Jump to content

tussehaugen

Members
  • Posts

    1,599
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    5

Posts posted by tussehaugen

  1. Shaug skrev (10 timer siden):

    De reinsdyra.. Står de aldri stille? :D 

    …..


    Tett som sild i tønne. Helt umulig å få avgårde et etisk skudd,

    ……

     

     

     

    Såvisst står dei stille. Det er ofte eit problem at dei bare ligg i ro og tygg drøv, kun værsimla som uavbrutt stend og speider. Skal du då plukke ut ein bukk så må du vente, gjerne i timar.

    Det du beskriver er typisk for dyr som er blitt var enten deg eller andre jegere. Dei er skremt og går i forsvar ved å klumpe seg i hop, så luntar dei i veg, som oftest med vinden. Avhengig av kor hardt du har støkt så  vil dei roe seg ned etter ei stund, dreiar så mot vinden for å roe heilt ned for å beite.

    Du har gått på dyra for hardt eller du har fått hjelp du ikkje vil ha.


    Sjarmen med reinsjakt er at den er rimeleg ulik annen jakt. Tid og tolmodighet er A&O

    Lykke til neste gong👍

  2. Shaug skrev (2 timer siden):

    Hvordan fungerer dette med samjakt på Hardangervidda? 

     

     

    Der skjer ingen plutselige sammenslåinger av vald på Hardangervidda, har i hvertfall ikkje skjedd før i historien.

    Enkelte vald har avtale om samjakt frå ein satt dato, dette blir normalt opplyst om ved utdeling av fellingsløyve. Ut over dette må du sjølv kontakte grunneiger i det vald du ønsker å jakte i og i desse CWD tider så er det nok med ei muntlig avtale. Enkelte skal ha penger for ei overgangsavtale, dei fleste vil ha sitt eige terreng for seg og sine...

     

    I praksis så fungerer det ikkje...

  3. Skal ikkje svartmale men Havradalen er eit reint trekkområde litt ute i jakta. Dei sveipar innom og reiser ofte vidare øst eller tilbake mot nord. Vinduet er ofte bare timar. Historisk var der litt mytebukk der heilt i starten av jakta men i det seiste 1.5 år så har SNO på grunn av frykt for CWD spredning jaga dyra nordover, dette  for at dei ikkje skal krysse over E134 og inn på Vesthei/Ryfylkeheiane. Håpet ditt er  trekk inn frå nord. Songa er lita så dei kryssar lett. Ulempa er at områda dei må krysse gjennom i nord er lett tilgjengelige. Flokkar blir jakta på og dei har lett for å slå over på nordsida av Songavatn. Beste trekkrute for dyr sørover til H.dalen er inne ved ca Hellevatn - Sakris

    • Like 1
  4. Vapenskjold skrev (15 timer siden):

    …..

    Prøv med en panelovn i det rommet våpenskapet står, og sørg for god ventilasjon. 

    Dårlig løysning til ein stor kostnad ( med mindre du ikkje bur i nord…)

     

    Enkelt og billig er ei 25w glødepære inni skåpet. Det fungerer veldig mykje betre til ein heilt annan kostnad. Bonus er at du ser innhaldet👍


    Eventuelt om du vil flotte deg:


     

    https://www.elektroimportoren.no/varmeelement-25w-med-integrert-termostat/5400568/Product.html?Referer=googleshopping&gclid=Cj0KCQjw3eeXBhD7ARIsAHjssr-37Fh0LvP_3VE5cC_shevZ7wjNm76iQHZ7ktvjDWrGqbNewvzORSoaAj8DEALw_wcB&gclsrc=aw.ds&utm_campaign=googleshopping&utm_medium=na&utm_source=na

  5. Haavard skrev (1 minutt siden):

    Finns ingen cwd på Hardangervidda i følge meg. Det begrunner jeg med regelen om at 1 gang er ingen gang og 2 ganger er mange ganger. 

    Frem til de kan påvise flere tilfeller anser jeg at det første tilfellet var feilaktig. 

    Så bra!

     

    Du er ikkje aleine om å ha den oppfatninga… 

     

     

    Eg forholder meg til forskninga.

