Jump to content

Måfåtølleiv

Members
  • Posts

    133
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Måfåtølleiv

  1. Det er ikkje over enno, så vær flittige og bruk listene som Freeride finn fram til oss. Når dette no har nådt fram i køa av nyhende må trykket haldast oppe.

    Ikkje nokon ferie isyden før dette er avvist og oppgjort.:lol:

    I trua på at dette ikkje kom til å nå opp lova eg å melde meg inn i lokallaget om SP fekk dette opp og fram i media. Får nok for kjeften min ja. :mrgreen:

    Hugs no berre på denne situasjonen neste gong det skal stemmast :!:

  2. Det er svært godt gjort av Bosnes å få dette ut på banen :)

     

    Så skjær det littgale avgårde når NRK (eller er det NTB), skal illustrere. Dei nyttar ein Polititjenestemann som trenar for å vise skyting innan idrettsforbundet :roll:

     

    Takk i alle fall igjen til dei som gjorde jobben så langt. Vi er ikkje ferdige enno.

  3. Dei beste argumenta og analysene er vel allereie nevnt i denne tråden. Eg meiner at blogginnlegga til Morgonsur og innlegget til den finske representanten Jussi Halla-Aho må gjentakast til nokon høyrer dei:

    https://morgonsur.wordpress.com/2015/12 ... irektivet/

    https://morgonsur.wordpress.com/2015/12 ... stiftning/

    https://morgonsur.wordpress.com/2015/12 ... g-i-foten/

    https://www.facebook.com/FirearmsUnited ... nref=story

     

    Det enormt resurskrevjande i å ha midlertidige løyver er i seg sjølv eit solid motargument.

  4. Kan ut frå eigne erfaringar anbefale ein mail eller telefon til Isbjørn.no. Super service, rask levering, høg kvalitet og moglegheiter for spesialtilpassing. Pris er ikkje høgare enn konkurrerande produkt heller.

  5. j-aa :

    9x25 Dillon da med andre ord?

     

    aps :

    Jeg har kjøpt ny automag!

    Nøkkelord er 9mm kule over 600ms! i 5.5 toms løp. ish opptil 22-23gr krutt får jeg i hylsa.

     

    Blir så nysgjerrig av slike halvkvedne viser :) Heilt ukjent for meg. Er det mogleg å overtale deg til å publisere illustrasjonar med vidunderet? Gjerne ein presentasjon av både skytar og ammunisjon? Værsåsnill?

  6. Eg er litt redd for å prøve å legge fram det eg trur er rett i trådar der Per-S meiner noko, for utfrå det eg har sett av innlegg frå han ellers, har han ein veldig nøyaktig og omfattande kunnskap om mykje, og eg les innlegga hans med stor respekt for å legge meg mykje av det han seier på minnet. Eg håpar difor eg blir korrigert om eg skriv noko feil.

    Meininga mi utfrå eiga erfaring er at RA ammoen virkar å vera kraftigare enn den engelske Mk2z. Den svenske og evt. anna har eg ingen erfaring med.

    Eg spurde for fleire år sidan i ein annan tråd og fekk svar om at RA gjekk bort frå korrosive tennhetter på alle kaliber ila. 1957. Så RA merka 58 og nyare bør vera greit. Andre nasjonalitetar og fabrikkar veit eg heller ikkje mykje sikkert om, men som ei mindre kvalifisert gjetting vil eg tru at ein kan bruke 60-talet og nyare som utgangspunkt for vestlege produkt.

  7. Dei gamle RA-Lotane eg har vore borti frå tidleg 50-åra verkar å ha litt harde tennhetter. Ein rask oppspenning og ny avfyring ser ut til å få det til å smelle. Berre å dra sleiden litt tilbake og sleppe fram att, men ikkje så langt tilbake att det kastar ut. Det virkar på meg som om det ikkje smell av i det heile om ein ikkje spenner oppatt og dreg av på nytt innan 2-3 sek. Har ikkje ellers hatt tilfelle av forseinka tenning eller andre problem, men eg lukar ut skot som ser ut til å ha vore utsett for fukt med irr eller rust. Det virkar ellers som om dette er høvesvis friske ladningar.

