Jump to content

Inbreak

Members
  • Posts

    38
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Inbreak

  1. hewi: Det må vere lov å forhøyre seg og diskutere på eit forum uten å bli beskylda for både det eine og det andre. Spar meg / oss for patetisk tullpreik!

     

    Som eg skreiv har det i løpet av 20 år aldri vore noke problem med den originale Sauerstokken, som ikkje akkurat har blitt neddynka med olje. Det er tross alt ein laminatstokk det også. Heller ikkje heiltrestokke frå Gulbrandsrød (NorskDP) har det vore noke problem med. At treverket har fått litt piggsveis i regnet, ja. Men ikkje i nærheta av kva GRS stokken gjer. Å bruke ein spesialolje er vel og greit. Men linolje er meir enn godt nokk, det er ein grunn til at det "alltid" har vore brukt.

     

    Nå var det ikkje bak låskassa det var sprekk på min stokk, men heilt bakerst på oppsida. Der er det berre 2-3 mm tre igjen på grunn av utfresing til kolbekappemekanismen.

     

    Trestokk krever skikkelig bedding same pokker korleis ein snur på det. Enten det er laminat eller heiltre. Tre gir etter, så noke anna er uhørt. Stokken er bedda av børsemakar, men må seie eg er litt meir skeptisk til eit plastaktig materiale enn det som vart brukt før i tida. Uansett, skruane løsnar, men det gjer det jo uten bedding også. Så spørsmålet er om laminaten rett og slett er for mjuk, til tross for bedding. Kan selvfølgelig bruke gjengelås, men føler det blir litt feil det også. Det skal rett og slett ikkje vere nødvendig.

     

    Enig i at synstetisk stokk hadde vore ein fordel om det hadde eksistert tilsvarande modell (sjølv om eg aldri har hatt syntetisk). Men no eksisterar det tross alt ikkje, så det er ikkje eit tema ein gang.

  2. Kjøpte meg ein slik til Sauer 200str i fjor sommar. Mest fordi eg var drittlei av å heile tida måtte demontere Gulbrandsrød-stokken (som ellers er ein kanon stokk) eg hadde frå før kvar gang eg skulle pusse geværet (kinnstøtta var i vegen for sluttstykket). GRS-stokken både ser og opplevast veldig bra og funksjonell, genialt å lett kunne ta av kinnstøtta for å få ut sluttstykket, og eventuelt enkel justering av kinnstøtte og lengde.

     

    Ut over det har eg derimot blitt meir og meir skuffa. Sjølv om stokken er bedda (med eit eller anna plastaktig materiale), så er det nesten slik at begge skruane skrur seg opp over tid uten at våpenet har vore brukt ein gang. Brukar eg våpenet er det ikkje mange skudd før skruane har skrudd seg opp. Det har eg aldri opplevd med originalstokken. I tillegg tåler ikkje stokken ein gang følelsen av at det snart skal begynne å regne, endå mindre at det begynner å regne. Treverket sprett ut så eg nesten kan bruke stokken som sandpapir. Det til tross for at eg har pussa over stokken og smurt den så mange gangar berre i løpet av jakta i fjor som eg ikkje har gjort med originalstokken på 20 år ein gang. Eg har vel sikkert snart brukt opp ei halvliterflaske med 50/50 terpentin + linolje. Ein kan jo virkelig begynne å lure på om stokken har sett olje før eg kjøpte den i det heile tatt. No i helga testa eg geværet litt igjen, med nytt sikte, etter at våpenet hadde stått i våpenskapet sidan rett før jul. Då oppdaga eg plutselig at det rett og slett hadde begynt å sprekke øverst heilt bak på stokken. Det ser ut som det er berre nokre millimeter med tre der sidan det er frest ut holrom for justeringsmekanismen til skulderkappa.

     

    Så, korleis er erfaringa til dokke andre? Er dette eit generelt problem, eller er det berre eg som har vore maks uheldig?

  3. Har lagt merke til at skruen spesielt bak gir seg litt, både når geværet har stått i ro ei veke, og i dag etter 16 skudd.

    Veit ikkje om det kan vere berre no til å begynne med med ny stokk og ny bedding, alt må sette seg?

     

    Korleis får eg lagt inn bilder forresten? Fann ikkje heilt utav det....

  4. Det såg bra ut.

    Spørst om ikkje eg skal ta å frese litt i grepet eg og.

    Har i grunnen tenkt meir i retning av å finne ein mjuk "føyelig" asfalttape, men har ikkje funne noke egnande endå.

    Har også lest tips om å trykke på Tec7 med ein svamp, men er meir skeptisk til holdbarheten på dette.

    Eit tynt lag Tec7 vil vel mest sannsynlig slitast fort vekk?

     

    Skal sjå om eg får tatt nokre bilder seinare.

  5. Fekk min stokk bedda av Terje Stana på Voss (i tillegg til monteringav dempar).

    Alle 4 hjørner og øvre del i bakkant vart bedda.

    Slik er det også pappa har bedda originalstokken for ein del år tilbake.

    Fekk den bedda berre for å vere på den sikre sida.

    Kan fikse bilde om det er interessant?

     

    Sjølv måtte eg til med dremelen og frese ut meir spor til nedføring av utløysarknappen når eg fekk stokken (før bedding).

    Det var omtrent umulig å få montert, kun eit bra knytteneveslag på oppsida av låskassa gjorde at det smatt saman, med to klemra fingertuppar som resultat. Få det frå kvarandre igjen var endå værre. Men dremelen gjorde susen, trur eg tok litt i bakkant ved adapteret også.

    Men merkar eg må til å ta litt til no etter bedding.

