Jump to content

Måfåtølleiv

Members
  • Posts

    133
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Måfåtølleiv

  1. Har sett noko slike varer på "Forsvarsbrukt.no", innbiller meg at det var både brunt og svart der sist eg såg. Fann ellers ein artikkel om KV Colt i ei spesialutgåve av "Guns & Ammo" frå 2011, det såg ut til at ein stor del av desse vart kjøpt opp av ein eller annan amerikansk samlargrossist og befinn seg over there. Sikkert noko politisk korrekt om ikkje å omsetje desse innanlands eller noko.

  2. Kan nokon seie noko generelt om kor lenge korrosive tennhetter vart nytta i ammunisjonsproduksjon i vestlege land? Kva for rådgjerder bør ein ta etter skyting med ammunisjon av denne typen?

    Har til dømes fått tak i noko 9mm av amerikansk krigsproduksjon(44årg. 9mm ball Mk2z), er dette skytegreier eller noko som samlarar går av skaftet for?

    Av dei mest vanleg tilgjengelege kalibra, (militære frå 1900 talet)er det noko som ikkje bør skytast grunna samlarverdi eller tryggleik eller andre moment? (Eg har skjønt at forskjellar i mantel kan føre til auka løpslitasje.)

×
×
  • Create New...