    • Like 1
  6. Det betyr lite om det er ein raud T, SNO logo eller ingen merker på jakka. All ferdsel av eit visst nivå bidrar til at villreinen unnviker områder. Dette såg vi ettertrykkeleg under koronanedstengninga. Då kom villreinen tilbake til områder som den bruka for over 50 år sidan. Det var flokker midt i alpinnedfarter, dyr stod spredd i områder som normalt blir brukt som skiløyper. Flokker oppholdt seg også heilt ned til europavegen i lengre perioder fordi trafikken var så liten. Det såg me fastbuande med eigne auger, litt nådde også media. Når det gjelder sau så skremmer nok ikkje den direkte vekk reinsdyra, dei går ofte i lag. Probkemet er men når store områda er totalt nedbeita og utdrite så finner ein sjeldan klauvvilt der før det går veker etter sankinga. Då er det derimot bra med vilt om sankinga er så tidleg at det ikkje er vissent. Antall sau på hardangervidda og øvre del av setesdalsheiane aukar, dei går også lengre inn i høgfjellet. Dei seiste 20 åra så er saueholdet totalt endra, det er nesten heilt slutt på å ha 50 vinterfora som sleppes på eigen eigendom med tilsyn ei gong i veka som kravet er. No er std. 2-300 vinterfora sau i eit vanlig sauebruk. Dei aukar så til 1000 som skal ut på beite. Fullasta vogntog kjører fleire turer til fjells og eigar har ikkje ein sjanse i h. til å halde oppsyn eller ha eigen eigendom i fjellheimen som er stor nok til slike mengder. Fleire utleierar av beite melder om at antall sau er ute av kontroll og at det sendas minst doble antall av det som er i avtala.

    Når det gjelder overgang mellom Hardangervidda og setesdal vesthei for villreinen så er den stengt av SNO for å prøve å hindre spredning av CWD  sørover. Slik situasjonen no er så er faktisk blåsjø ein fordel om trekk blir hindra. Kva som er redninga for villrein er nok ikkje eit tiltak, for Hardangervidda så er det etter mitt syn berre ei løysning men det er ein annan og meget betent debatt… 

    • Like 2
  7. vavlo skrev (På 12.8.2022 den 17.49):

    Varm luft kan ta opp mer fuktighet enn kald, men det er vel den relative luftfuktigheten som gjelder. Derfor vil luftfuktigheten synke når lufta inne (i våpenskap feks) varmes opp ift omgivelseslufta. I tillegg sørger oppvarmingen også for å holde temperatur mer stabil, slik at fukt ikke felles ut som kondens. Varmeelement kan derfor være en løsning.
    ………. 

    Dette var min tanke også, bra beskrevet. Moderne bygg har stabil temperatur og høg luftfuktighet er eigentleg ikkje så farlig for våpen fordi det er temperatursvingninger som fører til utfelling av kondens. Eit våpenskåp med våoen inni har stor evne til å magasinere varme og kulde, temperatur endres derfor seint inni skåpet. Om romtemperaturen hurtig varmes opp pga. værforandringer (trekk og mangel på isolasjon) så er våpen og våpenskap fortsatt kjølige og kondens vil oppstå akkurat som ei pils frå kjøleskapet ein sommerkveld. Kva den releativ fuktighet i utganspunktet er betyr eigentleg ikkje så mykje anna enn at det oppstår duggutfelling hurtigere ved mindre temperaturendringer, (man har mindre å gå på) Avfukter vil fungere, billigere er det med tilførsel av varme for å få ned RF inni skåpet, ein eller to grader C heving i forhold til omgivelsar utgjer her mykje. Før brukte dei enkelt og greit ei 40w glødepære som lyste 24/7. I dag får ein utstyr bygd for formålet. 
     

    Edit.
    Ser eg var litt upresis her, høg RF er såklart ein pådriver for rust, kondesering er drepen. Under 50-55% RF så bremses korrosjon betraktelig, sandblåst plate kan stå i dager uten problem i slikt miljø. Varm luft har større evne til å holde på fukt så om innsida av skåpet alltid er litt varmere enn rommet deg står i så senker du RF. Til dette kreves ikkje mange watt varme. 

    • Like 2
  8. Bly skrev (1 time siden):

    ………..

    Jeg vet og skjønner ikke hva som får folk til å velge brems når mirage og ekstrem rekyl ikke er problemene som må løses i oppsettet.

