Jump to content

Hisbotten

Members
  • Posts

    312
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Hisbotten

  1. Eg kjøpte komplett compound links sett hjå WWW.huntersfriend.com

    Her kan ein bestille ønsket dralengde osv. Hurtig levering. Eg vart godt fornøyd med både oppsett og bue. Har oppgradert pakken med ny pilhylle.

    Dette var min første bue. Her finst ein del pakker å velge i for linkskyttere.

    Ellers vil eg tru att norske forhandlere skaffer links buer.

    Vis du går inn på hjemmesidene til buejegerforbundet finn du linker til norske forhandlere.

    Her finn du også linker til buejegerklubber der du kan få klå litt på forskjellige buer.

  2. Eg vil tru att bestått jegerprøve og IBEP kurs vil være tilstrekkelig for å utøve buejakt.

    I jegerprøveutdanninga er det bere krav til å ha bestått teoretisk eksamen og det er ingen krav til å klare storviltprøven Eller krav til å treffe noko med hagla og då er det bere å hive seg ut på jakt.

    På eit IBEP kurs er det krav til att ein må bestå både teori og skyteprøve.

    Eg kjøpte meg compund bue for godt og vel eit år sidan og har skutt nesten kvar dag sidan. Eg vart overraska over kor fort ein klarte å skyte fine samlinger. Gjekk ikkje mange kvelder før styrefjørene måtte skiftast ut pga tette samlingar.

  3. Se her, på framsiden til schou ----> http://schouvapen.no/" target="_blank" target="_blank

     

    Riflepakke:

     

    CZ 455 Standard, kaliber 22LR

    Kikkertsikte 4x32

    Montasje

    Lyddemper

     

    Ekstra løp kr 1.590,-

     

    Kjøper du et løp i f.eks 17 HMR har du børse lenge!!!! KJØP KJØP! :!:

     

    Denne kjem ikkje i links utgave før i 2012 i følge Schou. Eg fekk svar på mail i forrige veke.

    Eg har veldig lyst på den pakken når den kjem i links :D

  4. Her er ein variant som eg likar godt:

     

    Oppskrifta passer til ca 4-5 personar. Då vert ein skikkelig mett :D

     

    Kjøtt:

    600-700 gram hjortekjøt. Skore i passe bitar-strimlar.

    Lag marinade av:

    Olivenolje

    Kvitløk (masse)

    Timian

    Bland marinaden i hurtigmiksar,bland kjøtet og marinaden og la det trekkje natta over,gjerne lenger.

     

     

    Gryta:

    2 stk løk

    3 stk raud paprika

    200 gram Sjampinjong

    2 bokser Creme Fraich

    1 pk Rosenkål

    Olivenolje

    Kveitemjøl

    Salt

    Pepper

    (Krydder)

     

    Steik kjøtet i 2 omganger og tilsett Creme Fraich.Ha i litt vatn ved behov.

    La gryta koke-trekkje til kjøtet nesten er møyrt.

    Tilsett løk,paprika og sjampinjong ,som ein har delt i den størrelsen ein foretrekker.

     

    Lag jevning av eit par spiseskjeer med kveitemjøl og ein passelig dose olivenolje. Bland dette i ein kopp eller lignande.

    Tilsett jevning til du synes konsistensen på gryta er passelig.

    Smak til med salt,pepper og evt krydder.

    Ha i rosenkål 5 min før servering.

    Ein kan bruke litt Negro for fargen sin skuld.

     

    Serverast med tyttebærsyltetøy, gode poteter eller ris.

     

    Kan anbefalast :D

  5. Har nett kjøpt meg ein nesten ubrukt BLR81 fra 1987.

     

    Har ikke fått prøveskutt enda men når eg tar ladegrep og sluttstykke føres forover , tar sluttstykke borti hanen ,slik att ladegrepet blir "hakketet" når sluttstykke går forbi hanen.

    Vis eg trykker ned hanen slik att sluttstykke går forbi uten å berøre hanen , blir ladegrepet utrulig lett og presist.

     

    Nokon som har opplevd det samme og er dette vanlig på BLR'en?

    ER det mulig å fjerne litt gods fra undersiden av sluttsykke slik att det blir klaring?

  6. Takk for tilbakemeldinger.

     

    Me ser i etterpåklokskapens tegn att evt strafferakasjoner skulle vore med i reglane for utøvelse av jakt i valdet.

     

    Men dette skal inn på neste årsmøte og neste 5 års plan for valdet. Me har lyst å halde konfliktnivået så lavt så mulig då dette er snakk om nabo. Så me prøver med dialog og syne vedkommande att me følgjer med på kva som skjer i valdet.