  6. Har sjølv eit heilstøpt/frest aluminiumsfeste frå SportsMatch som går litt framover låskassa framfor skinna.

    Dette bygger berre 30mm frå toppen av skinna opp til senter på siktet (30mm rør).

    Det gjer at eg får eit Zeiss 3-12x56 sikte så lavt at med baneløpet eg har (som er neddreia) er det berre så vidt det er klaring mellom løp og sikte. Meir kompakt går det rett og slett ikkje å få det.

    Siktet tar du av og på akkurat som du vil, aldri nødvendig å skyte inn etterpå.

    Trur det er det som blir modell OP44 langt nede på sida her: http://www.sportsmatch-uk.com/air_rifles.html

     

    Skinna til Landrø er nokk endå bedre, og går lenger fram på låskassa.

    Vurderar denne sjølv i forhold til innkjøp av Zeiss 6-24x72 sikte.

    Må berre finne passande Optilock-ringar til 34mm rør som eg kan bruke, og likevel få siktet så lavt som mulig først.

  7. Masse og god trening generelt, og konkurranseskyting, gjerne i ung alder, lever du godt og lenge på.

    Det gjer i alle fall eg.

    Begynte vel så smått å skyte rundt 8-års alder trur eg.

    Trente berre noke, og konkurrerte ein del i mange år, før det vart seriøs mengdetrening rundt klasse ER.

    Til dels daglig trening / tørrtrening i fleire år før eg vart senior.

    Vart vel muligens noke lei då, og vekkflytting for skulegang tok vel litt av piffen.

    Så som senior har det ikkje blitt meir skyting for min del, anna enn bittelitt internt i skyttarlaget.

    Minimalt til nærmast ingen trening lenger, men 13-14 år etter eg trente seriøst, skyt eg den dag i dag tilnærma like godt som eg ein gang gjorde.

    Det eg merkar noke til er rett og slett utholdenheten i å holde eit tungt gevær over tid.

  8. Sjekk ut GRS på Facebook, der ligg det MANGE bilder.

    Har nylig kjøpt meg ein GRS jaktfeltstokk sjølv (jaktstokken er ikkje tilgjengelig for 200STR pga. for lite gods i stokken til at det er mulig med den låskassa).

    Har aldri vurdert å kjøpe KKC til 200STR pga. idiotisk konstruksjon i forbindelse med magasin, der er GRS masse bedre.

    Den er noke tyngre enn KKC (2-300gram?), men stokken er forholdsvis baktung, noke som er ein fordel enten du skal ha dempar eller ei.

    Personlig tenker eg ikkje på vekta, likar bedre tungt stabilt våpen enn fjærlett vinglevåpen.

    Med GRS stokk, lang Hausken Whisper dempar og 72 Zeiss sikte passerar vel våpenet 7 kg, men det gjer meg ingenting å drage det timesvis til fjells.

    Det einaste eg så langt har å kritisere GRS for er aat det er litt knotete og rett og slett trangt å montere stokken.

    Måtte rett og slett fram med dremelen og slipe ut litt for at magasinutløysaren skulle gli lett på plass.

    I tillegg kan grepet bli litt glatt, men der limer eg berre på litt asfalttape når eg finn noke passande.

  9. Les ein gang til....

    Skreiv ingenting om at eg ikkje bryr meg om kva lova seier.

    Brukar kuler som etter teorien er fult lovlige i bruk, men som eg påpeika er teori og praksis vidt forskjellig.

    Faktum er at du med lovlige kuler i praksis ikkje oppnår teoretisk lovlig verdi likevel.

    Berre spør på kva som helst seriøs våpenforhandlar, og les diverse testar i jaktblad.

    Det er noke rivruskande gale med heile lova, og dei nye lovforslaga er til ein viss grad ikkje eit hakk bedre.....

  10. Eg fekk motsatt anbefaling av børsemakar, 1,5 gjengestigning var sterkare og sikrare enn 1. Til diameter på gjenge spørst det veldig kva diameter det er på løpet. Løpet må vere ein viss andel større enn gjengediameter, så her trengst mål på løpet og ut frå dette burde selgar kunne anbefale det som er best.

  11. Å klare minst 2700 joul med 140 grains 6,5x55 kule er vel i praksis umulig med forsvarlig trykk og hastighet, så desse krava er nesten latterlige.

    Har i 15 år jakta med 140 gr. Swift A-Frame kule ladda med 46-47 gr Raufoss RP15 krut i 60 cm. løp, dette gir ei hastighet på ca. 770 m/s.

    Av dei 20-25 dyra eg har skote har det vore gjennomskot med tilnærma knall og fall på alt, og sjelden meir enn eit skudd.

    Det vere seg bukk på 60-70 kg på 240 meter (nedoverbakke), bukk på 50-60 kg på 190 meter osv.

    Ein einaste gang har eg funne igjen ei kule, med innslag framme i bog på ein 70 kg bukk med "utslag" bak bog på den andre sida før kula hadde fortsete 10-15 cm bakover rett under skinnet.

    Eg nektar å tru at patronene mine oppfyller teoretisk krav i praksis, men har ingen betenkeligheter med å skulle bruke desse på eventuell elgjakt, men hadde det vore lov lig hadde eg heller ikkje hatt noken betenkeligheter med å gå ned i f.eks 223 på i alle fall hjortejakt.

  12. Kjenner ikkje til korleis dette våpenet ser ut, og dertil muligheter.

    Men sidan du dreia av baksiktet reknar eg med dette var på løpet?

    Og der var også feste for skjefteskrue?

    Eg er ingen ekspert, men dette høyrest jo veldig merkelig ut.

    Løpet skal jo ALDRI ha anlegg mot nokeo som helst.

    Så til tittelspørsmålet, feste løpet til kolben er vel det siste eg ville gjort.....

×
×
  • Create New...