Jump to content

Silkesvarten

Members
  • Posts

    94
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Silkesvarten

  1. Forutsetter at gammal kikkert er mindre enn ny kikkert, og at begge har 30 mm senterrøyr.

    Klaring mellom gammal kikkert og løp + halve diameter objektiv gammal kikkert = senterhøgde gammal kikkert.

    Senterhøgde gammal kikkert – halve diameter objektiv ny kikkert = klaring ny kikkert. Dersom denne er negativ, må ringane vera tilsvarande høgare enn dei eksisterande.

    Dersom den gamle kikkerten har 1 toms mellomrøyr, vil senterlinja på den nye koma 30/2-25,4/2=2,3 mm høgare med like høge montasjar.

    • Like 1
  2. Eg har ikkje akkurat dei modellane du etterspør, men ein Steiner Ranger 3-12x56 og ein Leupold VX-3 3,5-10x40.

     

    I dagslys opplever eg  at det er ingen forskjell på optisk kvalitet. På dei to sikta som du samanliknar er Steiner Ranger 2-8x42 mykje tyngre, men har og mykje større synsfelt enn Leupold Freedom 3-9x40.

     

    No har Steiner nett komt med nye modellar, kalla Steiner Ranger 4 og Steiner Ranger 6. 

    2-8x42 modeller ser det ut som ikkje er med lenger. 10000kr for ein utgåande modell synest eg er mykje.

     

    Til jakt i dagslys ville eg valgt Leupolden om eg skal jakta i opne landskap, og Steineren om det er mange trange postar.

  3. 11 hours ago, Sakoen75 said:

    Leste en test og da er det handgun versjonen de skryter av. Men en 308 "scout" kan de sikkert få til å være grov rekyl så mulig at de har testet på en scout.

     

    Får skrote handgun versjonen.

     

    Lurer på hvor mye rekyl en 4x28mm FX-I Rimfire tåler nå 🥴

     

    Det kan hende 4x28 FX-1 tåler det same som  dei andre Leupoldane.

    Leupold skriv om rimfire sikta at Leupold® Rimfire riflescopes are built and tested to the same high standards as all Golden Ring® riflescopes.

     

    Det kan vera ei utfordring at: Parallax adjusted for 60 yards.

     

    Eg brukte ein Leupold M8-4x i 20 år. Den har nesten dei same tekniske data som dette rimfire sikte. Fast 4x28mm. Største problemet var justering. Micro friksjon, ikkje klikk. Ofte måtte det nokre skot til før justeringa fekk verknad.

     

    Var i grunnen godt nøgd med dette sikte heilt til eg kom i skade for å sjå gjennom ein Zeiss.

    • Like 1
  4. Eg har hatt M70 sikring i omlag 15 år. Den er mykje raskare, kikkarten kan monterast lavt, men er dyr. Når kikkarten ikkje er på, har det hend at eg har klart å avsikra utilsikta. Skulle eg ha kjøpt M70 på nytt hadde eg spandert på meg den versjonen som har ein ekstra tapp (Secura ?) som må trykkast ned for avsikring. 

     

    Har og prøvd med ein kopi av den tyske snipersikringa, den er like treg som orginalen, billeg, og kikkarten kan monterast nesten like lavt som med M70.

×
×
  • Create New...