkje kva tyder, men kan den v en stå for venstrerifling ? Jeger59, fram med briller og godt lys å sjå kva vei det snurrar inni der, pleace ? Om det er ei orginal 8 mm venstrerifla Kongsbergpipa, så er den kanskje litt uvanleg. Grunnen til at børsemakar ikkje brukte oppatt "eksenterskrusiktet" kan vera at flensen som heldt overtreet på M/94, kom i vegen, og settskruena ikkje treffte sporet.......berre ein tanke.... Om nokon med tilgang til Politiet sine datasider kan søkja på Kongsberg Krag Karabin nr. 14356, så finn ein kanskje fleire svar.....
  14. Har lese Hanevik si bok side 316 - 320, og sett bilde frå kvf.no, og støttar Vargens siste innlegg. 1908 privat krag med Kongsberg produsert 8 x 57 IS pipe. Pipa må vera produsert i ein overgang/prøve peiode mellom "vanleg" siktestol og det "skru" siktet som seinare kom på Elgrifle M48, med spor for sett skruer til feste skrusikte. Altså mellom vanleg fastskrudd siktestol og krympemuffe. Trur eg .......
  15. iflg. boka til Hanevold var baksiktefestet på elgriflene krympa fast, treng ein det sporet då? Det vart vel brukt miterpiper i ein del av elgriflene, korleis var orginalfestet på dei ? ...-kan det vera ei 8 x 61 Norwegian S, tenkt brukt med 8 x 57 IS for å senka trykket ? ...- då vert det vel 8 mm Idiot kanskje
  16. Normalt hylsevolum i standard 6,5x55 hylse er 57-58 grs H2o. Nosler måle volum etter at kule er på plass.
  17. ....fekk ein trekant på GRT ang seating deapt, og måtte måla litt her, mine 6,5x55 er 74mm. Du skal ha minst 6,7mm av full kuledim. inni hylsa, båthalen er ikkje mykje styring i. Med OAL 74 mm så ligg max mauserladning på ca 42 grs. 150
  18. ....iflg. GRT så har du ca. 2500 bar, dvs slapp krag ladning. Max mauser ladning ligg rundt 44 grs 150 bak Nosler 123....pressa til kammeret og ausa oppi litt meir, så rettar dette seg.
  19. Ser den! Då vert det lading av 100grs ttsx og testing i vannkanner/ vedkubbar på deg. Ellers så er pumpehagle og BB hagl effektift i nærstrid. Lukka te med kragen!
  20. Hei! Ja eg er klar over at det vert mykje styr og "spurv med kanon" til rådyr. Her er M 67 sitt forslag absolutt best. Men du spør etter oppskrift på fart med blyfritt, og eg anar ein draum om 120 ttsx. Eg har ikkje prøvt slike kuler i kragen min, men eg gjorde eit ørlite forsøk med 125 grs Nosler P / MRP, stoppa når Magnetospeeden blinka 880, og merka ikkje noko unormalt. Dette var i ei 60cm Kongsbergpipe. Med 65 cm pipe og forsiktig framferd i ein stødig, lite brukt kasse, så kunne ein kanskje sjå 9 talet ? Seier ikkje at dette er ladningar for mengdetrening, men ein liten 10 pk. med dødningehove, til bruk på skogens konge ein solskinsdag.
  21. Litt drastisk, men du kan høyra med ein kompetent børsis om han kan " spikka" litt utav kammeret og låskassen din, slik at du får plass til ein villkatt inni der. 6,5 x 55 kan gje gode hastigheiter med slike justeringar. Eg har ein Krag med 40 grader imp. kammer som lett gjev svensk mauser fart utan særleg høgt trykk. sjekk QL med 6,5 x 55 AI program, så ser du. .264 Ti som Annerud brukte i ein mauser kan og vera eit alternativ. Men, kragen sin uvane med å dra treffa opp venstre når det vert vått eller det kjem olje på patronene forsvinn ikkje med AI kammer, min vart heller verre. Den set to tette i sjuen opp venstre, så kjem ein 4 opp venstre, så ein 2 og skot nr 5 er skivebom. Dette var med ein guttekarabinstokk, no har eg trua den nedi ein banestokk, så får me korleis den oppføre seg der.
  22. Prøv "mausersnoravtrekk" testen fyrst, få eliminert vekk kruttfeil. Om det går gale, så er det kortare veg/enklare å få tak i Raufoss, og så snakkar dei norsk......
  23. Andreasv .....og til spørsmål om oversetjing til engelsk, for dei som er dyktige uti data, så må det vel finnast ein app som kan oversetja denne tråden, og den om for lange hylser, til finnsk. Då kan dei sitja i saunaen sin, drikka vodka, og studera kva grannane i vest styra med. Lukka til!
  24. Andreasv Smart den mauseren din Eg heldt på at du har feil krutt, og med det har lada X antal overladningar, + nokon ekstra harde pga lange hylser. Meeen eg har teke feil før, så skal ikkje vera bombastisk. Så send børselik og kruttprøve direkte til Sako og lat dei sjå på det. Godt at det gjekk bra med deg!
  25. Andreasv ...enkelt dette her, ser du har mauser, om den er i 3006, så aus oppi 58 -60 grain av kruttet ditt, og kork med natokula. kjøyr test med snoravtrekk slik eg føreslo. Går det bra, så tek eg feil, og mauseren er like heil, går det til h......, så får du nye børser av Raufoss....
×
×
  • Create New...