Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Posts posted by joska

  1. On 4/21/2019 at 6:52 PM, kaffekopp1 said:

    Hei,

    For at vi skal kunne behandle våpensøknaden din må du fremlegge dokumentasjon på at du har fg-godkjent våpenskap. Dette kan sendes som svar på denne mailen, enten ved bilder av skapet (hvor det står fg-godkjenning) eller kvittering for kjøp.  

     

    Dette kan dei heilt klart ikkje gjere. Dei kan heller ikkje avslå søknaden med begrunnelse at du ikkje har (dokumentert) våpenskap. Og den "snille" praksisen om å ikkje sende ut godkjent søknad før skap er på plass er strengt tatt utanfor også.

     

    Eg hadde krangla på dette berre på trass.

    • Like 1
  2. On 4/21/2019 at 7:04 PM, Skjøttarstuggun said:

    Du kan velge å være en kranglevoren og retthaversk stabukk og kjøre en lang prosess på dette, eller du kan prioritere raskest mulig saksbehandling og kortest mulig tid før du får våpen i hus ved å sende dem bildet asap.

     

    Eg fekk samme spørsmål då eg leverte søknad på mine første våpen, men eg sa berre som sant var at eg ikkje hadde kjøpt skap enno, og at dette heller ikkje var noko krav for å få søknaden behandla. Vart ingen krangel eller "lang prosess" ut av det, berre ein godkjent søknad i posten eit par-tre veker seinare. No er det jo ikkje sikkert at det sit fornuftige folk på alle våpenkontor, så viss det skulle ha blitt eit problem med dette ville eg iallfall *ikkje* ha sendt inn eit bilde av nokon andre sitt våpenskap slik det er nevnt i denne tråden... Då er det enten å finne fram vaselinkrukka og bøye seg framover og kjøpe seg eit skap først, eller klage til POD som temmeleg sikkert vil gi deg medhold.

    • Like 1
  3. Eg har også hatt G-Shock som knakk i huset. Nærmare bestemt så var det reimfestet som knakk. Korleis det skjedde aner eg ikkje, eg merka ingenting før klokka datt i verkstedsgolvet.

    Den mest solide klokka eg har hatt er ein Citizen ProMaster. Etter gudane veit kor mange år ser den no ut som den er overkøyrt av ein traktor, men glaset er framleis utan riper og klokka fungerer perfekt.

  4. Eg kontakta dei ang delar til min CP2, og fekk til svar at dei ikkje har delar til Walther lenger. Ringte også Stenvåg, og han presiserte at dei ikkje hadde delar til sylinderane.

     

    53 minutes ago, Domino said:

    Det kan se ut som det er en O-ring i dimensjon 14,0x3.

     

    Scoopy skal nok ha pakning til ventilen i sylinderen, 14x3-ringen er pakninga mellom sylinderen og stussen på pistolen.

     

  5. 1 hour ago, aps said:

    Vi har i flere klubber jeg er med i, ruker mk4 som klubbvåpen, de er rett og slett bra. (25stk totalt)

     

    Samanlikna med kva?

     

    Ja, dei er driftssikre og evigvarande. Slettes ikkje så verst å skyte med heller, viss ein kan leve med avtrekket som har vore elendig på alle Mk3 og Mk4 eg har prøvd. Har sjølv ein Mk1 med OK avtrekk, men den har vore massert av børsemaker. Nytt skjefte hjalp også. Men det er framleis langt opp til ein matchpistol.

  6. Eg ville ikkje anbefale nokon av dei. Viss du først skal kjøpe ein Ruger bør du etter mi meining kjøpe deg ein brukt Mk1 eller Mk2, det er fleire av desse på finn. Men eg stiller meg bak Skjøttarstuggun sitt forslag - kjøp matchpistol. Sjølv ein gammal traver som GSP er uendeleg mykje betre enn dei Rugerane du tenker på, og du får dei får godt under nypris på ein Ruger:

    https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=141339343

     

    Her har du eit godt konkurransevåpen til omtrent samme pris som ein ny Mk4:

    https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=141166437

    • Like 1
  7. 23 minutes ago, Scoopy said:

    Har bestilt nye O-ringer til sylinderene, så ihvertfall de forblir tette. De skal ikke smøres med noe regner jeg med....monteres tørre ?

     

    Må innrømme at eg ikkje sjekka kva manualen seier, men eg har smurt desse med silikonfett.

    • Like 1
  8. 22 hours ago, Scoopy said:

    Må jeg ha en overgang for og kunne fylle i fra en co2 branslukker og feste fyllingsnippelen på ?

     

    Viss du har kjøpt pistolen brukt her i Norge treng du neppe noko fleire overgangar for dei flaskene som er vanlege her til lands.

     

    22 hours ago, Scoopy said:

    Kan disse repareres ?

     

    Ja, det er råd å få tak i nye ventilar til desse beholdarane, men det ser ut til å bli lenger mellom dei. 

     

    https://www.airgunsplus.ca/shop/walther-cp32-cylinder-valve/

     

    Om det er råd å overhale desse ventilane veit eg ikkje. Eg har ein sylinder med lekk ventil men har ikkje kome så langt at eg har demontert den enno.

     

    22 hours ago, Scoopy said:

    hvordan er det og få tak i nye sylindere ?

     

    Det er dyrt :) Frå 1500 og oppover, men i likheit med ventilane ser dei ut til å vere litt vanskelege å få tak i.