    Om G19 tåler om lag det same som P80/G17 går nok dette mest truleg svært bra.

    Har akkurat skote meg tom for nokre hundre Mk2 frå 1945, og dei var særs pålitelege, men også her dette med puss.

    Korrosive hetter som gjekk ut på RA i løpet av -57 betingar som andre nevner grundig puss, gjerne med vatn som nøytaliserer dei korroderande :?: basene :?: som vert danna av hettene. (Årsaken til at eg meiner det er baser som virkar her er at eg meiner å hugse at det er med ei lita syreflaske for puss av AKar, der russerane har nytta korrosive hetter inn i notida.)

     

    Ellers er det i dette som mykje anna: Korrigering og ny lærdom på feltet vert motteke med stor takk.

  8. Får meldinga at eg ikkje har tilgjenge til sida, sjølv om eg loggar inn på Facebook. Er informasjonen på ei lukka gruppe? Om du er så venleg å kopiere og sitere frå teksten med ei kjeldetilvising så får alle moglegheit til å lære litt eller vurdere informasjonen :)

     

    Kikka litt i ein gamal DFS instruktørperm, men fann ikkje noko der. Mogleg eg ikkje har same papira som Høgger`n.

    Speer ladeboka mi frå den gong då, nyttar beteikninga "6,5x55 swedish mauser", og seier at data er felles for Noreg og Sverige, og seier ein skal nytte maksladning 1grs under det oppgjevne for gamle våpen som KJ og M96. Det finst ei målsett tegning av hylsa der som kan skannast om det er av nokon interesse.

  9. Nei, gi politiet skikkelige våpen og ordentlig opplærring.

    Uten skikkelig opplæring, burde de aldri slippes ut med noe annet enn et to hånds våpen.

    Hvorfor ikke blåse støvet av US karabinene?

     

    :lol: Hadde ikkje Politiet ei utgave av US-karabin som i motsetning til forsvaret sine ikkje vart modifiserte, og difor var farlege og upålitelige i ein grad som vil medføre at dei ikkje vil koma i teneste att i nokon versjon nokon gong eller bli vurdert for noko godkjenningsliste i noverande besetning i POD sitt mannsminne?

    G33/40 er vel eit likare alternativ? :lol:

  10. Eg har CED XL Rangebag og er svært nøgd med den. Kvaliteten er svært god. Får med det eg treng, men erfaring tilseier at eitkvart ledig holrom vil fyllast, så det er lett å pakke litt meir enn ein strengt teke har bruk for.:roll:

    http://www.oscarmike.no/products/ced-xl-range-bag-black

    Det har lett for å bli tungt nok å dra på, så eg ville kanskje heller gå for CED sin ryggsekkutgåve om eg skulle velje oppatt.

    http://www.pvas.no/ipsc-utstyr/skytebag ... gepack-pro

    Den finst også i ei litt mindre utgåve.

    Ryggsekk gjev mykje betre ergonomi til å gå rundt ei feltløype ellerandre stader der det er litt forflytting inne i biletet.

  11. @ATnT: I skytereglementet til NROF finst det eit vedlegg til søknaden til Politiet frå styret i lokallaget der styret går god for personen som søkjer og gjer uttale om det omsøkte våpenet er eigna. Det er også eit skjema som søkjaren skal fylle ut for behandling i styret, (eller skyteutval), som innstiller og fyller ut det fystnemde.

     

    Held ellers med NM149 og Erlend Meyer.

