Jump to content

Berglid

Members
  • Posts

    448
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Berglid

  1. Rypejakt med base i Klebersdals hytta

    Hadde to dager fri denne veka, torsdag og fredag. Det samme hadde ein kompis. Så vi fant ut att vi skulle reise til fjells på hytta og prøve oss på rypejakt med rifle desse dagane. For att vi skulle få nokk tid til og jakte bestemte vi oss for att vi skulle begynde og gå opp rett etter att eg var ferdig på jobb.

     

    Kl 22.00 var vi klare til avmarsj, planen var og bli køyrt eit lite stykke opp ein traktorveg for deretter og gå over fjellet i mørket, sidan det var blitt seint. Men pågrunn av kulda, ned mot 17-18 minus grader ville ikkje traktoren starte. Vi hoppa da i bilen og blei køyrt rundt fjellet for og gå innover dalen der. Istaden for rundt en times marsj blei det no nærmare tre timar i kulda i mørket. Puddersnø var det nukk av, og den var så laus att både stavar og ski sank til vi traff bakken.

     

    Vi kom fram til hytta rundt 01 på natta. No var det å begynde og fyre i peisen, de tok si tid før vi fikk skikkelig fyr i ovnen. Inne i hytta var det 13 minusgrader om eg huskar riktig. Etter nokre timar fyring måtte vi nesten legge oss. Det blei ikkje varmare enn 6 grader denne natta, altså 6 minus grader.

     

    Flott hytte i Klebersdalen, open for alle.

    normal_framme_me_hytta.jpg

     

    Vi vokna til ei piss lunka hytte på rundt 9 minusgrader. No måtte vi hive oss rundt og komme oss på fjellet etter rypa, vatn blei kokt og real turmat blei inntatt til frukost. Vi hadde ikkje meir enn 4 timar med sol og kansje 5 timar totalt med lys denne dagen. Vi kom oss oppover fjellet. Det var mykje rypespor og sjå rundt kratta i fjellsida. Vi såg også ein god del harespor, mårspor og nokre revespor.

     

    Her er det skilta litt i ulike retningar, fjellet rett oppfra skiltet er ein ganske sikker plass og jakte ryper og var der vi gjekk.

    normal_skilt.jpg

     

    Stort sett var det Øystein som brøyta veg, men no fekk Øystein gå bakerst i løypa.

    normal_fint_veir.jpg

     

    Det var ganske kaldt, og en lei vind, så ansiktsmaske var greit og ha, utover dagen la det seg is på denne og eg var fortsatt like varm eller kald i ansiktet.

    normal_kaldt.jpg

     

    Utsikt fra toppen av Holmøyskarsegga. Hytta ligger nedi dalen og kan ikkje sjåast.

    normal_utsikt_fra_toppen.jpg

     

    Øystein rett før toppen.

    normal_tiltopps.jpg

     

    Planen var og jakte denne fjellkjeda til ende og tilbake, her sitter det normalt mykje ryper. Men pågrunn av mørket rakk vi berre ein liten del før vi måtte gje oss.

    normal_fjellrekka.jpg

     

    Men denne dagen såg vi ingen ryper så vi måtte nøye oss med 15 poeng i fjelltrimmen istaden. Pågrunn av lite lys og langt og gå rakk ikkje vi og sjå over heile fjellkjeden men måtte nøye oss med eit fjell.

    No var det og komme oss tilbake til hytta og fyre i ovnen. Vi hadde ikkje med temperaturmåleren oppå fjellet, men vi fikk ei melding heimafra, der dei lurte på om vi fraus, det var -20 grader heime.

     

    Vi kom oss tilbake til hytta, fyrte i ovnen, laga mat, skreiv litt i hytteboka og åt sjokolade. Etter sju timar intensiv fyring enda vi på to pluss grader i hytta. Varmare ville det ikkje bli. Dårlig isolasjon og ruter gjorde nokk sitt til att det blei så kaldt.