  9. Ei vanleg god brevvekt duger ja. Det skal følge med eit lite verktøy til å tappe av beholderen med, viss du ikkje har det er det lett å improvisere. Du treng berre trykke inn ventilen på beholderen og slippe ut litt gass og så vege den på nytt.

     

    Verktøyet ser slik ut:

     

    Bilderesultat for walther cp2

    Så viss du har ein slik i kofferten og lurer på kva den skal brukast til så veit du det no :)

    • Like 1
  10. Så lenge fylleadapteret til pistolen passar kan du bruke alle CO2-beholdarar. Trykkregulator treng du ikkje. Det som er viktig å tenke på er at CO2 vert lagra i flytande form, og det er *væska* du skal fylle og ikkje gassen. Så viss du har ein CO2-beholder utan stigerør (brannslukkarar har stigerør, flasker til ølbrygging har ikkje) må beholderen snuast på hovudet når du fyller, elles får du berre gass på beholderen. Det er også viktig at beholderen er kald (putt den i frysen ei stund før fylling), elles fordampar CO2-en når du fyller og du får ikkje fylt den opp.

     

    På beholderen er det stempla inn vekta på beholderen og kor mykje CO2 den kan innehalde. På beholdarane til min CP2 står det 53 gram. Du må altså vege beholderen etter fylling, viss totalvekta då overstiger egenvekta + 53 gram må du tappe av litt. Er det for mykje væske på kan du risikere å få væske i ventilen på pistolen.

    • Like 1
  11. 1 hour ago, DoctoRoy said:

    Kan man rett og slett bare la være å betale en bot og så forsvinner den av seg selv?

     

    Nei, den vert krevd inn av namsmannen. Men det betingar at den bøtelagde har nok midlar i "kvit" økonomi - viss det ikkje er pengar att etter at det nødvendige for livsopphald er trekt frå finns det ingen pengar å kreve inn. Går det lenge nok vert vedkommande bura inn.

    • Thanks 1
  12. 1 hour ago, slemmo said:

    Dette skyldes ene og alene en akutt mangel på fritidsklubber, dere skjønner vel at de slåss med macheter fordi de kjeder seg og mangler biljard og bordtennistilbud i nabolaget.

     

    Det er mange enkle forklaringar på komplekse problem i denne tråden. Opp med handa alle som faktisk har kompetanse på dette feltet. Ver obs på at verken sunt bondevett eller utdanning frå Livets Harde Skole reknast som kompetanse utanfor diskusjonsfora og kommentarfelt.

    • Like 5
  13. On 2/20/2019 at 10:07 AM, Cruiser said:

    Hmm det var nytt for meg. Dette er faktisk en av de mest populære "machetene" blandt gutta. Ikke noe import, XXL leverer

     

    Eg har faktisk ein slik, og den er kortare enn både samekniven og kokkeknivane mine. Viss *dette* er ein type kniv regjeringa ønsker å forby så slit vi, då blir definisjonen på "machete" veldig vid.

     

    Kniven er forøvrig totalt ubrukeleg til alt eg har prøvd den til. Den er for lett til å hogge med, for sløv (den kan skjerpast, men er sløv igjen omtrent før du rekk sette den tilbake i slira) til å skjære med og for stygg til å pynte med. Men må ta eit lite forbehold om at den duger til å stikke folk med, det har eg ikkje testa.

  14. 2 timer siden, Kim riflelader skrev:

    Som jeg skrev i inlegget så spurte jeg om lading bare pga prisreduksjon for å skyte.

     

    Viss du skyt svært mykje og fritida di er verdilaus kan det vere mulig å gå i pluss på å lade 9mm. Eg hadde aldri orka det, har lada litt 9mm berre for å prøve og det innebærer etter mi erfaring masse prøving og feiling før du klarer å lage ammo som fungerer like godt som kjøpeammo.

    • Like 1
  15. 11 timer siden, nhd skrev:

    Men for å være aktiv innen grenene, har jeg til NSF-pistol  8 våpen for ca 250K og i DFS to rifler til ca 50K.

     

    No var det ikkje meininga å starte ein omvendt pissekonkurranse, eg ville berre utfordre oppfatninga om at utstyrsreglementet til DFS motverker utstyrshysteri. Det stemmer svært dårleg med mine observasjonar på skytebana. Tanken om at utstyret skal vere likt for alle er i utgangspunktet god, men det innebærer også at oppstartskostnaden vert omtrent den samme for alle så snart ein skal ha eige utstyr. Det er eit betydeleg større spenn i utstyr og investeringar på pistolbana. Skyt du i DFS så er det Sauer, dress, briller og kanskje eit .22-sett eller ein dedikert .22-Sauer "for å spare pengar". Ikkje er det allverden å spare på å kjøpe brukt heller, 200STR ser ut til å vere laga av gull skal ein tru annonsene på finn.

     

    11 timer siden, M67 skrev:

    Man hører langt oftere "har du kjøpt noe nytt", enn "hvordan gikk det sist stevne".

     

    Det er jo halve moroa :) Har du plukka på ein 200 STR har du plukka på alle, men når nokon pakkar opp nyervervelsen i 454 Casull eller ein gammal Webley etter at den "seriøse" delen av skytinga er unnagjort må jo alle få prøve.

×
×
  • Create New...