     

    Feks. ein Blaser R8 prof. I 300WM…. utan brems rett ut av eska der eiger ikkje vil ha lyddemper pga. lengde. Den var det direkte vondt å skyte meire enn ein serie med. Då var skuldra mi blå. Kan såklart kompensere med klær, rekylkappe osv. Skyter sjølv med medium tung 9.3x62 og tunge kuler utan demper el. brems , den blir småtteri i forhold…

    Men lurer litt på, om vi alle ga kvarandre litt space og respekt? Det er då ingen baner som er så små eller mykje i bruk at der ikkje finnas rom eller mulighet for alle uansett våpen og oppsett.

  9. Sunnmøring skrev (6 timer siden):

    ……
    som ikke er klar over den potensielle "farlige" støykilden du bringer med inn på standplass.. DU!!! Har er ansvar ovenfor disse også.. DU!!
    …….

    ofte så kan det i tillegg være barn på standplass.. DISSE vet ikke at din støykilde kan være farlig.. 

    ….

     

    På ein skytebane så må man forvente lyd av ein viss styrke, dette er eit område man oppsøker på frivillig basis. Man har då sjølv ei plikt til å sette seg inn i kva forhåndsregler som er nødvendig for seg sjølv og dei man tar med seg. 

    Er absolutt ingen jurist men tviler sterkt på at det er mulig å komme nokon veg om man vil legge skylda på andre for ei hørselskade påført på ein skytebane med mindre hendelsen var gjort med overlegg og vilje. At man feks. forbyr bruk av rekylbrems på ein bane er ikkje synonymt med at man ikkje kan bli utsatt for kraftig lydeksponering. Uheldige vinkler, vådeskudd, uhell ol. kan likevel skje.

    Sjølvsagt skal ordrer frå standplassleder etterfølges, alt anna er å handle med overlegg. 

    For arbeidslivet så ligger det meste av ansvaret hos arbeidsgiver ca slik du beskriver, men det er ikkje overførbart.

  10. Såklart er både bruk og vedlikehold viktig. Like viktig er å vite kva utstyr man har og kva det faktisk klarer å dempe. Bruker man briller så kan man fint ha propper under klokker. Dei koster 2.5 kr pr.par… Kanskje dei sammenleggbare klokkene man knabba frå HV på nittitallet eller nyinnkjøpt på Biltema ikkje er så smart å bruke. Sliter man med å høyre kommandoer så er elektroniske klokker supre. Sjølv har eg 3M XPI som demper meget godt og blir brukt vekdig mykje både på skytebanen, på jobb, intercom, handsfree i bil +++

  11. Sunnmøring skrev (2 timer siden):


    Det finnes ikke noe samsvarserklæring som tilsier at en kan summere db dempefaktor 

    ………

     


    Her tar du veldig feil.. "impulsstøy" som et rifleskudd defineres som..

    ……

    Mulig det ikkje kan summeres, mange arbeidsplasser tolker det likevel slik. Ørepropp type 3M soft demper over 35dB (https://multimedia.3m.com/mws/media/841382O/earsoft-roll-down-ear-plugs-technical-datasheet-pdf.pdf )  i frekvensområdet til eit rifleskudd. Arbeidstilsynet definerer impulslyd over 130dB som faregrense for hørselskade. Rifleskudd har som nemnt lydtrykk typisk +/- 160dB og då er man faktisk under definert grense frå arbeidstilsynet.

    At det er ubehagelig med blåsten og lydtrykket frå ein rekylbrems er eg heilt enig i. Det er heller ikkje nødvendig i ligge midt i rekka blandt andre skyttere, man kan fint vente litt eller spørre om det plager nabo’n. Men å gå til totalforbud meinar eg er ei drastisk handling.

    • Thanks 1
  12. bardp skrev (17 timer siden):

    Jo de reduserer nokk rekylen men det finnes ikke hørselsvern som er i stand til og beskytte en som ligger ved siden av en som bruker rekylbrems. 

    Dette stemmer ikkje.

    Gode 3M hørselvern demper over 30db i mellomtone der lydtrykket frå eit rifleskudd er høgast (500-1500hz)

    Om man bruker 3M skumpropper (dempar over 35db) i tilleg til klokker så vil du i sum oppnå demping på over 65db. Rekylbrems har lyddtrykk for sidemann på +/-160 db så man vil ha normalt ha ein rest under 100 db. Hørselskade kan oppstå etter 15 min kontinuerlig lydeksponering ved 100db. Eit høyrselvern aleine er for lite, det gjev skadeleg restlyd for sidemann. Ta med skumpropper og del ut til nabo om der ikkje er mulig å få avstand, dei er både enkle og billige. Lydtrykket på kroppen vil føles like heftig, men dette er ikkje skadelig.

