Etter å ha lest mykje godt om barnes ttsx vart den i år brukt til hjortejakta.
51 grs N-150 vart ladd bak ei 150 grains ttsx kule i ei 30-06 med 60 cm løp. Rifla i rem 700.
Etter 10 felte dyr med kula, har eg gjort ein urovekkande observasjon. I 7 av 10 felte dyr hadde kula vinkla mot høgre inne i dyret, sjølv om dyret ikkje stod skrått. I nokre tilfeller stod dyret stått med breisida til, kula hadde gått inn litt langt bak bogen, og ut heilt fremst i bogen. I nokre tilfeller vart dyra også vomskudd på grunn av denne vinklinga som eg ikkje har opplevd før. På dei 3 andre dyra gjekk kula anten høgt i ryggen eller i nakken, så der var det ikkje grunnlag til å sjå etter vinkling.
Er det nokon som har opplevd lignande med denne, eller andre kuler? Hadde lada opp rundt 100 skudd med denne kula, som eg trudde var perfekt til mitt bruk, hjort frå 5-100 meter, men lurer på å droppe den fordi den alltid vinklar mot høgre i det den treff dyret. Har vansklig for å tru at dette berre er tilfeldigheiter, når det har skjedd soppas ofte, og at kula alltid vinklar til høgre.
Eksempel(Beklager dårlige bilder):
Inngang
Utgang
Her stod dyret kanskje en anelse skrått, men ikkje i nærheten av kva vinkelen kula tok skulle tilsei.