     

    normal_vedovvn.jpg

     

    normal_hyttekos.jpg

     

    I dag brukte vi dagen på og lokke litt etter rev, sanke ved til hytta, Fyre og slappe av. Det kom ikkje rev på plassen vi lokka, så eg skaut heller nokre istappar som hang oppi ein hammar 647 meter vekke. Tok ein sjangs og ratta opp ca 65-70 klikk på nightforcen og skaut, høgda var jaggu rett men tok ikkje med spinnavdrift eller vindavdrift så eg traff ca 20cm til høgre for der eg sikta. På dei andre skota holdt eg i siktet.

     

    Tok desse bilda når vi gav oss med lokkinga

    normal_lokking.jpg

     

    Skistavar fungerar supert til støtte til rifla

    normal_lokking1.jpg

     

    Remington 700LTR .308win, Mcmillan HTG stokk, Nightforce 3.5-15x56

    normal_rifla_lokk.jpg

     

    Når vi var ferdig og skyte istappar drog vi bortatt til hytta og rydda og vaska etter oss, la igjen litt sjokolade og kjekspakkar til neste som kom til hytta.

     

    Tok oss litt over ein time nedatt gjennom Slettene til bilvegen der vi blei plukka oppatt.

     

    Alt i alt ein fin tur sjølv om vi ikkje såg noko vilt. Vurderer og gå oppatt og sette ut mårfeller i måråkveld, iallefall i Slettene der det var mest spor. Rypejakta tek vi att seinare i vinter, men då blir det nokk telt på toppen av fjellet så vi rekk og jakte med så lite lys.

     

    Alle bilda er foresten tatt med mobiltelefon.

  2. Mykje kråkefugl på åtet i heile dag. frustrerande og sitte og sjå på.

     

    Har bytta batteri på revevarsleren og lagt ut mange små pakker til kråkefuglene på åtet og en stor en til mikkel rev.

  3. Det er samme ja, både eg og ole har den omer gunneren. Han har satt på ekstra strikk på sin. Godt fornøgd med dei hitill. Einaste sikringa som er ganske plundrete.

     

    Røret er åte ja :wink: hehe.. Ut av røret kjem skittent vann fra fisketanker på land, samt alt fiskeforet som fiskane ikkje klarer og ete opp før vatnet blir skifta ut.

  4. Ja er utrulig rått. Blir fort god. Denne turen var vel kansje den 10ande turen eg har hatt.

     

    Du kjem langt med og holde pusten i 1 min under vann. Fisk kan du skyte på alt fra 3 til 30 meter djupn. Men er litt farer med fridykking så anbefaler å få med enn venn når ein skal dykke.

  5. Sikkert gøy :wink:

     

    Men mæra pale er ikke særlig god å spise :roll:

     

    Har ete en del av denne fisken samt gitt til mange venner og alle seier att denne fisken er utrulig god og i ein heilt anna klasse enn det som er og få kjøpt på butikken :wink:

     

    Det er ingen merder i vatnet der vi dykka der.

  6. Med harpun etter storfisken

     

    Tenkte eg skulle skrive litt om jaktturen eg og ole hadde sist fredag.

     

    Dette er undervannsjakt med harpun. All dykkinga er fridykking, altså holde pusten og svømme ned opp opp igjen.

     

    Vi stod opp kl 6 om morningen og pakka sakene i bilen. Deretter venta det ein køyretur på ca 2 timer for og komme til goplassen :wink: Det var enda mørkt når vi kom fram så vi måtte sitte i bilen og vente på dagslyset. Vi var begge utrulig gira på og komme i vatnet. Vi skulle dykke på tre plassar denne dagen så vi måtte utnytte det dagslyset vi hadde.

     

    Etter att det begynte og lysne var det og bytte om til våtdrakter, plumpe ut i vatnet og spenne opp harpunen. Så tok vi nokre oppvarmingsdykk for og finne roen og slappe av litt på bunn. Når vi følte oss klare svømte vi bort til ein plass vi viste fisken stod. Vi blei bokstavlig talt møtt av en vegg med fisk.

