Jump to content

Sjur Dale

Members
  • Posts

    918
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Sjur Dale

  1. Harkila Recon buksa til kr 3500,- skrubba bort i ei knekt grangrein.

    Dette var tredje gongen eg hadde buksa på meg.

    L-flenga var på 5 + 5 cm og i kontakt med fabrikken var svaret klart:

    Det må du reparera sjølv.

    Det er gjort.

     

    Fanastisk lite som skulle til for å riva buksekneet opp.

    Buksebaken tek no til å bli sliten, noko som kjem av nedturar på røvi.

    Kr 2000,- hadde vore nok.

  2. Først sender jeger av eit skot mot kodla, 7x65R, på mellom 0 og 8 meter. Bom!

    No står vedkommande att med eitt hagleskot kaliber 20 bismuth nr 4.

    Raudpunktet ligg på hovudet.

     

    Kor stor er tryggleiken for at kodla dett no?

     

    Kan det vera mogleg at ein berre skyt vekk kjeven?

     

    I denne tråden blir hypotesar.

    Konklusjonen og fakta er at jeger unngjekk eit rettsleg etterspel.

  3. Lovverket og forskriftene kring ettersøk av storvilt er ryddige og klåre.

     

    Ettersøk av hjortevilt er meir enn å ha ein godkjent ettersøkshund.

    Det må vera eit krav at ettersøksekvipasje som tek på seg ansvar kjenner lovverket og forskriftene.

     

    Eg vil hevda at ettersøk av hjortevilt er ein profesjon.

    Hundeførar må

    - ta ansvar for tryggleik, risiko og kommunikasjon

    - kjenna lovverket og forskriftene

    - ha gode kunnskapar om viltet

    - meistra der ein skal ferdast

     

    Korleis bruk av kunstig lys ved ettersøk blir handtert i ulike kommunar vil vera ei interessant gransking.

  4. Den som skal gjera ettersøk må kjenna lovverket og forskriftene.

    Tek ein på seg ettersøk for andre må desse kunnskapane sitja inne.

    Lovverket er svært ryddigt og greitt på dette området.

  5. Jaktrettshaver

     

    [i]§ 27. Ettersøksplikt, forfølgingsrett og avliving av såret storvilt[/i]

    Tredje ledd

    Dersom pliktig ettersøk første dag er uten resultat, skal jeger eller jaktlag uten

    opphold underrette jaktrettshaver og kommunen eller nærmeste politimyndighet

    om de faktiske forhold. Jeger og jaktlag som har deltatt ved skadeskytingen av

    viltet, skal uten godtgjørelse bistå viltmyndighet eller politi i det videre ettersøk.

     

    Brev frå

    Statskog Namsos, 3. desember 2012

     

    Høringsuttalelse —forslag til endring i naturmangfoldloven

    Foreslått innføring av meldeplikt til kommune og grunneier om bruk av kunstig lys og utfall av

    ettersøket, anses ikke å være nødvendig, da det allerede foreligger regulering av slik plikt i viltloven

    § 34.

    Dersom man velger å opprettholde meldeplikten, registrerer foretaket at man anvender begrepet

    «grunneier» ved angivelse av hvem som skal varsles ved ettersøk. I flere sammenhenger er det

    imidlertid ikke grunneier som er,jaktrettshaver, og jaktrettshaver kan ha leid bort sin jaktrett til et

    grunneierlag eller lignende. En anser på denne bakgrunn av begrepsbruken bør ses i sammenheng

    med § 27 i utøvelsesforskriften, som anvender begrepet «jaktrettshaver».

     

    Min tolkning i ditt eksempel blir:

    Leiger du hjortejakt i eit kommunalt vald så skal du melda frå til jaktrettshavar, i dette tilfelle kommunen, - og alltid kommunen.

     

    NJFF gjer ein svært framifrå jobb med denne saka.

  6. Du kan rekna med at saka tek 1 1/2 år før det blir avklara bota/straffen.

     

    Har du litt pengar, kan det vera greitt å søka råd hjå ein dyktig forsvarsadvokat.

     

    Elles syns eg du skal la vera å svara på spørsmål som har dukka opp her i tråden.

  7. Ingo sitt hundehus er isolert med 10 cm Glava.

    Har to lause seglduk-flagg som heng ned i åpningen.

    På veggen inne heng ein elektrisk termostatstyrt oljeomn på 300 watt.

    Det er gitter framfor heile omnen og det elektriske opplegget.

    Dette har fungert i 10 år.

  8. Dette er krevjande sporfølgjing:

    100 meter i elva, eller 150 meter bakspor.

     

    Sporing etter skada hjortevilt er ikkje berre svart eller kvitt.

    Nokre gonger må me gje tapt.

     

    Er elva stor, djup og vid, - eller smal og flat.

    Går dyret med elvestraumen eller mot?

     

    Etter å ha følgt hjorten 200 høgdemeter fann me eit blodig lege.

    Søket held fram i bratta.

    Desembernatt.

    Me nærma oss tregrensa frå å ha starta på 60 høgdemeter.

    Her merkjer eg av eit punkt og tenkjer nok for i dag, men først berre 100 meter til.

    Ofte slik. Nett 100 meter til, og litt ....

    Lengre nede står kodla i ei bratt elv.

    To riflelykter er fulle av snø. Kikkerten er nedsnødd.

    Eg følgjer hunden som trekkjer meg med 50 meter nedover i elva.

    Ikkje på land, men midt ut i ei steinete elv som er bratt.

    Nede i ein dal står me ved ei ny elv.

    Oppover eller nedover? Nedover eller oppover?

    Det blir 10 meter oppover så over eit gjerde.

    100 meter seinare finn me ein bloddråpe og jegeren som følgjer får motet opp att.

    Søket har no pågått i to timar.

    Litt etter finn eg kodla på 40 meter gjennom uklart kikkertsikte.

    I bilen har eg tørre klede til overkroppen. Alt nedan til og ein våt hund dampar.

    Rutene i bilen doggar.

    Gleda er å få ein varm dusj og tørr underbrok.

     

    Eg vel å trena mykje på kunstig blodspor/pannekaker/pølser/m.m. og få unna den prøva.

    Fresksportrening tek eg etterpå. Sporsko nyttar eg ofte.

    Sporing på skada hjortevilt dryger eg med.

×
×
  • Create New...