     

    Eg vurderte ein gong å skyte NROF meisterskapsprogrammet med Ruger Blackhawk. (Dette var medan eg venta på Glocken min). Med litt øving skulle eg nok ha fått til å bytte om tønner ved omlading på den eine øvinga som har innlagt magasinskifte. Langt frå ideelt, men våpenet held kravet til kaliber og kunne nyttast til programmet.Ta det du har og gjer det du kan var vel mottoet. Trur absolutt 686 er innanfor. Eg fekk heldigvis lånt ein P80 på staden.

  12. Dyrevelferdsloven § 18.Adgang til sted og plikt til å yte bistand

    Tilsynsmyndigheten skal ha uhindret adgang til sted eller lokale der det er grunn til å tro at det holdes dyr eller foregår annen aktivitet omfattet av loven. Dersom tilsynsmyndigheten ikke gis uhindret adgang og det er grunn til å tro at dyr er utsatt for unødige påkjenninger eller belastninger, kan tilsynsmyndigheten om nødvendig likevel ta seg inn med politiets bistand. Politiet skal ha tilsvarende adgang når de er anmodet av tilsynsmyndigheten om å bistå. Utenlandske inspektører kan delta i inspeksjoner mv. når det er nødvendig for å ivareta Norges internasjonale forpliktelser.

     

    Enhver som blir ført tilsyn med skal vederlagsfritt stille nødvendige lokaler, inventar, arbeidshjelp og redskaper til disposisjon for utøvelse av tilsynet og ellers være behjelpelig med å legge til rette for tilsynet.

     

    Korleis i all verda får du denne pargrafen til å bli relevant eller ikkje oppfylt ved utandørs drift på grunn, (utmark), der kven som helst har tilgjenge?

  13. Løyvet til avliving med rifle er nok berre ei stadfesting av den siterte paragraf 14. Anatomien drøvtyggarar imellom er nok ganske lik, med eit mogleg atterhald for at vomma til sau og anna bufe er høvesvis større, og moglegvis tek litt meir av plassen i bukhola i høve til andre organ. Det er uansett greit å ikkje halde for langt bak.

  14. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrif ... q=avliving : Det skulle i grunn ikkje vera så uklart, det er forskrift om avliving av dyr som gjeld her. Utanfor kontaktavstand er det dette som gjeld:

    Kapittel IV. Tilleggsbestemmelser om avliving utenfor slakteri

     

    § 14.Bedøving med boltpistol, skytevåpen og halsdislokasjon

    Bedøving med boltpistol eller skytevåpen, jf. forordning (EF) nr. 1099/2009 vedlegg I kapittel I vedlegg 1, utenfor slakteri skal utføres i samsvar med § 10.

     

    Hjort som holdes i oppdrett, kan bedøves med skytevåpen med skudd mot dyrets hjerne på kort hold.

     

    Ved nødavliving av dyr med skytevåpen på langt hold, jf. forordning (EF) nr. 1099/2009 artikkel 19, skal skuddet rettes mot dyrets hjerteregion.

     

    Den som bruker skytevåpen til avliving, skal ha bestått jegerprøven i tillegg til å oppfylle forordning (EF) nr. 1099/2009 artikkel 7 nummer 1. Dette gjelder ikke ved nødavliving hvis det ikke er person med bestått jegerprøve til stede.

     

    Ved bruk av skytevåpen skal anslagsenergien for ammunisjonen være slik at dyret mister bevisstheten så raskt som mulig.

     

    Ved avliving av dyr med halsdislokasjon, jf. forordning (EF) nr. 1099/2009 vedlegg I kap. II punkt 3, skal dyrene først bedøves med slag mot hodet.

     

    Det er verdt å merke seg at skotet berre er bedøving. avlivinga skjer når ein blør ut dyret, vanlegvis ved å snitte i halspulsåra.

    Denne forskrifta gjer ganske utfyllande detaljer om utføring i fleire ulike situasjonar, og eg vil anbefale å lese heile teksten.