  13. ignorant skrev (19 timer siden):

    …….
    På aftræk, er der uafgjort, da der grundlæggende er samme aftræk, med de samme justeringsmuligheder.

    Ok?

    Eg vekselbruker Tikka og Sako rifler( 2 stk T3 og 2 stk 85). Avtrekka  på begge Sako føles som å knekke ein glasstav, T3 kjenner eg lugger litt. Du meiner altså dei skal vere like?

  14. Og prisen på N130 vs 202 er også eit godt argument.

    Sølvrev skrev (2 timer siden):

    Jeg ville nok like gjerne kjøpt en boks N130 og ladet Lapua-kula med det kruttet. Etter ca. 300 skudd er jo boksen tom:winke1:....

    Prisdifferansen er også eit godt argument for dette forslaget

  15. Gillen skrev (17 minutter siden):

    Antar at en Sako 85 koster ganske mye mer enn en T3 Hunter, men er Sakoen tilsvarende bedre ? 

    Såklart! 
     

     

    Men i realiteten, nei…😂

     

    Koster ca det doble for Sako, så mykje bedre er den ikkje. Men folk kjøper både Blaser og Sauer så tja…💸

    TS vil ha 9.3x62 ser Schou er tom for dette kaliber i Tikka… Spørs om der er valg om han ikkje har ein lokal dealer med rifle på lager.

    • Like 1
  16. Sør-jeger skrev (47 minutter siden):

     

     

    Begge avtrekk er justerbare.

    Tikka sitt går enkelt ned til 1kg og kan halvere det igjen med å bytte en liten fjær..

     

    …….,

     

    Sako 85 har et litt kjent problem med utkast. Pga litt rar vinkel på utkaster..  

    Hylsen treffer kikkert og lander ned i magasin igjen.. så ville sjekket før kjøp.


     

    Avtrekk på Tikka er ikkje som Sako, det er bra men på Sako er det perfekt. 
    Utkast av hylser er eit brukarproblem som skyldes slappe håndbevegelser. Få litt fart så skal eg llve at hylser flyg, kvar gong! Plaststokk på Sako er heilt dau, Tikka er simplere. 
    Sako har garanti på 5 skudd under 1 moa, Tikka har lik presisjon men seier ikkje noko om antall skudd. Begge deler er såklart bra men best er uansett best. 
    Ja man kan bytte ditt og endre datt, men man må sammenligne epler med epler. Og kva vil sluttprisen på ei pimpa T3 bli? Som nemnt så blir dette som å kjøyre til butikken i ein luksusbil vs ein std. bil. Begge gjer jobben men det blir fort litt ekstra smil med ei Sako i hendene.

  17. Sako har justerbart avtrekk, Tikka har eit enklere avtrekk. Plastdeler i sluttstykke på Tikka, Sako har kun metall. 
    Har både Sako og Tikka, om prisen er verd det? Tja. Kjenner forskjell på avtrekka og liker kryssmatinga godt på Sako. 
    Sako vs Tikka, ettersom kona ikkje leser her på forumet så er Tikka eit fullgodt våpen, eg behøvde eigentleg ikkje å kjøpe to stk. Sako. Tikka er eit bra våpen.  Eg kjenner godt der er ein kvalitetsforskjell når eg skyter med Tikka’n og det blir eit smil når Sako’n igjen brukes. 
    Har du råd har du lov, om ikkje så kjøper du dyrere optikk til ei Tikka👍
    Montasje på Tikka og Sako = optilock.

  18. Hardangervidda er for det meste eigd av private, mange private. Der statskog eller ein bygdealmenning er grunneiger er der sjeldent nokon form for organisering av jaktutøvelsen og ”forstemann til mølla“ praktiseres med mykje idiotisk oppførsel og ofte null resultat. 
    I år er der utskrivd fellingsløyver 50% bukk >2.5 år og 50% fritt dyr. Samtlige med kalvekort. Vaksen bukk er der lite av no og det krevast tid og tolmodighet for å plukke dei ut av ein flokk. 
    Eg fekk i år tildelt fellingsløyve på eldre bukk i ein bygdealmenning, takka fint nei og reiser heller til andre villreinområde. Situasjonen på H. vidda er så samansatt at eit generelt råd er umogleg å gje.