     

    Valdet består av 12 eigedommer i fra 150 til 2800 mål størrelse som er slått sammen til et vald. Dvs det er eit Gårdsnummer der alle Bruksnummer har danna valdet.

    Jakta er felles for alle grunneiere, dvs me har avtale om å kunne jakte på andre sin eiendom , men jaktleder skal informeres først-ALLTID.

     

    Valdet er delt inn i 3 naturlige jaktfelt. Dette pga sikkerhet og att ein ikkje ska ødelegge jakta for andre med å buse inn i eit område der kor andre jakter.

    Så vis eg ville jakte i dag,så kontakter eg jaktleder med om ønske om jaktfelt feks nr 1, og er dette er ledig , så får eg dette jaktfeltet til min disp , men må sjøvsagt dele byttet med dei andre grunneierene.

     

    Så me får håpe att dialog og tett oppfølging ,gjer det levelig til neste årsmøte

  7. Har et spørsmål som eg håpar nokon her på kammeret kan bidra med råd og vink.

     

    Bakgrunn,

    I valdet har grunneigarane valgt eit styre som består av 5 medlemmer og 1 jaktledar. Alle som skal ut på jakt ,SKAL kontakte jaktledar,som tildeler jaktfelt og har kontroll på antall felte dyr. Jaktleder skal også ha tilbakemelding etter endt jakt om sette dyr og evt felte dyr. Dette er nedfelt i reglane for valdet og det er årsmøtevedtak på desse reglane.

     

    I vår fekk me ein ny grunneigar og jeger i valdet. Vedkommande er valgt inn i styret og er godt kjent med dei reglane for jaktutøvelse i valdet.

    Me hadde også eit møte 1 veke før jakta tok til ,der alle jegerer som skulle jakte deltok.

    Der delte vi ut ettersøksavtale, gjennomgang av antall dyr/alder og kjønn som kunne fellast og rapportering før og etter jakt. Alt dette var presentert av jaktleder og alle fekk utlevert papirkopi i tillegg. Der står det med utheva skrift: "ALLE SOM SKAL JAKTE, SKAL SEINAST DAGEN FØR JAKT, KONTAKTE JAKTLEDER FOR ANNVISNING AV JAKFTFELT OG KVA DYR SOM ER ATT PÅ KVOTEN"

     

    Valdet er delt opp i 3 jaktfelt. Jaktleder må ha kontroll på kvar dei som jaktar oppheld seg. Dette er viktig for sikkerheten for både jegerer,fastbuande og turgåere.

     

    Litt ut i jakta vart bilen til den nye grunneigaren observert langs skogsvegar og parkert attmed hovedveier på typiske plasser der ein parkerer når ein skal begynne å jakte. Me antok att vedkommande var ute på tur ,sidan det ikkje var gitt melding til jaktledar om jakt.

    Etter ei snau veke skaut vedkommande ein kalv. Dette utan å ha gitt melding om att vedkommande var gått ut på jakt. Jaktleder har heller ikkje fått beskjed om felt dyr.

    Ein nabo oppdaga tilfeldig att det hang eit dyr i garasjen når han gjekk forbi.

    Dagen etterpå skaut vedkommande ein Spissbukk. Her var det heller ikkje gitt melding til jaktleder om att vedkommande var gått ut på jakt og heller ikkje att det var felt dyr. Her oppdaga ein att det låg rester av ein spissbukk, på ein dumpinplass inni skogen der me kaster slakteavfall.

    Jaktleder har tatt dette opp med vedkommende med påfølgande mumling om att mobilen ikkje virka og var dårlig.....

     

    Men vedkommande lova att han skulle gi beskjed neste gang han gjekk på jakt. Men veka etterpå var på på han igjen- ut på jakt uten å gje beskjed på førehand. Ein turgåer møtte mannen med børse på ryggen.Vedkommande forsvant rimelig fort ut av stien og vart borte....

     

    Me synes ikkje noko om slik oppførsel men har ikkje nedfelt noko straffereaksjon i reglane våre, då me regna med att dette var av felles interesse for alle involerte.

     

    Det ser ut som vedkommande ikkje rettar seg etter reglane, sjølv etter påtrykk av jaktleder og fleire av grunneiere. Alt har foregått i ein saklig tone og med forsøk å ta det med det gode.

    Ein kan ikkje godt stoppe vedkommande fysisk heller....

     

    Kva ville Kammerfolket gjort i ein slik situasjon?

  8. Har brukt denne modellen til XXL i ca 1 år nå. Er sånn passe fornøgd med kasteren. Den kaster ikke så langt som en skulle ønske men det hjelper litt å stramme inn fjæren, ved å skru inn vingemutteren som holder fjæren fast i bakkant . Bruk gjerne vannpumpetang ol.til å skru med.Blir tyngre å spenne opp men som sagt så kaster den merkbart lenger.

