Jump to content

6,5x55r

Members
  • Posts

    4
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by 6,5x55r

  1. Interesant prosjekt, er veldig spent på resultatet. " Modifiserte " sjølv ein rem.7400 for nokre år sidan, men ikkje på langt nær så omfattande som dette. Einaste som vi har til felles var utgangspunktet: rem.7400 som spreidde som eit haglgevær. Eigaren, (ein kamerat) hadde "skrota faenskapet". Med interesse for alt som kan skytast med, spurde eg om å få overta våpenet. "Børsa er ubrekeleg, du kan gjere med den kva du vil" var svaret. Etter å ha studert systemet att og fram, konkluderte eg med at problemet låg i halvautomatikken: eit "skikkeleg jernlodd" som susar fram og tilbake, med fråspark i pipa. For å gjere historia kort, så fjerna eg rasket, tetta holet i pipa, og bygde om til pumpe med frittliggande pipe. Resultatet vart over all foventning: børsa går som ei stråle. Eigaren har fått den igjen, og dette har liksom vorte grombørsa. (Det ER håp for gammalt skrapjern.) Fekk lyst til å dele mi erfaring med andre som kan ha tendt på prosjektet ditt, og har eit tilsvarande våpen, det er ikkje sikkert at ein treng å skifte pipe, om ein ikkje skal ha eit anna kaliber.
  2. Etter den nye våpenlova, så skal vel eit såkalla "systemvåpen" d.v.s. låskasse med stokk og det som høyrer til, + eit x antall piper som ein kan bytte mellom, være å regne som eit våpen. Sidan dette skal regnast som eit våpen, så er det vel naturleg at når ein kjøper ei ny pipe, så får ein den ført inn på same våpenkortet. (akkurat dette siste veit eg ikkje, men eg meinar det skulle være naturleg) Eit av argumenta til byråkratane, for den nye lova, var at ein skulle få ei lik behandling over heile landet. Det står no att å sjå
  3. Kombien er absolutt førstevalget til jakt, då er eg liksom forberedt på det meste. (har bl. a. skote bortimot 200 hjortar med den) Men eg har og ei dobbelrifle som eg brukar ein del. Det er "brytevåpen" som er jaktvåpen for meg. (men smaken er som baken.....)
  4. Til bruk i kombivåpen vil eg anbefale riflepatron med krage.( 6,5x57R, 7x57R, 7x65R m. fl.) Kragepatroner er laga for brytevåpen, og er det mest funksjonelle. I tillegg er dei lada til eit noko mindre trykk enn tilsvarande patron med rille.( F.eks. 7x57: 3400 bar, og 7x57R: 2900 bar ) Dette fordi låsen på eit brytevåpen ikkje er like sterk som på ei boltrifle. Med fare for å trakke nokon på tærne, meinar eg at 308 Win. er ikkje noko godt valg i eit brytevåpen, ( høgt trykk, 3600 bar ) og konstruert for bruk i boltrifler og automatvåpen. Ein funksjonell kombi er mykje våpen i eitt, men ikkje inngå for mange kompromiss med hensyn til f. eks. riflepatron og kikkertmontasje.
×
×
  • Create New...