Jump to content

Aslakhv

Members
  • Posts

    325
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Aslakhv

  1. Veldig flotte slirer! Synest alle såg veldig bra ut,også den utradisjonelle. Det einaste eg kan sette fingeren på er at eg syntes slirene kunne vore ein anelse høgare, men det er ein smakssak. Saumen var veldig jamn å fin! Flott arbeid! - Aslak
  2. Aslakhv

    Min knivtråd.

    No har eg leta som berre det etter ein bit med nysølv eller tinn i rotet og har ikkje funne noko. Var sikker på at eg hadde ei remse ein plass men.. Så eg har i dag bestilt mellomlegg ++ så eg får vel sett i sammen knivskaftet i neste veke eingong.
  3. Aslakhv

    Min knivtråd.

    Eg tenkte eg skulle prøve å samle dei neste knivane mine i ein tråd istaden for å spre dei rundt ein for ein. Først kjem ein eg har laga til meg sjølv som brukskniv. Eg har brukt den under elg-, fugl- og rådyrjakta. I alt er den bruka til å flå mykje av to elgar og to rådyr, enno har eg ikkje brynt bladet. Det er fortsatt veldig skarpt! Meiner det er RWL-34 som er i bladet. Kniven er behandla som ein brukskniv og godt bruka, difor er det meste av finishen borte. Den har også ligge ute i snøen nokon døgn etter at den falt ut av sekken. Blad: Ingemar Nordell. Skaft: Valbjørk og Myreik. Den andre er slirelaus. Dette er min dyraste kniv til no og første gong eg har brukt både damask og stabilisert skaftemne. Var ikkje det samme å drive på med stabilisert som naturelt treverk men det var artig å prøve! Dette er ein liten kniv. Blad: Damask av Kent Andersson. Skaft: Bjørkerot og Stabilisert bjørk med innlegg av nysølv. - Aslak
  4. Ja, he sett at Sheffield stål er bruka i knivblad. Skal halde auga uppe eg! Takk fe tipset! Tenkte eg skulle legge ut eit par knivblad til. Eit litt mindre med slipa overflate av same fila som det over og eit laminert blad med uslipa overflate. - Aslak
  5. Horn blir misfarga når dei er i olje. Eg maskerer hornet og fører på med eit olja papir eller pensel. Det er alltid ein fordel å ha eit mellomlegg mellom horn og tre så det ikkje trekker olje inn til hornet. Når du oljar eit treskaft med horn i så må du bare ta det seint og roleg. Ein grunn til å ikkje bruke lær eg har høyrd men ikkje erfart er at læret kan trekke til seg vatn, utvide seg og så tørke igjen og stelle til ei glipe eller i verstefall sprekke opp skaftet. No har ikkje eg vore borte i dette sjølv og det er nok noko som veldig sjeldan skjer. Når det gjelder polering så er dette som finish. At det kan bli glatte skaft er heilt sant, i allefall når det er hornkniv. Farging meinar eg det samme som Dag om. - Aslak
  6. Hehe takk.. Om det blir damasmiing i næraste framtid tvilar eg på. Må nok få dreisen på det basiske fyrst... Forhåpentlig blir eg ikkje kasta ut av fjøset riktig enno, er nemleg der eg held meg midlertidig. Tenker å handle ein container å stå i med tida..
  7. Såg ut som ein veldig flott kniv! Eg syns det var veldig flotte linjer. Metapolholken veit eg ikkje heilt kva eg syns om. Litt av meg seier at den ser tøff ut mens eg på ein måte syns det hadde passa bedre med ein hornholk. Men tøff og knallfin kniv! - Aslak
  8. Takk! Stempel er bestilt men er ikkje venta på ei tid enno...
  9. Har ikkje lagt ut noko særleg i det siste, har for det meste vore opptatt med å smi og dei få knivane eg har fått sammen har vore bestillingar som har reist fort og har derfor desverre ikkje bilde av dei. Eg legg derfor ut det knivbladet eg er mest fornøgd med til no. Eg har gått tom for eggstål og flattjern så dette er ei fil eg fekk nokre blad ut av. Har vore på kurs hos Morten Håkonsen og laga eit par blad som eg har skjeft tidlegare, men dette vil bli min aller første komplette kniv som alt arbeid er gjort her heime. Dagens får veldig mykje nyttige tips og hjelp av Steen Nielsen og Morten Håkonsen. Skal på kurs hos morten igjen 8-10 Februar. Eg har bare tilgang til vinkelslipar har heime men låner båndsliper på skulen av og til, ellers så smir eg mest råsmidde blad. Eggen er slipa på ei nyinnkjøpt Tormek maskin. Super enkelt å få til ein sylskarp egg. Mvh Aslak
  10. Limet vil holde, det gjer iallefall mitt. Men eg syns ofte det er vel så greit å bearbeide skaftet imens bladet er montert. Og det er antageligvis mykje lettare å kutte tangen enn å begynne å gløde. Å ha ein kjempe lang tange er ikkje nødvendig på eit vanlig knivblad. -Aslak.
  11. Aslakhv

