Jump to content

oysteinlarsen

Members
  • Posts

    625
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by oysteinlarsen

  1. Victorinox med treskaft, går for den trauste og velprøvde proff/storkjøkkenløysinga. Gode å få satt egg på, og kan bruka tversovergrep utan at hælen på klinga gnagar hòl i sida på langfingeren. 

  2. Eg ladar berre 9mm subsonic. Ellers klarar eg knapt nok å få til noko betre enn fabrikkammunisjonen. Fritid har ein pris, og 9mm er ein fiklete patron å få til godt. Gjer som Alle Andre, kjøpar inn i stort når det er noko på tilbod. Stemmar i for Geco. 

     

    e: ...som akkurat no er på tilbod :D

  3. God gamle Bravo Fox har fått ein del konkurrentar opp i gjennom åra. Den nye fleecefora vinterhatten er faktisk hakket kvassare på varme og tettar veldig godt for vind og være i tillegg. 

  4. Eg har ikkje gjort prosessen sjølv, men det er nok ein del ressursar her inne frå gamle trådar. Når det er sagt, trur eg at eg hadde sikta meg inn mot Tyskland (egun.de til dømes) heller enn USA. Dei er heilt koleriske på enkeltvis eksport der borte... :/

    • Like 1
  5. Mogleg? For brukt -  absolutt, med tålmod og innsats. Forvent å måtte importera, med tilhøyrande frustrasjonar. 

    For ein splitter ny? Tja, Performance Center vil kanskje laga ein til deg... for ein pris.

  6. Ingeniøren på skuldra mi kviskrar meg i øyret: "men kva om ein lot rekylfjæra frå ein AR stå i, så ein fekk assistert framføring? Det ville jo gje sikrare veksling." Eller? Og ville det ha nokon lovmessige konsekvensar?

  7. Fekk ein mail frå XXL med 25% tilbod om eg handla der med Mastercardet mitt frå DnB no onsdag og torsdag. Det gjaldt ikkje våpen, Zeiss-optikk og liknande, men kva med ammunisjon? Om eg får handla ei kasse med .22LR til 25% rabatt er det ikkje eit dårleg dags arbeid. Kva trur dykk andre, er det verd å ta ein tur innom etter jobb i morgon og sjekka om eg får nagla meg ein liten boks med Top Shot til nostalgipris?

  8. I 762 er det vel ingen butikk som har på lager. Ser det ligger en i 223 hos pvas og de skal ha 11.215 for den.

    Med magasin osv som var med til den på finn (om jeg husker riktig) så vil jeg ikke si 19000 er ille. Kanskje litt i overkant, men ikke ille.

     

    Tenkja seg til at eg kjøpte min Saiga i 5.56 for under 6000 for ti års tid sidan :shock: Og at eg fekk kjøpt magasin frå USA til under 250,- stykk :shock:

  9. Och så kommo de gråa, skymningsklädda fåglarna med plymer i vingarna och rött fjädersmycke i nacken. De stora fåglarna med sina höga ben, sina smärta halsar, sina små huvuden kommo glidande utför kullen i en hemlighetsfull yrsel. Under det att de gledo framåt, svängde de runt, halvt flygande, halvt dansande. Med vingarna behagfullt lyftade rörde de sig i ofattbar hast. De var något underligt och främmande över deras dans. De var, som om gråa skuggor hade lekt en lek, som ögat knappast förmådde följa. Det var, som om de hade lärt den av dimmorna, som sväva fram över de ensliga mossarna. Det låg trolldom i den; alla, som inte förr hade varit på Kullaberg, begrepo varför hela mötet bar namn efter tranornas dans. Det låg vildhet i den, men den känsla, som den väckte, var ändå en ljuv längtan. Ingen tänkte nu mer på att strida. I stället ville alla, både de bevingade och de, som inga vingar hade, höja sig oändligt, lyfta sig ovan skyarna, söka vad som fanns där bortom, lämna den tyngande kroppen, som drog ner mot jorden, och sväva bort mot det överjordiska.

     

    Sådan längtan efter det ouppnåeliga, efter det bakom livet förborgade, kände djuren bara en gång om året, och det var den dagen, då de sågo den stora trandansen.

     

    (Selma Lagerlöf, "Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige")

  10. Det finst nok ein del. Den er nok på stigande kurve, vil eg tru. Enkel tilgang på gode kuler (via DFS-ruta) og hylser (via nedsizing av .308/oppsizing av 243, eller frå fabrikk) gjer den grei å lada. Kort kasse kan vera fint for lette rifler til jakt. Ofte er den lett å lada presis, og 6,5-kulene står seg godt til lange hald. I tillegg har særskild Jørund Lien skrive mykje om denne patrona og dette har nok gjort ein heil del for å gje den tilhengjarar her i landet.

×
×
  • Create New...