    Mine råd er:

    Randsoner er bra i starten av jakta, etter 2-3 dagar er dei fleste grasbukkane plukka ut. Etter det er man prisgitt dyretrekk som kanskje kjem og då varer i nokre timar, med flax eit par døgn, sjeldent meire.

    Statskog, almenning el. - ofte meire folk enn dyr, spesielt i starten og i helgene. Mykje idioti er å sjå slik som å springe i himmelsyn etter flokkar. Skyte den første reinen som kryssar grensa slik at resten snur. Og når man har skutt så spretter man såklart opp i siluett for å kikke på kva fart ein flokk då kan oppnå. Her må man ofte reise lengre enn alle andre om man ikkje har fritt dyr for å han ein sjanse til å få jakta fornuftig.
    Private eigendommer sentralt på vidda er fantastisk bra, her kan man bruke ein heil dag på på å plukke ut det dyret du vil ha. Problemet er at her slipper ikkje Per og Pål inn og kort selges ikkje før dei faste er ferdige.


    Det skrives ut ca 7000 fellingsløyver, bestanden på H.vidda er ca like stor H.vidda er ca 8000 km2 Altså er der ca eit fellingsløyve pr km2…Fellingsprosent er i dei seinare år nede i 20 % og eg tør å påstå at det store antall løyver er ein stor årsak til at det sjeldan blir tatt ut meire enn 2000 dyr pr. år fordi trykket på almenninger er for stor og private er happy med å ta ut eit lågt antall, samt at ubrukte fellingsløyver er for dei kostnadsfrie.

    Er du flexibel, har mulighet til å reise ut på jakt på kort varsel og har med bærehjelp som er like fleksibel. eller er sjølv klar for fleire bæreturer. Eller at ein fjelltur med rifla på skuldera der ei felling er ein bonus, ja då er Hardangervidda jaktområdet for deg som ikkje der har egen eigendom. 

    • Like 2
    • Thanks 1
  19. Mikkelh skrev (På 26.6.2022 den 14.00):

     

    En anden ting med v150 var at det sotet nået så sindsykt og jeg mener ekstrem mye.

     

    Noen råd 

    Sette kulen mye lengere tilbake vil det hjelpe mot over trykk  ?

     

    Edit til ekstra info lå jeg på 736 m/s på kronografen ved trykktegn.

     

    Støtter kommentarer som allerede er skrivd om at du har for lite trykk, farten tilseier også at ladning er slapp.
    Ein grundig kammerpuss kan eliminere slike hendelser.

  20. Per-S skrev (54 minutter siden):

    …….
    blande inn disse patronene i en diskusjon om 30-06 på bjørn og villsvin er meningsløst.

    Ja det har du rett i, det var ein digresjon. Men også litt for å belyse at ei kraftigere patron ikkje nødvendigvis alltid er bedre men likevel kan  åpne opp for muligheter.

  21. Per-S skrev (11 timer siden):

    Skal du jakte så er det å beherske et våpen som er egnet en del av jegeransvaret. Behersker du ikke våpen som gjør jobben så får du la være å jakte. 
    ………….

    Hvilke land og hvilke arter 9,3x62 er minste godkjente kaliber vet jeg ikke, men det er verken svartbjørn eller villsvin.

    ……

    Ja, er forsåvidt enig, men det er i ein ideell verden som ikkje eksisterer.
    Ser ofte at skyttere ligger på banen med sin 9.3 eller 300wm. Ikkje ein muskel i kroppen slappar av, skyter og klarer skyteprøva med treff spredd over heile ringen. Dukker så opp igjen med ei dempa 6.5 og femkløver  midt i ringen dukker opp. Begge prøver er godkjent, skytter klarer utfirdringa og er happy. kva våpen som gjer den beste jobben på jakt i hendene til ein slik skytter er eg ikkje i tvil om i det heile.
    Enkelte land krever minimum 375 H&H andre land krever denne eller tilsvarende, der dukker  9.3x62 opp som godkjent.

×
×
  • Create New...