     

    Her skaut vi ein del fiskar kvar før vi bestemte oss for og prøve ein anna plass, sidan det ikkje var komen torsk her. Men dei andre plassane var bom tur. Der var det nesten ikkje stor fisk så vi måtte bite i det sure eplet og køyre tilbake til der vi starta og dykke. Sure 4 mil med høg puls og det var ikkje lenge til det begynte og mørkne no.

     

    Uansett har ikkje så mange bilder

     

    Men her er ein film som Ole filma fra den dagen:

     

    Og her er bilde av fangsten. Enda på 106,3kg fisk. Hadde fått mykje meir om vi ikkje hadde flytta oss :evil:

    normal_robin_med_fisk_to.jpg

     

    Det som kjem ut av røret er vatn fra fisketankar som står på land. Sidan dei konstant rensar vanntankane kjem fiskefor og gammalt vatn ut i sjøen.

  7. Var på hjortejakt på eit naboterreng i dag. Mykje gammelskog og urørt furuskog oppunder skoggrensa. Såg min første tiur der i dag. Eller er ganske sikker, såg sovidt fuglen då eg skremte den avgårde. Virkar for og vere mykje skogsfugl og rev i det området. Så gleder meg til å kunne spenne på skia og ta ein tur gjennom området.

  8. Ulv finst ikkje det her (enda) så den er utelukka. Var revespor ved siden av som var like gamle og dette sporet var dobbelt så stort. Skal det vere rev snakker vi vertfall 10kg +++ klassen.

     

    Problemet med spora var att det var minusgrader dagen før og over natta blei det mildt så var utydelige spor og følge. Må ut og sjekke igjen ved neste snøfall. Håper på gaupe 8)

  9. Kom over noken spor på eine reveåtet for noken daga sidan. Har blitt litt mildare i veiret så spora var ikkje heilt ferske. Det er ikkje revespor for det var der også. Kan ha vert hond men eg snakka med dei som har stor hond og dei har ikkje vert i området der.

     

    Så då er spørsmålet kva spor er dette? Gaupe? troll? hoggorm? hmm

     

    normal_spor1.jpg

     

    normal_spor2.jpg

  10. Fjernet unødvendig sitering.

     

    Polardego

    Hadde vi fått jakta rev når eg var grensejeger hadde det blitt mange revefall. Vi såg rev på nesten alle patruljane våre ute langs grensa. I ett tilfelle var eg ute og gjekk ski, og en time seinare når eg skulle følge spora tilbake hadde reven gått i skispora mine og fulgt dei i samme retning som meg :shock: Har sett så utrulig mykje rev, att dersom det var skuddpremie og ein hadde litt tid til overs så kunne en nesten tent penger på og jakte rev i pasvik :wink: hehe

  11. Var ute på skarvejakt for første gang i dag. Hoppa i bilen og køyrte ned til fjorden. Viste om nokre plassar dei har brukt å sitte på.

     

    Observerte ein flokk på 13 ender, dei med grønn hals/haud og ca 10 skarvar. Men pågrunn av mykje bebyggelse og bilvegar, var det kunn skarven eg kunne skyte på med tanke på sikker bakgrunn.

    normal_skarv.jpg

    Eg sjekka ut bakgrunnen og området rundt skarven. La meg på brygga og sikta meg inn på skarven. Holdet målte eg til 192 meter til den nærmaste skarven og 208 til den bakerste. Mistenker avstandsmåleren på leica kikkereten min for og trenge nye batteri.

    normal_steinen.jpg

     

    Hadde med 300 win mag rifla mi og viste att denne har 4 klikk opp på 200 meter. Så justerte siktet og la meg godt til rette, fant den skarven eg ville ha og slapp skuddet. Skuddet gjekk inn perfekt og skarven blei liggande på steinen. Gjekk for og hente den, men var litt djupt sjø der så eg måtte tilbake til bilen og blåse opp gummibåten og ro bort.

    normal_DSC00233.JPG

     

    normal_skarven.jpg

     

    Seinare såg eg att skarven og endene satt på fjorden på rundt 400 meters hold.

     

    Der var og nokre grå fuglar som likna på skarven som satt på samme stein, kva fugl er det?

×
×
  • Create New...