Det var då voldsomt...
Uansett, du stiller feil spørsmål, for kriteria for å argumentere for jakt på ein rovdyrart er vel forholdsvis enkle: 1. Talrik populasjon som tåler beskatning. 2. Oppnådde bestandsmål for dei artane som krev det. 3. Dokumentert skade (som igjen gir skadefellingsløyve, evt opnar for lisensjakt på dei artane det er aktuelt for).
Spørsmålet ein BØR stille til forvaltninga, er kva ANDRE kriterier enn dette dei legg til grunn for IKKJE å opne for ei regulert jakt på slike artar, for der er det mykje "ull".
Eit eksempel: I min region er minkbestanden nærmast utradert dei siste ti åra (og bra er det). Problemet er berre at vi i samme periode har fått ein eksplosiv vekst i oterbestanden, som langt på veg gjer større skade enn minken, i alle fall på marine artar. (Personleg trur eg oteren både utkonkurrerer OG driv predasjon på minken, men det har eg ikkje dokumentasjon for).
Når ein så år etter år søker om skadefellingsløyve på enkeltindivid av oter som til dømes buset seg i laksetrappene sommarstid og effektivt hindrar fiskeoppgang til elvane, så er det stort sett tommelen ned frå Fylkesmannen. Og avslaga er stort sett basert på "ull".
Resultatet er at folk tek hagla i eigne hender, og ein får ei "forvaltning" av ein bestand som ikkje tåler dagens lys. Om noko slikt skjer med havørna skal eg ikkje spå for mykje om. Men faren er vel der, på samme måte som vi har sett det i ulvesaka.
Vi har mykje havørn i mitt område. Men som mange ekspertar har uttalt den siste tida: Bestanden når vel eit metningspunkt og regulerer seg sjølv, og sidan arten i liten grad påverkar næringsinteresser, anten det er snakk om sau eller fisk, tvilar eg sterkt på om ein art som har blitt redda gjennom freding og har vore freda i 48 år, vil bli jaktbar igjen.
Takk for etn meget innholdsrikt, informativt og interessant tilbakemelding