Ein kan absolutt seie at det er lemenår i Sør-Noreg i år, og bestanden har enno ikkje kollapsa. Eg har sett mengder med lemen både i Jotunheimen, Ringsakerfjellet og øverst i Numedal. Eg har òg sett at lemen trekker ned mot låglandet, noko som er typisk for lemenår.