    Ny hagle

    Å kjøpe brukt er heilt klart det du får mest ut av! Men det er såklart enklast å sikrast å handle av ein forhandlar. Men som sagt ville eg spana bruktmarknaden ei stund og funne ei i nærområdet og kikka.
  12. Aslakhv

    Hornkniver

    Verkeleg flott kniv!
  13. http://www.gmax.no/produkt/651065(BC_6)/mirage-tinzinc-haglepatron---nr-2/
  14. Som over, kan eg bruke ammunisjon i tin zinc legering i eldre hagle ikkje godkjent for stål? Har fått fingrane i nokon pakker til moroskyting, skal ikkje bruke dei på jakt. - Aslak
  15. Aslakhv

    Elggevir gisbort.

    Kjempe tiltak detta graahund! Til den kommande knivmakaren vil eg sei at det var kjempe flott arbeid! Berre å halde på, treng folk til å ta det viare... - Aslak
  16. Fine knivar berserk! Syntes den andre med blad av kent var best. Synest materialvalg var bra. Har også eit slikt Kent blad liggande, nesten identisk.. Gledar meg til å ta fatt på det. Har vore lite aktiv med posting men skal prøve å få til noko smart. Mvh Aslak.
  17. Jøss, det har eg ikkje sett før. Veldig artig! Som alltid finfint arbeid! Kan bli mykje artig ut av stabilisering, hehe! - Aslak
  18. Eg fargar ikkje bein, men det gjer haretex. Eg har forstode det slik at han legg beinbitar i passe størrelse i narvsverte over lang tid, så desse blir farga før.
  19. Aslakhv

    Ny kniv.

    Veldig fine knivar, fine linjer og fin bruk av materiale! - Aslak
  20. Beisen målar eg på med pensel og så kan du pusse ned fargen etter tørking for å få fram meir mønster i skaftet. Så oljing etter dette. Bein og lignande må ikkje få olje på seg, då blir det misfarga.
  21. Rikuler frå bjørk treng ikkje stabiliserast. Farging må gjerast etter forming som ei sluttbehandling. Sandpapir får eg kjøpt på min jernvarehandel, ellers finn eg sida til Morten Håkonsen nyttig. http://www.mortenhaakonsen.no Der finn du og poleringsvoks. Herdins beis er veldig fin! - Aslak
  22. Som 17 årng er der ikkje anna enn ei rifle i skapet som er mi. Ei Heym SR 20 som eg fekk til konfirmasjonen av pappa. Denne hadde han arva frå sin far. Optikken var til å begynne med av ukjent merke men når me fann ut på banen at den stilde seg sjølv så blei det ny. Leupold 3-9x40 med raud dott i midten. Rifla fungerar utmerka og det er det blitt 2 elg og 1 rev med meg som skyttar. Anna enn dette har eg ei hagle og ei salongrifle. (Salong)rifla er ein Sako Quad ( synth desverre) i 22 lr og 17 hmr, men har bare blive blink enno. Der sit det ein Leupold VX II 4-12x40 med paralaksjustering. ( Dette gjekk av sommarjobb lønninga ) - Aslak
  23. Icom prohunt basic anbefalast!
  24. Har sako quad eg også i 17 hmr og 22 lr. Er ei veldig fin rifle og eit a snertent og hissigt kaliber. Går godt og er fin på alt frå rev og nedover. 17 hmr på høsten og 22 lr til billig trening resten av året. Men om du ikkje har noko større kaliber og ikkje har bruk for 22 lr for trening hadde nok også eg gått for 223.
×
×
  • Create New...