  15. Prøver nokre bilete:

    normal_100_2062.JPG

    normal_100_2057.JPG

    normal_100_2058.JPG

    normal_100_2056.JPG

    normal_100_2055.JPG

    Innsett i rifla er øvre enden av bakveggen på magasinet akkurat i flukt med botnen i låskassa som sluttstykket glir over. Framveggen er i flukt med underkanten av materampa, med følgjaren i tomt magasin er i høgde med underkanten av kammeret.

    Det er 30mm frå øvre kanten av bakveggen i magasinet ned til øvre kanten av låsehakket som er i bakkant av magasinsidene. Magasinkroppen er 28mm, magasinsidene er 31mm. Magasinet er omlag 9,5mm breitt ved låsesporet, sjølve sporet som låsehendelen går inn i er 5,littmm i høgderetningen på magasinet. Totallengda på magasinet er om lag 8 cm etter korleis ein måler.

  16. Eg kan diverre ikkje seie at eg har slike magasin, eller er sikker på om dette kan løysast, men: Utløysarhendelen eller fjøra som held magasinet på plass om ein vil, ser utifrå det vesle vi ser på bileta ut til å likne veldig på tilsvarande del på Våpensmia si rekrutt/aspirant/skiskyttarrifle, der hendelen/fjøra ganske enkelt går inn i eit hakk i bakkant av magasinet og låser dette. Når det i tillegg vert nemnt i denne tråden at det er nytta eit ombygd Brno/CZ-magasin som erstatning i denne Husqarnamodellen, og det i en annan tråd for ei tid sidan vart framsett ein påstand om at Våpensmia sine modellar er basert på ein brasiliansk Brno/CZ-kopi, lurer eg på om eit tal omtrentleg lik 2 tre gonger kan ende opp med å bli omtrentleg lik 6. Eller sagt på ein annan måte: Eg ville ta meg bryet med å prøve eit magasin frå Våpensmia for å sjå om det kan passe direkte, eller med minimal tilpassing.

    Det burde finnast ei slik Våpensmia-rifle ein stad i nærleiken av ei Husqarna 1622, eller kanskje det er mogleg å få lånt frå Dokka for å få eit definitivt svar her. Heilt sikkert er det i alle fall at det er å få kjøpt for pengar om nokon vil ta ein liten risk.

    I værste fall kan eg vel få til nokre strategiske mål, eller til nød bilete av magasina om det er av interesse.

  17. Her er eit par nyttige lenker:

     

    http://www.dssn.no/download/Regelverk_S ... e_DSSN.pdf" target="_blank

     

    https://steelchallenge.com/media/stage-diagrams.html" target="_blank

     

    Eitt skot per mål er fasit. Det er ikkje tid til å bomme mykje om du skal gjere det bra. Det er så vidt eg hugsar 5 gjennomskytingar med ny kommando imellom på kvar stage, så det er (litt) tid til å fylle opp/etterfylle eller bytte magasin, men det er ikkje gale å ha tørrtrena på dette før ein møter opp på banen. Om ein har omladingsløysingarsom er litt tungvinte, kan ein hjelpar vere god å ha til å halde ammo eller fylle det eine reservemagasinet du har, eller anna adm. medan du skyt. Knot fører til at ein stressar og øydelegg flyten på stagen for seg sjølv.

    Dei 4 beste gjennomføringane teller i samanlagttida som er score for ein stage. Gløyme ei skive, (eller bom), gjev tillegg. Den som har beste tida samanlagt for alle stagane vinn.

  18. Døma syner at skit skjer når folk fomlar med våpen kvar dei no råkar å ha for ærend. Å ha meir enn eit lag med tryggleik kan umogleg vera feil. Det er veldig lett for mange å lære inn feil haldningar og handgrep. Kanskje fordi dei lærer for mykje av tøffe filmar, og høyrer for lite på røynde og gode standplassleiarar.

    Er vi inne på at innlæring av standplassrutiner er for dårleg og lite einsarta?

×
×
  • Create New...