Interesant prosjekt, er veldig spent på resultatet. " Modifiserte " sjølv ein rem.7400 for nokre år sidan, men ikkje på langt nær så omfattande som dette. Einaste som vi har til felles var utgangspunktet: rem.7400 som spreidde som eit haglgevær. Eigaren, (ein kamerat) hadde "skrota faenskapet". Med interesse for alt som kan skytast med, spurde eg om å få overta våpenet. "Børsa er ubrekeleg, du kan gjere med den kva du vil" var svaret. Etter å ha studert systemet att og fram, konkluderte eg med at problemet låg i halvautomatikken: eit "skikkeleg jernlodd" som susar fram og tilbake, med fråspark i pipa. For å gjere historia kort, så fjerna eg rasket, tetta holet i pipa, og bygde om til pumpe med frittliggande pipe. Resultatet vart over all foventning: børsa går som ei stråle. Eigaren har fått den igjen, og dette har liksom vorte grombørsa. (Det ER håp for gammalt skrapjern.) Fekk lyst til å dele mi erfaring med andre som kan ha tendt på prosjektet ditt, og har eit tilsvarande våpen, det er ikkje sikkert at ein treng å skifte pipe, om ein ikkje skal ha eit anna kaliber.