  9. Under opprydding i et gammelt hus fann eg ein trekasse med mykje rart oppi.

    Gamle svartkrutt haglepatroner som var rimelig svette i pappen,tjærelunte,fenghetter,gammel 6,5 ammo fra 1937-1944,ein kaffipose med krutt av ukjent opprinnelse,tennhetter for hagle,ladeklips,gamle ammoesker i papp, og det som for meg ser ut som gammalt ladeutstyr for haglepatroner.

    Prøvde ei 12/70 tomhylse og denne passa fint nedi.

     

    Nokon som veit om dette er ei gammal "ladepresse" for hagle og noko meir om bruken av slikt utstyr?

     

    71r9n4.jpg

     

    t80t90.jpg

     

    2afam3q.jpg

  10. Trur eg skal prøve "Gal Mann" sitt forslag om Accubond.

     

    Kjøper inn Partition og Accubond ,så får me teste desse til høsten i med 6,5x55 rifla.

     

    Ellers er eg enig att A-Frame "svikter aldri". Bunn solid og med masse dybdevirkning, men som sagt tidligare vil eg ha dyret fortare i bakken og spesielt i terreng med tett vegetasjon.

  11. Eg har brukt A-frame i 6,5 x 55 på Hjorten sist haust.

    Skaut 8 dyr med A-Frame og 2 dyr med Nosler Partition.

    Meget flotte slakt med A-Frame, men synes att Hjorten hadde litt for lange fluktstrekningar etter gode treff.

    Skaut ei Kolle i måneskinnet nest siste jaktdagen og denne sprang godt over 200 meter etter perfekt lungeskudd. Skyteavstand 70 meter.

    Synes fluktstrekningene var vel lange på alle dyra eg skaut med A-Frame.

     

    Eg trur personlig att A-Frame ekspanderer litt for lite i 6,5 hastighet i forhold til det eg ønsker. Fann att ei kule med 99,5% restvekt men synes att ekspansjonen var liten.

    Hastigheten er målt til ca 815-820 ms i mi rifle. (veit att den skulle vore høgare....)

     

    Så eg kjem til å prøve Nosler partition eller Oryx til høsten og håper på ei meir "effektiv" kule.

  12. Dette er heldigvis ikkje noko ein "klarer" kvar dag.

    Flaks/uflaks :?

    Eg har vore nærme tidligere ved eit par anledninger der Nocs på pila har vorte splintra av pil nr 2. Har også kløvd fjærene på piler med neste pil men dette var skikkelig treff.

    Prøver å skyte 2-3 piler i kvar serie for å prøve å unngå skader på fjær og piler. Er rimelig god presisjon når den som drar i strengen gjer det han skal :oops:

    Måtte bruke kniv for å kutte opp karbonen for å få pilene fra kvarandre.

    Bakerste pila gjekk ca 12-13 cm inn i den første.Ser att firbrene har strekt seg mykje uten å ryke. Utrulig styrke i Karbon:-)

  13. Min første Robin Hood.

    Litt ergelig med ei ødlagt pil men litt moro og då :lol:

     

    2ajotc2.jpg

     

    33v0uph.jpg

     

    chrbo.jpg

     

    Får fine samlinger når ein har fått fintuna buen.

    Skyteavstand 14 meter.

     

    axo3f7.jpg

     

    Er imponert over presisjonen som PSE stinger NI gir.

  14. Min erfaring er att avstandene virker lenger i måneskinn.Så enig med villreinjegeren att det kan være lurt å sette opp staur ol på 50-75-100 meter eller på den avstanden du synes det er forsvarlig å skyte på.

    Avstander over (ca)100 meter skyt ikkje eg på i måneskinn,men det er meg.

    Synes det vert vanskelig å beregne vinkelen på dyret og finne riktig treffpunkt i bogen når avstanden vert over ca 100 meter.Men dette har både med kva bakgrunn det er,Måne,snø eller rim på bakken osv.

    Bruk tid på å vurdere vinkelen på dyret.Eg synes det er enklare å beregne vinkelen på dyret, når det er fleire dyr i lag.

    Då kan ein lettare sjå kva dyr som står gunstigast til,dvs breisida mot deg.

     

    Skaut høsten siste hjort, for mitt vedkommande,natt til Manda kl 00.30.Avstanden var 80 meter.Fullmåne.Dette var på dyrka mark.

    Kunne heilt greit sjå fargenyansane i pelsen på fjorkolla gjennom kikkertsiktet. traff midt i bogen-begge lunger gjennomskutt.

×
×
  • Create New...