Jump to content

sachs motor

Members
  • Posts

    237
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by sachs motor

  1. NRK under LS 2013

     

    NRK gir LS stor oppmerksomhet. Sendetidene blir som følger:

     

    Onsdag: 10.00 - 1840 klasse 5

    20.15 - 20.45 Oppsummering klasse 5

     

    Torsdag: 18.10 - 18.40 Prinsesselaget

    19.55 - 20.50 Kongelaget

     

    Fredag: 20.00 - 20.55 Stang og felthurtigfinale

  2. Hagla er produsert i Italia i 1985. (AN-stempelet)

    PSF med to stjerner over betyr at hagla er trykktesta til drøye 1200 bar, så det skal vera trygt å bruka stål og andre harde hagl så lenge det er halv trangboring eller opnare.

  3. Eg såg dette eg og, og reagerte vel på same vis som deg.

    Slik eg ser det er forskrifta temmeleg klar på dette punktet.

    Eg sendte ein mail til Jakt & Fiske om dette, så får eg sjå om det er noko svar å få.

     

    Det såg forøvrig ut som ei finurleg børse, men eg trur nok ikkje det er noko eg ville brukt pengar på.

  4. Eg vil og påstå at BSA Sweet er overraskande grei om ein tek prisen i betraktning. Eg merkar sjølvsagt at det er ein billeg sak. Spesielt om eg samanliknar med Zenithen på jaktrifla.

    Eg vil uansett påstå at BSAen er eit greit kjøp. Han doggar ein del, men er heilt grei å sjå gjennom, og klikka verkar stabile.

  5. Legg chokane i såkalla "Ed's Red" ei stund før du pussar dei. Då får du lett vekk plastavleiringane.

     

    Ed's Red blandar du sjølv av like deler ATF-olje, white-spirit, lysfotogen og aceton.

     

    Puss gjerne løpa og med dette stoffet for å få vekk restar ette plastkoppen.

  6. Det er nok og diverse andre små merker stempla på undersida på løpet, i tillegg til serienummeret.

     

    Stjerne over eit våpenskjold med hammar og to gevær i kryss tyder at våpenet er trykktesta i Gardone Val Trompia (same by som Beretta-fabrikken ligg i).

     

    Hagla di er nok stempla med bokstavane PSF med ei stjerne over. Då er hagla trykktesta til minimum 1020 bar. Då skal ikkje jaktpatronar med harde hagl nyttast. Til dømes er Remington Wingmaster HD merka med makstrykk på 1050 bar og må ikkje brukast i hagla. Til samanlikning er leirduepatronen Gambore Supersteel merka med makstrykk 900 kg/cm2 = 882,36 bar og kan trygt brukast i hagla så lenge du ikkje brukar trongare choke enn halv.

     

    I tillegg skal det vera eit rektangel med bokstavar inni. Desse bokstavane er ein kode som indikerer kva år våpenet er trykktesta. Står det til dømes AN i rektangelet er våpenet trykktesta i 1985.

     

    Her er ei oversikt over stempel på italienske våpen

    http://shotguns.se/html/italy.html

  7. 1. Puss gjennom løpa, og vask vekk evt. lagringsfeitt og denslags med til dømes raudsprit eller noko tilsvarande. Skru gjerne av kolben og sjå etter om det kan vera noko metallspon som ligg igjen. Det kan henda dei har gløymt å reingjera skikkeleg etter maskineringa.

     

    2. Denne tappen vert klemt inn når du lukkar hagla, og gjer at toppleveren går tilbake. Den går ikkje heilt til senter fordi låshakene mellom løpssettet og baskylen (låskassen) har litt å gå på, slik at det skal halda ei stund. Når du manuelt trykker inn denne tappen stangar ikkje låsehakene i baskylen mot løpssettet, og toppleveren går heilt tilbake. Det er ingen grunn til å røra denne tappen, med mindre våpenet skal leggjast delt i koffert og du ikkje vil ha toppleveren stikkande ut på sida.

     

    3. I = Full (1/1), II = Improved Modified (3/4), III = Modified (1/2), IIII = Improved Cylinder (1/4), Ingen merking = Cylinder (0). Ikkje bruk stål eller andre harde hagl i I og II. III og IIII er greie allround jaktchokar. Cyl. er grei på dei kortaste holda. I og II funkar fint på lengre hold med mjuke hagl.

     

    4. Som stokkolje er det linoljebaserte, silikonfrie produkt som gjeld. CCL er eit merke som fins i vanleg handel og får ein del skrøyt her inne. Det kan og nemnast at forumbrukar Raudnakke lagar ein særdeles fin stokkolje. Når det gjeld våpenolje har eg nokon konkrete favorittar. Eg vil anta at det meste er brukbart, sjølv om det er litt ulike eigenskapar ute og går. I leddet mellom baskylen og løpssettet smører eg med våpenfeitt.

     

    Håpar dette kan vera til hjelp.

    Gratulerer med ny hagle, forresten :D

  8. Sjølv har eg, og er fornøgd med, Icom Prohunt Basic. F34 er vel temmeleg lik, men har iallfall scramblerfunksjon og høgare IP-klassifisering i tillegg. Kanskje noko meir og, men det torer eg ikkje seie sikkert.

    I jaktlaget eg er med i er det og brukt Zodiac, Hunter F1, Lafayette, Yaesu og sikker fleire og. Eg har ikkje høyrt noko negativt om desse frå mine jaktkameratar. Dei fleste radioane på marknaden er nok godt brukbare saker. Berre få med deg langpisk, så aukar rekkevidden betrakteleg.

×
×
  • Create New...